Hjem

Retorikk, bachelor, 3 år

Retorikk er læra om korleis ein appellerer til medmenneska sine på ein overtydande måte. Liker du samfunnsfag, politikk, norsk, kunstfag og språkfag? Har du lyst å bli ein mykje betre formidlar? Då er retorikk riktig fag for deg.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Nokre av spørsmåla vi er opptekne av å finne svar på, er:  

  • Kvifor blir vi påverka og overtydde av enkelte personar, men ikkje av andre?  
  • Kva gjer ei form for retorikk god og ei anna problematisk eller ineffektiv? 

Aldri før har vi vore omgitt av så mange informasjonskanalar som no. Då er det spesielt viktig å vere i stand til å forstå korleis kommunikasjon vert nytta strategisk. Fleire av verkemidla som blir nytta kjenner ein allereie frå antikken, men å spele på folk sine følelsar er like relevant for ein talar i dag som det var då Aristoteles levde. 

Ordskiftet har blitt polarisert, og retorikken er skjerpa. Dette legg nye føringar på korleis ein skal forstå det som skjer rundt oss, mellom anna i politikken. Dersom ein forstår dei retoriske grepa som nyttast er en sjølv betre rusta til å forstå, og delta i samtalen, og retorikarar kan både analysere og kommentere utviklinga i samfunnet. Det kan også være nyttig i næringslivet, då du lærer deg kunsten å kommunisere klart og med overtyding.  

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i retorikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Praktiske øvingar 

Undervisninga og pensum er på norsk og engelsk. Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning 6-12 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium 

Retorikkstudiet har ei stor spennvidde. Du kan spesialisere deg i fagretningar så ulike som medievitskap og filosofi. Du kan òg forme studiet slik du ønsker, og du er omgitt av svært kompetente fagfolk som har kontroll på nær sagt alle områder av retorikken og omkringliggjande fagfelt.  

Du kan nytte lesesalane på Sydneshaugen skole, eller på HF-biblioteket.  

Meir om studiekvardagen ved HF

Karriere 

Med dette studiet får du generelle kunnskapar som kan nyttast i mange jobbar. Du tileignar deg spesialkunnskap innanfor formidling og kommunikasjon. Gjennom spesialisering i ulike valemne kan du i tillegg skjerpe kompetansen på det området du brenn for, eller som arbeidsgivar ser etter. 

Studentar med bachelorgrad i retorikk spesialiserer seg i vidt forskjellige tema, og dei jobbar med svært ulike ting. Dette kan til dømes vere:  

  • som akademikarar 
  • i kommunikasjonsbransjen 
  • med formidling 
  • med informasjonsarbeid 
  • med journalistikk  

UiB har i dag ikkje noko masterprogram i retorikk. Med den rette kombinasjonen av fagemne, kan graden gje grunnlag for opptak til mastergrad i eit anna fag. Ved å velje frie studiepoeng strategisk, kan du kvalifisere deg til masterprogram i medievitskap og filosofi

Du kan òg søke opptak til eit toårig masterprogram i retorikk ved eit anna universitet, gjerne i Oslo eller i København.  

Kva lærer du?  

Med ein bachelorgrad i retorikk, kan du:  

  • nytte retoriske omgrep og fagspesifikk kunnskap på problemstillingar knytt til  kommunikasjon og formidling 
  • finne, vurdere og referere til kunnskap om retorikk på ein fagleg relevant måte 
  • formidle og reflektere over retorisk formidling i ulike sjangrar, medium og situasjonar 

Sjå heile lista over læringsutbyte.

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i retorikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, ei spesialisering på 90 studiepoeng og valfrie emne på 60-70 studiepoeng. 

Studiet kan sjå slik ut: 

1. semester (haust)  

  • Ex.phil. (10 studiepoeng) 
  • Ex.fac. (10 studiepoeng) 
  • RET100 Innføring i retorikk (10 studiepoeng) 

2. semester (vår)

  • MEVI104 - Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)  
  • RET102 - Klassisk retorikk (15 studiepoeng)  

3. semester (haust)  

4. semester (vår)  

5. semester (haust)  

6. semester (vår) 

  • Valemne i retorikk (15 studiepoeng) 
  • Valemne i retorikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng) 

Det vil vere mogleg å velje ei anna rekkefølgje på emna i programmet, for eksempel ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.  

Her finn du den detaljerte studieplanen

Sjå oversikt over alle kurs

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i femte eller sjette semester. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, enten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB. Nokre av dei aktuelle landa er Danmark, Tyskland og England

Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.  

Les meir om utveksling.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her