Hjem

Helsefremmande arbeid og helsepsykologi, master, 2 år

Med introduksjonen av den nye folkehelselova kjem det stadig auka krav om kompetanse innanfor folkehelsearbeid. På dette studiet får du kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, miljømessige og politiske forhold som har betydning for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving.  
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Poenggrense  
2020 3,55
2021 3,7
2022 3,7

Frå hausten 2022 endrar programmet seg noe. For deg som starta hausten 2021 eller tidligare vil den utdanningsplanen du starta på gjelde til du er ferdig. 

Vil du vere med på å fremme folkehelse og velvære i befolkninga?

Masterprogrammet i helsefremmande arbeid og helsepsykologi er eit tverrfagleg studium, og har som mål å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefag og andre fag. 

Med introduksjonen av den nye folkehelselova og auka fokus på helse i alt vi gjer, kjem det stadig auka krav om kompetanse innanfor folkehelsearbeid, på fleire nivå i samfunnet. På dette studiet får du kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, miljømessige og politiske forhold som har betydning for utvikling av helse, helseåtferd og helseoppleving.  

Etter du har tatt denne utdanninga kan du drive med forsking og undervisning. Du har òg kunnskap om tiltak innan sentrale emne knytt til folkehelse, med vekt på helsefremmande arbeid og helsepsykologi.  

Meir informasjon under

Master i Helsefremmende arbeid og helsepsykologi

Produsent:
UiB

Jobb

Etter denne utdanninga kan du jobbe med folkehelsearbeid i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, eller i frivillig sektor.  

Med master i helsefremmande arbeid er du er kvalifisert for blant anna:  

  • prosjektleiing
  • personalleiing
  • folkehelsekoordinator og folkehelserådgjevar 
  • helse-, miljø- og tryggleiksarbeid 
  • undervisnings- og forskingsarbeid  
  • internasjonalt helsearbeid 
  • leiarstillingar

Med ein mastergrad i helsefremmande arbeid og helsepsykologi kan du også søke opptak til forskarutdanning (ph.d.)

85 prosent av dei med utdanning frå Det psykologiske fakultet seier dei er i relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.

Meir informasjon under

Bilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
Spesialrådgiver

Studiekvardag 

Masterprogrammet i helsefremmande arbeid og helsepsykologi er eit 2-årig fulltids- og tverrfagleg studium på eit tverrfagleg institutt. Nokre av kursa er felles med studentar i barnevern og Global Development — slik at du får du innsikt i ulike perspektiv.  

På studiet får du jobbe saman med andre studentar, til dømes med problembasert læring (PBL) og prosjektarbeid i grupper, og seminar. Både undervisninga og litteraturen er på både engelsk og norsk. Undervisninga består av både forelesingar, obligatoriske seminargrupper og oppgåver. Du må òg rekne med ein del sjølvstudium.  

Du har eitt år på å skrive masteroppgåva. Du kan finne tema for oppgåva blant forskinga på Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultetet, NORCE, UNI og elles tema som er relevante på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå. 

Du kan velje å vere med i ei forskargruppe.

Oppbygging 

1. semester:  

  • HEFR331 Helsefremjande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar (20 stp)
  • HEFR342 Resource approaches to health and wellbeing (10 stp)  

2. semester:  

  • HEM303 Qualitative Methods and Research Planning (15 stp) eller HEM304 Quantitative Methods and Research Planning (15 stp)
  • HEFR343 Planlegging, implementering og evaluering i helsefremjande arbeid (15 stp)

3. og 4. semester:

  • HEFR395 Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi (60 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Kva lærer du

Du får solid kunnskap om helsefremmande arbeid, folkehelse og helsepolitikk. På bakgrunn av denne kunnskapen får du konkret erfaring med korleis helsefremmande tiltak blir innført i ulike settingar, og korleis ein skal evaluere dei.  

Full liste med læringsutbyte

Utveksling 

Det er høve til å leggje delar av arbeidet med masteroppgåva til institusjonar i utlandet. Datainnsamling i utlandet kan òg vere aktuelt.

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her