Hjem

Bachelorprogram i design

Har du lyst til å påverke omverda og tinga du omgir deg med? Er du kreativ og har skapartrong? På designstudiet lærer du å gi idéane dine form. Hos oss på KMD kan du studere møbeldesign og interiørarkitektur, eller visuell kommunikasjon.
  • Lengde3 År
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i design vil du ha ferdigheiter og kompetanse til å jobbe som designar på eit profesjonelt nivå. 

Som student får du tilgang til å arbeide i verkstader og spesialrom. Læring skjer for ein stor del gjennom praktisk og eksperimentelt arbeid. Basert på ei praktisk tilnærming får du erfaring med å skape og forstå design i mange ulike samanhengar.  

Bachelorprogrammet i design har to studieretningar: 

  1. Møbel- og romdesign/interiørarkitektur handlar om relasjonen mellom menneske  og omgivnader. Som student lærer du å formgi møblar, gjenstandar, rom og arkitektur . Studieretninga vektlegg tema som form, materialar, farge, lys og ergonomi. 

  2. Visuell kommunikasjon handlar om  korleis idear og meiningsinnhald kan bli formidla gjennom ulike grafiske og kunstnariske verktøy, materialar og medium. Du vil lære om typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilete og animasjon, alle uttrykksformer for å gjere idéar synlege, tenkelege og forståelege for andre.

Les heile lista over læringsutbyte på dette programmet.

Studiekvardag

Som ein av få designutdanningar i verda får du allereie som bachelorstudent tilgang til våre verkstader, spesialrom og kunst- og designfaglege bibliotek. I tillegg får du hos oss din eigen arbeidsplass i det nye bygget vårt på Møllendal i Bergen. 

På denne utdanninga er det tett kontakt mellom studentar og rettleiarar. På verkstadene og i undervisninga vil du bli rettleia av fagleg aktive designarar på internasjonalt nivå, både når du arbeider sjølvstendig eller har felles undervisningaktivitar. 

Fagleg dialog mellom studentane og utvikling av fagleg fellesskap er viktig. 

Gjennom studentaktiv og prosjektbasert undervisning lærer du å ta ansvar for eiga utvikling, og vi legg  vekt på stor grad av sjølvstendigheit. Studiet krev mykje øving og utforsking, og vi forventar at du bidrar  aktivt i både organiserte og sjølvstyrte aktivitetar. 

Utover i utdanninga får prosjektarbeid ein større plass. Som student vil du få erfaring med reelle problemstillingar og eksterne oppdragsgivarar. Prosjekta blir avslutta med ein felles gjennomgang der studentane presenterer arbeida sine og får fagleg tilbakemelding frå rettleiarar og medstudentar. 

Kva kan du jobbe som? 

Designarar jobbar i offentlege og private bedrifter. Mange er gründerar som startar små bedrifter eller enkeltpersonføretak. 

Med spesialisering i visuell kommunikasjon kan du blant anna jobbe med 

  • illustrasjon 
  • grafisk design 
  • redaksjonell design 
  • animasjon 
  • teikneseriar 
  • målretta kommunikasjon knytt til visuell identitet og rørlege bilde 

Med spesialisering i møbel- og romdesign/interiørarkitektur kan du jobbe med 

  • utforming av rom, møblar og objekt 
  • design av møblar og andre gjenstandar,  enten for enkeltprosjekt eller for industriell produksjon  
  • utforming og planlegging av rom  og interiørarkitektur 
  • bruk av fagkompetanse på andre område der relasjonen mellom menneske og omgivnader står sentralt 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle opptakskrava

Søknadsfristen er 15. april.  

Søk her 

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i design er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.  

Programmet har to studieretningar: 

  • Møbel- og romdesign/interiørarkitektur 
  • Visuell kommunikasjon 

Utdanninga er bygt på ein progresjonsmodell med vekt på meistring, sjølvstende og tilhøyring i fagmiljøet. I takt med at du utvidar kunnskapsgrunnlaget ditt, møter du faglege utfordringar som aukar i kompleksitet, i eit fagmiljø som anerkjenner at det å ta risiko og feile kan vere like utviklande som andre læringserfaringar. 

Dei tre studieåra i bachelorprogrammet kan samanfattast slik: 

  • første år: Grunnlag, orientering og utprøving 
  • andre år: Kontekstualisering og relasjonar, eksperimentering, spesialisering og individuell fagleg utvikling 
  • tredje år: Samarbeid, profesjonalisering og gjennomføring 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling til utlandet i fjerde semester. KMD og Institutt for design har inngått utvekslingsavtalar med mange interessante studiestader. Oversikt over alle utvekslingsavtalane finn du her

Informasjon om utveksling 

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bestått bachelorutdanning kan du søke opptak til UiBs masterprogram i design eller eittårig praktisk-pedagogisk utdanning

 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 73 00 

E-post: studieveileder.kmd@uib.no

Studieplan

Studieplan Design, bachelor