Hjem

Matematikk, bachelor, 3 år

Matematikk er essensielt for å forstå og løyse dagens utfordringar innan klima og fornybar energi, men matematikk er og eit fag for å forklare meir abstrakte problem som til dømes Einsteins relativitetsteori eller superstrengteorien.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Moderne teknologi er utenkjeleg utan matematikk, og kunnskap om matematikk er ein føresetnad for å kunne treffe kvalifiserte vedtak om nesten alle forhold i det moderne samfunnet. 

Som matematikar vil du vere i stand til å analysere og løyse matematiske problemstillingar. Dette er kompetanse som det er bruk for i ei rekke jobbar innanfor mange ulike bransjar.  

Meir informasjon under

Studer matte, fysikk eller kjemi ved UiB

I løpet av studietida får du grunnleggande kunnskapar i matematisk analyse, lineær algebra, abstrakt algebra og topologi. Du kjem også til å få solid kjennskap i å lese og forstå matematiske tekstar og høve til å fordjupe deg i faget ved å skrive eit eige prosjektarbeid. 

Nokon av dei viktigaste eigenskapane du treng for å studere matematikk, er nysgjerrigheit og trong til utforsking. Når du studerer matematikk ved Universitetet i Bergen, har du stor fagleg fridom. Dette gjer at du kan velje å kombinere matematikk med emne frå andre fagfelt som interesserer deg. Men det betyr også at du kan velje berre å fordjupe deg i matematikk, om det er det du ønsker.  

Les meir om matematikk på UiB 

Meir informasjon under

Studer matematikk

Produsent:
Arne Brandseth

Jobb

Med bachelorgrad i matematikk lærer du å utvikle og analysere modeller, bruke metodar og utvikle desse videre, noko som er ein viktig kompetanse du kan bruke i vidt forskjellige fagfelt. Du blir ein medarbeidar med god forståing for utrekningane som ligg bak avanserte og komplekse analyser, og ein som forstår kvifor talet som kjem ut av utrekningsmodellane er riktig, eller feil. 

Som matematikar vil du vere kvalifisert til å arbeide i utviklingsavdelinga ved ei bedrift, innanfor kommunikasjon, finans og teknologi. Matematikar er sjeldan en arbeidstittel, men matematikarar jobbar i bedrifter og offentlege verksemder som treng ein eller fleire som kan jobbe med tall og analyse. 

Studentane våre jobbar til dømes: 

  • I konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman.  
  • med forsking og undervisning på lærar- og ingeniørhøgskolar, forskingsinstitutt og universitet

Du må rekne med å spesialisere deg vidare internt på arbeidsplassen etter fullført bachelorgrad, men du vil stille med eit betre teoretisk fundament enn mange av kollegaene dine gjer. 

Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er masterprogrammet i matematikk. Du vil vere kvalifisert til ei rekke andre masterprogram også, avhengig av valemna i bachelorgraden din. Med ein mastergrad blir du  meir attraktiv på arbeidsmarknaden. 

Les meir om jobbmoglegheitene dine

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Programmet inneheld mange valemne. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik kan studiet sjå ut:  

1. Semester, haust:   

  • INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng) 
  • MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 
  • MAT100** Innføring i matematikk (10 studiepoeng)

2. semester, vår:   

  • MAT112 Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 
  • MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng) 
  • valfritt emne (10 studiepoeng) 

3. semester, haust:  

  • MAT211 Reell analyse (10 studiepoeng) 
  • MAT212 Funksjonar av fleire variable (10 studiepoeng) 
  • valfritt emne (10 studiepoeng) 

4. semester, vår:  

5. Semester, haust: 

6. Semester, vår:  

  • MAT292 Prosjektarbeid i matematikk (10 studiepoeng) 
  • MAT243* Mangfaldigheiter (10 studiepoeng) 
  • valfritt emne (10 studiepoeng) 

* Berre eit av emna trengst for å oppnå ein bachelorgrad i matematikk, men alle fire er anbefalt. Minst to av emna trengst for opptak til master i Matematikk. 

** Innføringsemne, men ikkje obligatorisk for graden/spesialiseringen

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen

Som matematikkstudent blir du del av eit godt studiemiljø. Våre tidlegare studentar har sett stor pris på fridomen i studieprogrammet, den store mengda utvekslingsavtalar programmet har rundt om i verda og moglegheita til å fordjupe seg i det man er mest interessert i. I tillegg kjem gode forelesarar, eit solid matematisk grunnlag for vidare studiar, og gode jobbmoglegheiter. Bachelorprogrammet i matematikk er eit av studieprogramma ved UiB som har dei mest nøgde studentane, ifølgje studiebarometeret.   

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervising i form av forelesningar, seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing, kollokviegrupper og “orakel” - grupper med ein eldre student til stades som hjelper deg. 

Som bachelorstudent i matematikk kan du bruke fleire lesesalar og kollokvieøyer (sofagrupper) på Realfagbygget.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.   

Studiet inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering og ex.phil., som er obligatorisk. 

Dette er eit program med mye valfridom. Studiet inneheld 80 frie studiepoeng (valemne). Her kan du velje fritt blant alle fag, eller du kan bruke dei til vidare spesialisering i matematikk. Du vel også tema for bacheloroppgåve sjølv, og om du vil reise på utveksling. 

Slik er ditt første studieår som matematikkstudent

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Produsent:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du?

Ein student med bachelorgrad i matematikk 

  • meistrar grunnleggjande matematiske felt som matematisk analyse og algebra. 
  • kan bruke metodar frå fleire greiner av matematikk. 
  • kan gå inn i kompliserte problemstillingar, kjenne att struktur og formulere eit problem matematisk, finne fram til eigna løysingsmetodar og tolke løysingane.  

Utveksling

Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke?

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her