Hjem

Nanovitskap, master, 2 år

Vi omgir oss med nanovitskap kvar einaste dag. I høgteknologisk utstyr som datamaskiner og smarttelefonar, i målretta medisin, i kosmetikk, i kjemikaliar vi brukar i heimen og i energiteknologi, som i nye, fornybare energikjelder.
  • Lengde2 år
  • Plassar10
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

I dette masterprogrammet får du inngåande kunnskap om nanovitskaplege tenkemåtar og forskingsmetodar. Du får innsikt i moderne forsking innan eit spesifikt område av nanovitskapen – nanokjemi, nanofysikk, nanobiomedisin, nanotoksikologi eller nanomolekylærbiologi. 

Samfunnet treng spesialistar innan nanoteknologi og nanovitskap til: 

  1. å utvikle tverrfaglege forskingsmiljø som utviklar fleire nyttige bruksområde til gagn for samfunnet 
  2. å styre bruken av denne viktige vitskapen til beste for samfunnet  
  3. å identifisere og vurdere etiske problemstillingar som er knytte til forsking på og bruk av nanovitskap og nanoteknologi. 

Meir informasjon under

Bachelorprogram i nanoteknologi

Jobb

Dei som har tatt mastergrad i nanovitskap jobber mellom anna: 

  • som ph.d.-kandidatar innan (nano)biomedisin, (nano)fysikk og (nano)kjemi 
  • innan kjemi og teknologi, og i oljeindustrien 
  • som lærar
  • som forskar

Les meir om kva du kan jobbe med

Oppbygging

Masterprogrammet går over fire semester, og har oppstart både haust og vår.    

I semester 1 og 2 tar du til saman 50 studiepoeng med emne. Du vel relevante emne i samråd med rettleiaren din.. Vanlegvis startar du å jobbe med avhandlinga di i andre semester. 

I 3. semester (viss du startar på hausten) eller 2. semester (viss du startar om våren) tar du NANO300 Seminar i nanovitskap (5 studiepoeng) og NANO310 Nanoetikk (5 studiepoeng). Desse emna er obligatoriske og låst til dette semesteret. Du kan også jobbe på masteroppgåva di. 

I 4. semester fullfører og leverer du masteroppgåva (60 studiepoeng). 

Meir informasjon under

Studiekvardag 

Nanovitskap høyrer til ved Kjemisk institutt, i Realfagbygget,  på universitetsområdet i sentrum av Bergen.  

Sosialt miljø 

Alle våre studentar blir inkluderte og tekne opp som medlemmar i aktuelle forskingsgrupper, tilhøyrande forskjellige institutt og fakultet. Rettleiarane har ei open dør, og prioriterer å hjelpe og rettleie studentar som arbeider med masteroppgåva og tilhøyrande forskingsarbeid.  

Du vil også vere medlem av nano-studentvelferdsgruppa Nanos i eit sterkt sosialt nettverk av medstudentar i nanovitskap og -teknologi. 

Du får tilgang til dei fasilitetane du treng for å gjennomføre masterprosjektet, nokre institutt tilbyr for eksempel eigen lesesalsplass.  

Undervising og arbeidsmengde 

Masterprogrammet i nanovitskap brukar ei blanding av undervisingsformer, som førelesingar og laboratoriekurs, seminar, munnlege og skriftlege presentasjonar, sjølvstendig laboratoriearbeid og til sist ein munnleg mastergradseksamen. Første semester blir det gjennomført 10–14 timar med førelesingar. I tillegg kjem eventuelle kollokviar og annan studieaktivitet på emna. I første semester arbeider du òg med prosjektskildringa til masterprosjektet ditt og anna førebuing til oppstart av forskningsprosjektet i andre semester. Andre og tredje semester er kursmengda noko mindre. Frammøtet ditt blir styrt enten gjennom emneskildringane eller gjennom nødvendig oppmøte og nærvær i laboratoriet. Å vere masterstudent reknar vi som fulltidsarbeid. 

Masteroppgåve 

Masteroppgåva er eit forskingsprosjekt. Du må kunne resonnere med utgangspunkt i eigne forskingsresultat og med tilknyting til gitt problemstilling. Du må også kunne sjå og vurdere ditt eige masterprosjekt i eit vidare fagleg perspektiv, innan det nanovitskaplege fagfeltet du har valt. 

Nokre eksempel på tema i ei masteroppgåve: 

  • Nanoteknologisk instrumentering og måleteknikk 
  • Nanostrukturerte katalysatorar 
  • Naturlege nanopartiklar og nanodråpar 
  • Nanomaterial 
  • Kvantekontroll og dynamikk 
  • Magnetiske nanopartiklar 
  • Proteinstruktur og funksjon 
  • Protein-overflate-interaksjonar 
  • Proteindynamikk 
  • Mikro-kontakt-printing 
  • Nanotoksikologi 

Kva lærer eg? 

Med ei mastergrad i nanovitskap

  • har du omfattande kunnskap innan di spesialisering, og kan finne fram til relevante metodar for å løyse dei faglege problemstillingane.  
  • kan du arbeide sjølvstendig med eit forskingsprosjekt innan nanovitskap, og tolke resultata i samsvar med problemstillinga.  
  • kan du sette deg inn i nye bruksområde for nanovitskap, og arbeide og kommunisere på tvers av fagdisiplinar. 

Fullstendig liste over læringsutbytte. 

Utveksling 

Du kan bruke noko av studietida til å vitje samarbeidande forskingsgrupper i utlandet. Dette planlegg du i samarbeid med rettleiaren din.  

Korleis søke om å reise på utveksling?

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her