Hjem

Digital kultur, master, 2 år

Teknologi har innverknad på oss kvar einaste dag, men vi kan også ha ein innverknad på teknologien.
  • Lengde2 År
  • Plassar9
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

På digital kultur ser vi nærare på korleis vi kontrollerer og vel teknologi som kan vere til gagn for samfunnet. 

Aktuell forsking omfattar  

  •  elektronisk litteratur og digital kunst 
  •  maskinsyn (Machine Vision) og kulturell påverking 
  •  digital humaniora 
  •  praksisbasert forsking inn i nye narrative former 

Gjennom masterstudiet i digital kultur lærer du å reflektere kritisk kring tema som teknologihistorie og teknologikultur, og du får praktisk erfaring med webdesign og andre kreative webprosjekt. Aktuelle tema for masteroppgåva kan vere e-bøker, selfies, dataspel og læring, og digital poesi.

Tidlegare studentar har fått jobb innan ulike felt som journalistikk, webdesign, undervising, innovasjon, kunst, kultur og programmering.

Meir informasjon under

Studer digital kultur i Bergen

Jobb

Våre tidlegare studentar arbeider i så ulike fagfelt som  

  • teknologijournalistikk 
  • webdesign, undervising 
  • administrasjon og utvikling av bedriftsinformasjonssystem 
  • nyskaping i mobiltenestebransjen 
  • kunst 
  • kultur  
  • programmering 

Med vår tids raske teknologiske endringar treng vi ikkje berre folk som kan programmere datamaskiner, vi treng også folk som forstår korleis teknologi påverkar oss og veit korleis den digitale teknologien kan brukast til for å forbetre samfunnet. Masterstudiet i digital kultur utdannar fagfolk som kan bruke teknologi på ein kreativ måte og som kan analysere effektane av teknologisk endring.  

Ei humanistisk forståing av digital kultur, som inkluderer historiske, estetiske og etiske perspektiv i tillegg til praktisk erfaring med digitale metodar, gjer at desse fagfolka kan avgjere korleis dei skal utforme og implementere nye teknologiar innan eigne fagfelt. 

Med mastergrad kvalifiserer du deg for undervisingsarbeid og for vidare forskingsarbeid, du kan for eksempel ta ei forskarutdanning (ph.d.) i digital kultur.

Meir informasjon under

Oppbygging 

Første året som masterstudent i digital kultur brukar du til å jobbe med fagemne (60 studiepoeng) og andre året til å skrive masteroppgåve (60 studiepoeng).  

Studieplanen kan sjå slik ut: 

1. semester

2. semester  

  • DIKULT301 - Forskingsmetodar og utvikling av mastergradsprosjekt i digital kultur (15 studiepoeng, obligatorisk) 
  • Eit tilrådd valemne (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester

  • DIKULT350 - Masteroppgåve (60 studiepoeng, obligatorisk)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag 

Sosialt miljø 

Som masterstudent på digital kultur held du til i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Her får du eigen lesesalsplass, og arbeider side om side med andre masterstudentar. Du blir del av eit levande, internasjonalt miljø og får nyte godt av uformell og god kontakt både med studentar og tilsette. 

Om du vil påverke utviklinga av studieprogrammet, kan du stille som studentrepresentant i programstyret for digital kultur, eller du kan arrangere sosiale og akademiske samkomer som del av fagutvalget for digital kultur. 

Arbeidsmengde 

I ei vanleg veke går du på ei eller to førelesingar, og brukar resten av tida til sjølvstudium. Vanlegvis er alle klasseromaktivitetar og innleveringsoppgåver obligatoriske. I tillegg har du seminar og individuell rettleiing.  

Undervisinga er forskingsbasert. Det betyr at metodar, tema og emne vi underviser i er valde ut i samsvar med relevant, ny forsking ved instituttet. 

Du kjem også til å lese og forske mykje på eiga hand. Du kan alltid snakke med dei andre studentane og rettleiaren, om du kjenner at du ikkje kjem deg vidare og treng støtte. 

Masteroppgåve 

Det andre året av programmet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du vel tema for masteroppgåva i samråd med rettleiaren din, og får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen. 

Kva lærer eg 

Digital kultur er eit fagfelt som utviklar seg raskt og er kjenneteikna ved metodologisk pluralisme. Metodar omfattar algoritmiske metodar som blir brukte i koding, historiske metodar, tekstanalyse og forklarande metodar, statistikkmetodar og kvalitative data. 

Med ei mastergrad i digital kultur 

  • har du inngåande kunnskap om eit sentralt tema innan digital kultur  
  • har du kunnskap om og erfaring med fagleg argumentasjon, diskusjon og presentasjon, og veit korleis du skal produsere akademiske tekster på eit avansert nivå.  
  • kan du bruke metodar og analyseverktøy som er nødvendige for å fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor fagområdet du har valt 

Fullstendig liste over læringsutbytte

Utveksling

Du kan bruke eit semester som utvekslingsstudent i utlandet. Vi tilrår særleg eit opphald ved ein av partneruniversiteta våre i NORDPLUS Nordic Digital Culture Network.  

Du kan også studere ved eit av dei andre tilrådde partneruniversiteta, i Hong Kong, Canada, Frankrike, Tyskland, Spania, Finland, Sverige eller Danmark.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her