Lektor nordisk, master, 5 år
- Lengde5 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravLÆRALT
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
På lektorprogrammet diskuterer vi spørsmål som:
- Kva vil det seie å skrive godt?
- Korleis nyttar ein språk i ulike situasjonar?
- Korleis kan litterære tekstar spegle den verda vi lever i?
Nordiskstudiet femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.
Du lærer om korleis dei nordiske språka har utvikla seg, om moderne norsk språk, og teori om ulike språklege fenomen. Vi ser òg på samanhengen mellom språk og samfunn. I andrespråksopplæringa ser vi for eksempel på korleis innvandrarar med ulike morsmål lærer seg norsk.
Litteraturundervisninga gir djupare innsikt i norsk og nordisk tekstkultur. Vi studerer norsk litteratur før og etter 1900, frå sagalitteraturen og Edda-diktinga til sakprosa og nyare fiksjonslitteratur. Du møter sentrale forfattarskap og ulike sjangrar, og får grunnlag for eige arbeid med skjønnlitteraturen.
I fagdidaktikken får du eit grunnlag for djupare refleksjon kring faget og undervisninga i det.
Gjennom studiet og praksis får du undervisningskompetanse i to fag. Du skriv masteroppgåve i nordisk. Begge faga er sentrale skulefag og undervisning i desse faga gir elevane oversikt og innsikt i menneska sine liv frå tidlege tider og fram til i dag. Språk, litteratur og opplæring handlar òg om eksistensielle problemstillingar. Såleis kan studiet gje impulsar til den personlege utviklinga hos deg som student.
Les meir om lærarutdanninga ved UiB
Meir informasjon under
Hvilken lærer har inspirert deg?
Jobb
Arbeidslivet krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Lektorprogrammet gir deg høg språkkompetanse, kulturforståing, formidlingsevne og undervisningskompetanse.
Som lektor med master i nordisk er du formelt kvalifisert til å jobbe som lektor i den vidaregåande skolen og i ungdomsskolen. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag. Norsk er eit viktig fag i skulen, og det trengst fleire norsklektorar. Lektorar frå UiB er ettertrakta i skulen, fordi dei er fagleg sterke, sjølvstendige og reflekterte.
Utdanninga opnar også for andre yrkesvegar innan formidling eller forsking.
Du kan søke deg vidare til ph.d.-programmet etter fullført lektorprogram med mastergrad.
Oppbygging
Lektorprogrammet er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Studiet er sett saman av pedagogikk, didaktikk, praksis og fagfordjuping.
Du vel to ulike fag som blir undervisningsfaga dine som lærar.
Fag 1. Nordisk. Faget du fordjupar deg mest i, og skriv masteroppgåve om.
Fag 2. Vel mellom engelsk, fransk, historie, religionsvitskap, sosiologi, spansk og tysk.
Dette er felles for alle på studiet:
1. semester (haust)
- EXPHIL-HFSEM / EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum (10 stp.)
- EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
- PEDA120 Skulen og lærarrolla, 10 studiepoeng
- KOPRA101 12 dagar praksis
2. semester (vår)
3. semester (haust)
- NOLI103-L Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærarutdanning (10 stp.)
- NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 stp.)
- NODI101 Nordisk fagdidaktikk (5 stp.)
- PEDA121 Ulike vegar til læring (5 stp.)
- KOPRA102, 8 dagar praksis
4. semester (vår)
- Emne i fag 2 (det andre undervisningsfaget ditt) (30 stp.)
5. semester (haust)
- Emne i fag 2 (20 stp.)
- Fagdidaktikk i fag 2 (5 stp.)
- PEDA122 Lærarprofesjonen, skolen og samfunnet (5 stp.)
- KOPRA103, 12 dagar praksis
6. semester (vår)
- Enten NOLI216 Nordisk: Litterær analyse og teorieller NOSP216 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A (15 stp.)
- NODI201 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning (5 stp.)
- Emne i fag 2 med bacheloroppgåve (10 stp.)
7. semester
- NORAN204-L Andrespråkslæring- og undervisning for integrert lektorutdanning (10 stp.)
- Vel eitt emne: NOLI311, NOLI322, NORAN320, NOSP313, eller NOSP316 (15 stp.)
- Fagdidaktikk i fag 2 (5 stp.)
- 28 dagar praksis
8. semester
- NOLISP300-L Nordisk: Prosjektførebuande emne (10 stp.)
- NODI302 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning (10 stp.)
- Pedagogikk (10 stp.)
- 40 dagar praksis
9. semester (haust) og 10. semester (vår)
- NOLISP350 Masteroppgåve i Nordisk (60 stp.)
Studiekvardagen
Lektorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av studiet vil du studere nordisk både som universitetsfag og som undervisningsfag i skolen, gjennom teori og praksis. I praksisperiodane, som er fordelt gjennom studiet, vil du få undervise faget i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på til forskjellige elevgrupper. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve innanfor eit tema du vel i samarbeid med rettleiaren sin. Her får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor ditt interesseområde i eit heilt år.
Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.
Nordisk held til på Det humanistiske fakultetet, HF-bygget på Sydnes i Bergen sentrum. Her finn du òg lesesalar, PC-rom og bibliotek. Dei som jobbar med masteroppgåva sit på ein eigen lesesal.
Du og dei andre studentane kan i tillegg booke undervisningsrom om de ønskjer å jobbe i grupper.
Lektorstudentane ved HF har eit eiga samlingsrom, “Lektors kontor”. Her kan lektorstudentane øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper. Rommet er òg ein sosial møteplass.
Undervisning
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha rundt 16-20 timar undervisning, som forelesningar og seminargrupper. I dei semestera du skriv bacheloroppgåve og masteroppgåve er det mindre undervisning, slik at du kan konsentrere deg om sjølvstudium og skriving. I tillegg vil du ha periodar med praksis ute på ein skole. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.
Undervisninga og litteraturen er i hovudsak på eit skandinavisk språk, noko av støttelitteraturen kan vere på engelsk.
Praksis i skolen
Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga. Til saman skal du ha 100 dagar praksis i løpet av fem år, inkludert forarbeid og etterarbeid. Praksis skal vere både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dei første åra vil det vere kortpraksisperiodar, mens det er langpraksisperiodar i det fjerde året.
UiB ordnar alle praktiske sider ved praksisutplasseringa.
Praksis og emna i fagdidaktikk er obligatorisk.
Masteroppgåva
Gjennom ei sjølvvald masteroppgåve får du fordjupe deg i eit emne som verkeleg interesserer deg. Du vil då få solid rettleiing, ofte òg med kopling til ei større forskargruppe.
Oppgåva er på 60 studiepoeng, så du får ei fordjuping både i temaet ditt og forskingsmetodane i faget.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna lektor med master i nordisk:
- har avansert kunnskap innanfor nordisk språk og litteratur og brei kunnskap innanfor det andre undervisningsfaget
- kan planlegge og leie undervisning som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan reflektere over sin eigen faglege praksis
Sjå full liste over læringsutbyte
Utveksling
Det finst i dag gode alternativ om du vil ta delar av utdanninga i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtalar, og tidlegare studentar har for eksempel reist til Danmark, Island og Tyskland. Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å bli tatt opp til grunnskulelærarutdanningane og femårig lektorutdanning, må søkarar dokumentere anten minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar) eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (for eksempel matematikk S1 og R1) med eit omfang på minst 140 årstimar eller tilsvarande
Ved opptak til studiet må du òg legge fram politiattest.
Søknadsfrist 15. april.