Hjem

Samanliknande politikk, årsstudium

Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar25
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, på same måte som den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lever i. Vi finn store variasjonar innanfor enkelte land over tid, så vel som mellom land.

Solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie er ofte eit vilkår for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Globalisering tilseier også at det er behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Faget legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapleg.

Samanliknande politikk passar for deg som er interessert i politikk og samfunnsspørsmål og som er interessert i korleis politiske system i andre land fungerer, samt politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Priscilla Du Preez/unsplash.com

Kvifor velje årsstudium?

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for å komplettere tidlegare utdanning, eller om du berre vil studere i eit år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i samanliknande politikk gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i samanliknande politikk. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i samanliknande politikk eller masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Oppbygging

Årsstudium i samanliknande politikk går over to semester og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.

Årsstudium med innføringsemne

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i samanliknande politikk.

1. semester

  • EXPHIL-SVEKS/EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum (ex.phil.) - skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
  • SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk (10 studiepoeng)
  • SAMPOL103 Politiske ideologier (10 studiepoeng)

2. semester

  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

  • SAMPOL115 Democracy and Democratization (15 studiepoeng)
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)

2. semester

  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Årsstudiet i samanliknande politikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 5-11 timar med undervising i form av forelesingar, seminargrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving. Undervisningsmengda vil variere frå emne til emne.

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som sampol-student høyrer du til Det samfunnsvitskaplige fakultet. Her vil du finne lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Lauritz Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 

Kva lærer du

Med årsstudium med spesialiseringsemne vil du:

  • få kjennskap til ulike demokratiteoriar og omgrep
  • tileigne deg grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter innan samfunnsvitskapleg metode
  • vere i stand til å kunne drøfte variasjonar mellom land og korleis likskapar og skilnader kan bli forklart

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her