Hjem

Samfunnsøkonomi, årsstudium

Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg ein metode til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.
  • Lengde1 år
  • Ordinær52,8
  • Primær48,3
  • Plassar50
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på årsstudiet i samfunnsøkonomi ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. 

Frammøte: Studiestart er måndag 12. august.

Program: Her finn du program for studiestarten.

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på Ny student-siden.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Informasjonssenteret på 55 58 98 50 eller studierettleiar.svfa@uib.no.  

Kva lærer du? 

Du får ei grunnleggande innføring i 

  • samfunnsøkonomi som fag 
  • mikro- og makroøkonomi 
  • metode for samfunnsøkonomiske analysar og matematikk for økonomar, statistikk og økonometri 

Fem gode grunnar til å studere samfunnsøkonomi

Studiekvardag 

Årsstudiet i samfunnsøkonomi er eit studium på fulltid. Det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper har du undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.  

Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV). Du finn lesesalplassar i Ulrike Pihls hus og på SV-biblioteket. Mesteparten av undervisninga vil vere i Ulrike Pihls hus og SV-bygget

Meir informasjon under

Velg samfunnsøkonomi ved UiB

Producer:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging

Årsstudium i samfunnsøkonomi varar i eitt år (to semester) og startar i august. Årsstudiet svarar til det første året av bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

  • ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON140 Matematikk for økonomar (10 studiepoeng)
  • ÅRSV-SØK Valemne samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

2. semester

  • ECON110 Mikroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Vidare studiemoglegheiter 

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men det kan inngå som del av ein bachelor i samfunnsøkonomi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i samfunnsøkonomi. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 92 00 

E-post: studieveileder.econ@uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her