Masterprogram i psykologi
- Lengde4 Semester
- Plassar
22
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Poenggrense |
2023 | 2022 | 2021 | 2020 | 2019 | 2018 |
Sosial- og kognitiv psykologi | 3,5 | 3,20 | 3,27 | 3,00 | 3,06 | 3,15 |
Åtferd og nevrovitskap | 4 | 3,67 | 3,32 | 3,33 | 3,33 | 3,67 |
Frå hausten 2023 endrar programmet seg noko. For deg som starta hausten 2022 eller tidligare vil den utdanningsplanen du starta på gjelde til du er ferdig.
Masterprogrammet i psykologi byggjer på forsking og ekspertise, og du får høg kompetanse innan fagfeltet. Utdanninga har to ulike studieretningar:
På denne utdanninga kjem du tett på forskingsmiljøa, og har stor valfridom i løpet av studiet. Sentralt i utdanninga er kunnskap om:
- Måten psykologifaget kan nyttast til å løyse utfordringar i samfunnet
- Menneskeleg tankeprosessar, samhandling og interaksjon
- Måten andre, grupper og kultur påverkar oss
- Nervesystemet sin påverking på kognisjon og åtferd
Med ein master i psykologi er du kvalifisert for ei rekkje yrke der informasjonskompetanse, teoretisk djupne, kritisk tenking, akademisk skriving og formidling er sentralt. Noko av det som gjer deg spesielt attraktiv for moglege arbeidsgivarar er kunnskap om prosessar og mekanismar som formar åtferd, kompetanse til å tileigne deg og skaffe oversikt over kompleks informasjon innan fagfeltet, og evna til prosjektstyring og kritisk tenking.
Noko av det du kan bli/gjere, er:
- arbeid med integrering og mangfald i kommunar
- arbeid med design av arbeidsmiljø, «menneskelege faktorar» (HF), HMS-ansvarleg eller anna arbeid med beredskap
- arbeid innan helsemiddelforetak og liknande
- karriererådgjevar eller rettleiar i undervisningsinstitusjonar eller i NAV
- miljøterapeut, anna arbeid ved helseinstitusjonar (ikkje terapi)
- rådgjevar og utgreiingsarbeid i stat og kommune
- lærar (ved påbygging med PPU)
- forskar ved akademisk institusjon (Ph.D.-stipendiat)
- arbeid med forskingsoppgåver i bedrift eller institusjon
Meir informasjon under
Studiekvardag
Litteratur og undervisning er på norsk og engelsk.
Undervisninga skjer gjennom blant anna forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar. Det er òg bedriftsbesøk og labpraksis på studiet, avhengig av studieretning.
Studieprogrammet er tilpassa fulltidsstudentar som bur i Bergen.
Kvar veke brukar du ti timar på undervisning, utanom sjølvstudium. Du bør likevel rekne med å bruke om lag like mykje til på studia som ein heildagsjobb, det vil seie 40 timar i veka.
Vi har eit sterkt sosialt samhold på tvers av studieretningane og mellom dei to årskulla. Ikkje minst skjer det gjennom faste møtepunkt ein gang i månaden, som kan være lunsj eller pizzakveld. Det er ein del gruppearbeid gjennom studiet, og studentane oppmodast til anna samarbeid til dømes gjennom kollokviegrupper.
Oppbygging
Dette masterprogrammet startar i august, og består av to ulike studieretningar. På det første året tek du to obligatoriske fellesemne, MAPSYK301 og MAPSYK302. Fellesemna tek du i lag med dei som går på master i arbeids- og organisasjonspsykologi. På det første året er det også obligatoriske fordjupingsemne, som skil seg mellom studieretningane. På det siste året skal du skrive ei masteroppgåve som passar til den valde studieretninga. So hovudregel skriv ein masteroppgåva i par. Når du skal bestemme tema for oppgåva, får du informasjon om kva dei ulike forskingsgruppene arbeider med. Deretter kan du kontakte aktuelle rettleiarar og avtale eit eventuelt samarbeid direkte med dei. Studentar på studieretninga «sosial og kognitiv psykologi» kan om dei vil skrive ei masteroppgåve på 60 poeng heile det andre året, eller ha eit semester med valemne eller reise på utveksling hausten på det andre året, for så å skrive ei masteroppgåve på 30 sp på våren.
Utdanningsplan gjeldande frå haust 2023:
Første år:
1. semester (haust):
- Fellesemne: MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp
- Sosial- og kognitiv psykologi:
- MAPSYK332 Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar, 5 p
- MAPSYK333 Kognitivt mangfald på tvers av kultur, språk og tid, 5 sp
- MAPSYK351A Forskingspraksis 1, 5 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK336 Kognitiv nevrovitskap, 15 sp
2. semester (vår):
- Sosial- og kognitiv psykologi:
- MAPSYK334 Risikopersepsjon og miljøåtferd, 5 p
- MAPSYK335 Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv, 5 sp
- MAPSYK351B Forskningspraksis 2, 5 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK337 Åtferd og nevrovitskap: Biologisk psykologi, 15 sp
- Fellesemne: MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp
Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.
3. semester (haust)
- Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
4. semester (vår)
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
Utdanningsplan for dei som starta på masterprogrammet før 2023:
Første år:
1. semester (haust):
- MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp - Fellesemne
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb., 15 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319B Kognitiv nevrovitskap, 15 sp
2. semester (vår):
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK304 Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga, 15 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319A Behavioral Neuroscience 1: Biological Psychology, 15 sp
- MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp - Fellesemne
Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.
3. semester (haust)
- Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
4. semester (vår)
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
Kva lærer eg
Du lærer korleis du kan bruke kunnskapane og evnene dine på nye område for å gjennomføre avanserte prosjekt, og å bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
Det mest sentrale i dei to ulike retningane:
- Sosial- og kognitiv psykologi: prosesser og mekanismar som formar vår åtferd og vår interaksjon, og korleis denne kunnskapen kan nyttas i ulike samfunnsområde
- Åtferd og nevrovitskap: samanhengen mellom mennesket sin hjerne, åtferd og kognisjon, grunnleggjande forsking på menneskehjernen
Full liste med læringsutbyte.
Utveksling
På studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan du ta deler av utdanninga i utlandet. Det vanlegaste er å være på utveksling i eitt semester, og med valfrie studiepoeng kan du reise til til mange land og verdsdelar, som mellom anna USA, Canada, Storbritannia, Tyskland, Nederland, og Australia.
Slik går du fram for å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
Søknadsfristen er 15. april.