Informatikk: Datateknologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær55,5
- Primær48,1
- Plassar64
- OpptakskravMATRS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Du lærer ikkje berre prinsipp, teknikkar og metodar for programutvikling. Du får òg trening i praktisk problemløysing. Slik utviklar du dei kreative og analytiske evnene dine.
Ei viktig utfordring innanfor programutvikling er at systema er så store og kompliserte at menneska mister oversikta over dei. Du lærer derfor teknikkar for å forenkle uoversiktlege system slik at menneske og maskiner kan handtere dei. Slik blir systema robuste i bruk uansett om det er snakk om eit mobilspel, ein kontorapplikasjon eller eit banksystem.
Informatikk er vitenskapen som ligger bak enhver programvare, fra enkelte dataprogram, mobilapper og spill, til store IT-systemer, databaser og nettportaler. Du lærer å programmere i fleire språk, først Python, så Java, og seinare Haskell.
Meir informasjon under
Linjeprat: Datateknologi | Informatikk på UiB
Jobb
Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spanande og varierte jobbar nær sagt overalt. Typiske jobbar er systemutviklar og IT-konsulent.
Du kan jobbe i
- IT-bransjen
- finans- og bankvesen
- oljeindustrien
- forsikring
- konsulentverksemder
Her jobbar våre tidlegare studentar no.
Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til masterprogram i informatikk eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk: datateknologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester:
- INF140 Introduksjon til datasikkerheit (10 studiepoeng)
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- MAT111 Grunnkurs i matematikk (10 studiepoeng) eller MAT101 Brukerkurs i matematikk (10 studiepoeng)
2. semester:
- INF115 Databasar og modellering (10 studiepoeng)
- INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
- MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester:
- INF122 Funksjonell programmering (10 studiepoeng)
- INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
- INF113 Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)
4. semester:
- INF222 Programmeringsspråk (10 studiepoeng)
- INF112 Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)
- Ex.phil. Kva er ex.phil.? (10 studiepoeng)
5. semester:
- INF226 Programvaresikkerhet (10 studiepoeng)
- INF214 Multiprogrammering (10 studiepoeng)
- Valemne
6. semester:
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet rettleie og hjelpe deg til å bli ein god programmerar og problemløysar.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Det er òg 4 emne du kan velje heilt fritt blant tilbodet til UiB.
Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- kan utvikle programvare.
- har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling.
- kan på eigenhand utvide sin kunnskap.
Sjå heile lista over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Spania, Hong Kong, USA eller Tyskland,eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS: Matematikk S1+S2 eller Matematikk R1.
Søknadsfristen er 15. april.