Hjem

Felles masterprogram i programvareutvikling

Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskulen på Vestlandet (HVL), som vil gi eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programutvikling.
  • Lengde2 År
  • Plassar32
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Programutvikling bruker idear og teknikkar frå informatikken til å løyse problem og utfordringar vi står overfor i verda i dag. Programutviklarar tar for seg område som  

  • optimal yting i skya   
  • behandling av vitskaplege bildedata (t.d. frå medisinske eller geologiske instrument) i sanntid  
  • utviklinga i programmeringsspråka over tid  
  • optimalisering av digitale ressursar som fleirlagskart for best yting  
  • visualisering av fleirdimensjonale data for å gjere dei enklare å arbeide med og skjøne  
  • utvikling av sikre databehandlingssystem som òg er etiske  

Mastergraden er ein fellesgrad med Høgskulen på Vestlandet (HVL).   

Jobb

Med ein grad i programutvikling er jobbutsiktene nesten grenselause. Alle sektorar treng fleire og fleire personar med programmeringskompetanse, så det er svært mykje opp til degkva du gjer med den nye utdanninga.  

Kandidatar frå dette programmet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor. Dei blir konsulentar, får seg ei stilling ved forskingsinstitutt, arbeider for den norske staten eller utviklar produkt for næringslivet. Nokre kandidatar held fram med doktorgrad, der dei ofte bygger vidare på arbeidet i masteroppgåva.   

Arbeidsgivarar ser på programutviklingskandidatar som dedikerte, dyktige og godt førebudde på arbeidet med å løyse interessante utfordringar.  

Oppbygging

Programmet dekker to studieår (fire semester) og startar vanlegvis på hausten. Det er eit supplerande opptak med oppstart på våren.

Graden er på 120 studiepoeng. Man velgjer ei masteroppgåve som er på enten 60 eller 30 studiepoeng.  I tillegg tar man emne.

Tilrådd studieplan med kort masteroppgave (30 studiepoeng):  

1. semester:   

  • INF234 Algoritmar (10 studiepoeng) 
  • DAT250 Avanserte programvareteknologiar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  

2. semester:   

  • INF222 Programmeringsspråk (10 studiepoeng)     
  • DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  

3. semester: 

  • Valfag

4. semester: 

  • Masteroppgåve  

Tilrådd studieplan med lang masteroppgave (60 studiepoeng):  

1. semester:   

  • INF234 Algoritmar (10 studiepoeng) (anbefalt valemne)
  • DAT250 Avanserte programvareteknologiar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)  
  • Valemne

2. semester: 

  • INF222 Programmeringsspråk (10 studiepoeng)    
  • DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  

3. og 4. semester:

  • Masteroppgåve

Valemne må veljast i samråd med rettleiaren din. Alternativ kan vere INF210, INF223, INF225INF226, INF329  eller matematikkemne ved UiB, eller DAT355, DAT254, DAT259 eller andre emne ved HVL.  

Studiekvardag

Du vil oppleve at institutt for informatikk er vennleg og imøtekomande, med mange internasjonale studentar og tilsette. Som masterstudent får du ditt eige skrivebord ved instituttet.   

Masterprogrammet i programutvikling blir undervist som ein kombinasjon av PC-laboratoriearbeid, seminargrupper og førelesinger. Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 6 timar per veke. Sjølv om det berre er obligatorisk å delta i laboratoriearbeid, rår vi deg til å vere med på alle læringsaktivitetane for å få mest mogleg ut av studieprogrammet. Undervisninga i emnet er vanlegvis på engelsk, med mindre alle studentane snakkar godt nok norsk.  

I det første semesteret finn du rettleiaren din og møter forskingsgruppa di. Det andre året av programmet vil du bruke til å planlegge, gjennomføre og skrive masteroppgåva di.  

Kva lærer eg?

Du vil fullføre studieprogrammet med brei kunnskap om moderne programutviklingspraksis og om det delområdet du har skrive masteroppgåve. Du  

  • kan utvikle, bygge og teste ganske store informasjonssystem  
  • forstå dei teoretiske, praktiske og etiske problemstillingane innanfor programutvikling og vitskapeleg forsking   
  • kan bruke kunnskapen på ulike område (t.d. byggeteknikk eller medisinsk bildebehandling)  
  • kan innovere og vidareutvikle programutviklingsfeltet  

Fullstendig liste over læringsutbytte 

Utveksling

Du kan velje å ta eitt semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre.   

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.  

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:  

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINFBAMN-DSIKBAMN-DTEKBAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)  
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner  
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:  

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL  
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL  

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:  

Korleis søke

Meir informasjon om generelle opptakskrav og søknadsprosedyrar finn du i følgande lenker: 

Du må også oppfylle dei spesifikke opptakskrava for studieprogrammet

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.