Anvendt matematikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar10
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Matematiske likningar har lenge vore eit viktig verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi. I dag er det ein sterk auke i bruken av matematiske utrekningar på nye fagfelt som medisin, biologi, økonomi og samfunnsfag. Ein konsekvens av dette er at ein må ha djupare forståing av korleis problemstillingar kan formulerast ved hjelp av likningar, og korleis desse likningane kan løysast ved hjelp av datamaskiner. Studiet i anvendt matematikk gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs innanfor andre fagfelt, som for eksempel fysikk, informatikk, biologi og økonomi.
Som student hos oss vil du få moglegheit til å fordjupe deg i:
- fornybar energi
- CO2-lagring
- bildebehandling
- havmodellering
Gjennom studiet vil du få kunnskap i grunnleggjande matematisk teori, lineær algebra, differensiallikningar, fysikk, statistikk og programmering. Studiet tek for seg både det teoretiske og metodiske grunnlaget for bruksretta matematikk, og korleis problem innanfor naturvitskap og teknologi kan løysast med matematiske teknikkar og simuleringar.
Meir informasjon under
Studer matematikk
Jobb
Med bachelorgrad i anvendt matematikk lærer du å utvikle og analysere modeller, bruke metodar og utvikle desse videre, noko som er ein viktig kompetanse du kan bruke i vidt forskjellige fagfelt.
Personar som kan rekne og løyse viktige problem er etterspurde, og dei endar ofte i leiande stillingar etter ei tid.
Våre studentar får yrke som forskingsingeniør, analytikar, forskar, Data scientist m.m., og har for eksempel fått jobb
- i industrien (Odfjell Drilling, Statoil, GexCon m.m.),
- i forskingsinstitutt (Havforskningsinstituttet, UNI Research, Christian Michelsen Research, Nansensenteret)
- ved høgskolar/universitet
Etter en bachelorgrad i anvendt matematikk vil du vere kvalifisert til ei rekke masterprogram, avhengig av valemne. Ei naturlig fortsetting er masterprogram i anvendt og utrekningsorientert matematikk, der du kan velje blant mange ulike spesialiseringar.
Les meir om jobbmoglegheitene dine
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i anvendt matematikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik kan studiet sjå ut:
1. Semester, haust:
- MAT100* Innføring i matematikk (10 studiepoeng)
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
2. Semester, vår:
- MAT112 Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
- MAT131 Differensiallikningar (10 studiepoeng)
3. semester, haust:
- MAT160 Innføring i numeriske metodar (10 studiepoeng)
- MAT212 Funksjonar av fleire variable (10 studiepoeng)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
4. Semester, vår:
- PHYS111 Mekanikk 1 (10 studiepoeng)
- EXPHIL seminarmodell eller eksamensmodell (10 studiepoeng)
- Ett valfritt emne (10 studiepoeng)
5. semester, haust:
- Tre valfrie emne (30 studiepeoeng)
6. semester, vår:
- MAT264 Laboratoriekurs i reknevitskap/utveksling (10 studiepoeng)
- to valfrie emne (20 studiepoeng)
* Innføringsemne, men ikkje obligatorisk i graden/spesialiseringen
Studiekvardagen
Som matematikkstudent blir du del av eit godt studiemiljø. Våre tidlegare studentar har sett stor pris på fridomen i studieprogrammet, den store mengda utvekslingsavtalar programmet har rundt om i verda og moglegheita til å fordjupe seg i det man er mest interessert i. I tillegg kjem gode forelesarar, eit solid matematisk grunnlag for vidare studiar, og gode jobbmoglegheiter.
Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervising i form av forelesningar, seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing, kollokviegrupper og “orakel”, grupper med ein eldre student til stades som hjelper deg.
Som bachelorstudent i matematikk kan du bruke fleire lesesalar og kollokvieøyer (sofagrupper) på Realfagbygget.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.
Studiet inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering, som er obligatorisk:
- Åtte emne innanfor matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar, statistikk og programmering.
- Eitt prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester.
- Eitt emne i fysikk.
Dette er eit program med mye valfridom. Studiet inneheld 70 frie studiepoeng (valemne). Her kan du velje fritt blant alle fag, eller du kan bruke dei til vidare spesialisering i matematikk. Du vel også tema for bacheloroppgåve sjølv, og om du vil reise på utveksling.
Slik er ditt første studieår som matematikkstudent
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Ein student med bachelorgrad i anvendt matematikk:
- kan gjennomføre matematisk modellering av prosessar i naturvitskap, industri og ressursforvaltning.
- Kan vurdere modellar og utrekningsverktøy for bruk innan andre fagområde.
- Kan bruke metodar for analyse og kvantitativ løysing av matematiske modellar.
Sjå full liste med læringsutbyte.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i femte og/eller sjette semester. Vi har avtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april.