Medier og kommunikasjon, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær47,1
- Primær44,2
- Plassar60
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
På bachelorstudiet kan du fordjupe deg i område som strategisk kommunikasjon, sosiale medium, mediebruk, film, TV-seriar, dataspel, journalistikk og medieteknologi.
- Kva betyr sosiale medium i samfunnet?
- Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon?
- Korleis kan vi forstå film, tv og dataspel som kulturformer?
- Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media?
Studiet passar for deg som er samfunnsengasjert og vil arbeide med formidling, medier og kommunikasjon. Mediesamfunnet er i rask endring, og det vil i framtida vera eit aukande behov for folk som kan analysere og forstå utviklinga og som kan produsere medieinnhald.
Meir informasjon under
Bachelor i medier og kommunikasjon
Jobb
Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon gir deg grunnleggande kompetanse til å arbeide med formidling og kommunikasjon i privat og offentleg sektor, i mediebedrifter, organisasjonar og kulturlivet.
Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er:
- kommunikasjonskonsulent
- informasjonskonsulent
- journalist
- kulturarbeidar
Om du vil auke jobbmoglegheitene dine eller jobbe med forsking, kan du ta masterprogrammet i medier og kommunikasjon.
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon er eit treårig fulltidsstudium (180 studiepoeng) som startar i august.
Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei to neste semestera tek du obligatoriske spesialiseringsemne. I løpet av dei tre siste semestera i graden skal du ta to semester med valfrie emne og eitt semester med valemne i spesialiseringa i medier og kommunikasjon og bacheloroppgåve. Valfrie emne vel du ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, dra på utveksling eller ta 60 studiepoeng i et anna fag som gir deg undervisningskompetanse.
Semester 1
- MEVIX100 Introduksjon til media og kommunikasjon (20 studiepoeng)
- EXPHIL-SVSEM/ EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
Semester 2
- MEVI102 Mediebruk: Teori og metode (15 studiepoeng)
- MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)
Semester 3
- MEVI101 Medier: Institusjonar og bransjeforståing (15 studiepoeng)
- MEVI103 Medieestetikk: Fortolking og analyse (15 studiepoeng)
Semester 4-6
- Valfrie emne / utveksling (60 studiepoeng)
- Valemne i spesialiseringa (15 studiepoeng)
- Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
Studiekvardag
Arbeidsmengda varierer frå semester til semester, alt etter kva kurs du tar. Normalt vil du ha ei forelesing og eitt seminar i veka. I tillegg til dette kjem mellom 4-12 timar med workshops, som vi har på fleire av kursa. På alle kursa må du setje av tid til sjølvstudium. Du kan sjølv organisere lese- eller arbeidsgrupper i lag med medstudentar.
Alle kurs som inngår i spesialiseringa i medier og kommunikasjon har obligatorisk undervisningsaktivitet som du må bestå før du kan gå opp til eksamen. Det er obligatoriske arbeidsoppgåver på dei fleste av kursa. Du skal skrive ei bacheloroppgåve i løpet av studieløpet, som ein del av spesialiseringa.
Det er lagt opp til ei aktiv læringsform slik at du på seminar, workshops og arbeidsgrupper vil produsere medieinnhald, lage medieundersøkingar, halde talar eller presentasjonar. Du må òg gi tilbakemelding til medstudentar sine presentasjonar eller oppgåver. Undervisninga går føre seg på norsk, skandinavisk og engelsk. Det same gjer litteraturen. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som student på bachelorstudiet i medier og kommunikasjon vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på blant anna Ulrike Pihls hus og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på Ulrike Pihls hus eller på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus).
Fakultetet har også ein ny studentkafé, Diskuterbar, der du kan ha sosiale eller faglege møte med dine medstudentar over ein kopp kaffi.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva lærer du
Som student på dette programmet vil du tileigne deg mykje kunnskap om kommunikasjon og om media og deira rolle i samfunnet. Du vil mellom anna:
- få grunnleggjande kunnskap om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald.
- få grunnleggjande kunnskap om den norske mediebransjen, og om historia bak organiseringa av ulike medier.
- kjenne betydinga, funksjonen til og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentlegheita.
Utveksling
På bachelorstudiet i medier og kommunikasjon kan du reise på utveksling i eitt eller to semester i anten fjerde, femte eller sjette semester. Universitetet i Bergen har over 1200 utvekslingsavtalar. Du kan anten dra til eitt av dei nordiske landa, til Europa, eller til Asia, Amerika, Afrika eller Australia. Vi tilrår å ta frie studiepoeng på utveksling, men du kan og ta kurs som kan inngå i spesialiseringa i medier og kommunikasjon.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.