Lingvistikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar8
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på masterprogrammet i lingvistikk, eit studium ved Det humanistiske fakultet.
Studiestart: Velkomstmøte for masterprogrammet ditt
Program: program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen, men noko å notere på kan vere greitt.
Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.
Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no
Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk. Faget søker etter svar på spørsmål som:
- Kva er unikt med det menneskelege språket?
- Språka har uendeleg mange moglege kombinasjonar av ord. Korleis kan vi då skildre dei systematisk og presist?
- Korleis og kvifor deler vi verdsspråka inn i ulike familiar?
I dagens globaliserte og digitaliserte samfunn er fleirspråkleg kommunikasjon viktig. Det er stor etterspurnad etter applikasjonar som handterer språk, m.a. omsetting av dokument, men også språkkonsulenttenester. Personar med utdanning innan lingvistikk har mykje å bidra med på fagfeltet datalingvistikk og språkteknologi (bruk av datateknologi for behandling av naturlege språk).
Europa og Norge vert i større grad fleirspråkleg. Dette medfører at lingvistisk kunnskap er særdeles verdifullt for å forstå språklæring, språkbruk og språkvanskar gjennom hele livsløpet frå tideleg barndom til alderdom særdeles når det er meir enn et språk.
Jobb
Med master i lingvistikk kan du medverke i prosjekt innan språkdokumentasjon, -utdanning og -teknologi, som utforming og oppbygging av digitale ordbøker. Denne type prosjekt er spesielt verdfulle for dei som snakkar minoritetsspråk.
Arbeidsgivarar vil sette pris på ferdigheitene dine som språkkonsulent, og at du kan arbeide sjølvstendig. Evna til å kommunisere både med spesialistar og til allmenta, verbalt og skriftleg, blir sett på som svært nyttig.
Våre kandidatar får jobb i privat og offentleg sektor, både i utlandet og i Noreg. Typiske jobbar finn du innan
- omsetting
- forlagsarbeid
- ordbokutvikling
- kommunikasjon
- informasjonsteknologi
- programmering
- arbeid med personar som har språkproblem
- offentleg administrasjon
Med ei mastergrad kan du halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet er på fire semester og er delt inn i ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Tilrådd oppbygging:
1. semester
- LING306 Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)
- LING310 Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)
2. semester
- LING305 Moderne grammatisk og semantisk teori (15 stp.)
- LING313 Metode for språklege mastergrader (15 stp.)
3. og 4. semester
- LING350 Masteroppgåve (60 stp.)
Studiekvardag
Læringa er hovudsakleg bygd opp rundt seminar, førelesingar og individuell rettleiing. Avhengig av semesteret, skal du delta i 4–9 timar med førelesingar per veke.
Framfor alt er det eit krav i studieprogrammet at du les og forskar mykje, og du må difor like å arbeide sjølvstendig. Du kan alltid snakke med andre studentar, rettleiaren din og andre tilsette/professorar, om du kjenner at du ikkje kjem deg vidare og treng støtte.
Som masterstudent i lingvistikk får du:
- Du får tildelt ein individuell rettleiar som hjelper deg med å planlegge og gjennomføre masteroppgåva. Du kan sjølv velje oppgåvetema, i samarbeid med rettleiaren din. Rettleiar kan ha forslag til tema å velje mellom.
- Eit tett forhold til personalet, som gjerne svarer på spørsmåla dine
- Internasjonalt bidrag, med studentar og tilsette frå andre land
- Eigen, fast plass på lesesalen, saman med dei andre masterstudentane ved instituttet.
- Høve til å stille som studentrepresentant i programstyret for lingvistikk , eller vere med på å arrangere sosiale og akademiske samankomstar som medlem av fagutvalet.
Kva lærer du
- Du har brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, terminologi og metodar innan lingvistikk som vitskapleg disiplin.
- Du kan setje deg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor ditt eige fagområde.
- Du kan bruke metodar og analyseverktøy som er nødvendige for å fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor fagområdet du har valt.
Sjå fullstendig liste over læringsutbytte
Utveksling
Vanlegvis er det mogleg med eit studieopphald i utlandet som del av programmet. Kontakt studiekonsulent om du treng meir informasjon.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.