Psykologi, profesjon, 6-6,5 år
- Lengde6 År
- Ordinær66,5
- Primær57,4
- Plassar87
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng360
- StartHaust
Hovedinnhold
Varsel om endringar: Frå og med hausten 2021 er det nokre mindre justeringar i studieplanen grunna oppdaterte nasjonale retningslinjer for alle grunnutdanningar innan helse- og sosialfag (RETHOS). Les meir om dette lengst nede på denne sida.
Det kan også forekomme andre og mindre justeringer av emnene i studieplanen.
Kva lærer du?
På profesjonsstudiet i psykologi vil du lære å forstå, førebygge og behandle psykologiske problem og dysfunksjonell åtferd. Fokuset på studiet er også mykje meir enn sjukdom:
- Korleis menneska sitt kjensleliv oppstår og fungerer, kva det vil seie å vere bevisst og sjølvbevisst, og kva tankar er.
- Kva personlegdom er, korleis erfaringar og hendingar i barndommen kan påverke deg, og korleis vi menneske påverkar kvarandre.
- Korleis vanar og ubevisste val kan påverke deg, kvifor det kan vere vanskeleg å endre seg, og kvifor du likar nokon og mislikar andre.
- Korleis psykisk sjukdom vert sett i kontekst til kvar enkelt sin situasjon (alder, sosialt nettverk, personlegdom), og korleis dei kan behandlast med psykologiske metodar.
- Planlegging og utvikling av behandling og tiltaksprogram på eit vitskapleg grunnlag.
- Planlegging, leiing og gjennomføring av førebyggande arbeid, samt utviklings- og endringsarbeid hos individ, grupper, organisasjonar og miljø.
- Korleis vi forstår og gjennomfører forsking.
Studiekvardag
I studiekvardagen får du tett oppfølging av dyktige og engasjerte forelesarar og blir godt kjent med dei ulike fagområda. I praksis får du møte menneske som har psykiske plager og hjelpe dessetil å få det betre, i samarbeid med ein erfaren psykolog.
Alle emna på profesjonsstudiet er obligatoriske, og mykje av undervisninga og øvingar er obligatorisk. I ei typisk veke har du ca. 30 timar undervisning. I tillegg må du rekne med tid på lesesalen med sjølvstudium. Litteratur og undervisning er på norsk og på engelsk.
Ein studiekvardag på profesjonsstudiet inneheld
- forelesingar
- seminargrupper
- laboratorieøvingar og praktiske øvingar
- ekskursjon
- individuelle oppgåver
- munnlege presentasjonar
- praksis
Gjennom studietida blir du godt kjent med medstudentane dine, og du har gode moglegheiter for å engasjere deg i studentforeiningar og ta del i mange sosiale studentaktivitetar og tilbod.
Kva kan du jobbe som?
Fullført profesjonsstudium i psykologi gir grunnlag for å søke om autorisasjon som psykolog. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og det private, og arbeidsmarknaden er derfor god.
Dei vanlegaste arbeidsområda for psykologar er:
- helsevesenet
- forsking og undervisning
- skoleverket
- organisasjonar
- sosialsektoren
- privat praksis og private verksemder, for eksempel som konsulent
Går du vidare til ph.d.-programmet, kan du oppnå ein doktorgrad. Den gjer deg kvalifisert til å arbeide innan forsking og høgare utdanning.
Meir informasjon under
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Profesjonsstudiet i psykologi er eit 6-årig masterprogram (12 semester). Kvart semester bygger på kunnskap som du har lært tidlegare i studiet.
1. semester
- Psykologien og psykologprofesjonen si historie (PRPSYK100, 5 studiepoeng)
- Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk (PRPSYK301A, 10 studiepoeng)
- Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle (PRPSYK301B, 5 studiepoeng)
- Sosial- og personlegdomspsykologi (PSYK112, 110 studiepoeng)
2. semester
- Profesjonsførebuande 3 - Kommunikasjon og relasjonskompetanse (PRPSYK301C, 5 studiepoeng)
- Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (PSYK114, 15 studiepoeng)
- Examen philosophicum – skoleeksamen eller Examen philosophicum – seminarmodell (EXPHIL-PSEKS/EXPHIL-PSSEM, 10 studiepoeng)
3. semester
- Utviklingspsykologi (PRPSYK302, 15 studiepoeng)
- Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (PRPSYKMET1, 5 studiepoeng)
- Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (PRPSYKMET2, 5 studiepoeng)
- Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar (PRPSYKVIT, 5 studiepoeng)
4. semester
- Biologisk psykologi, (PRPSYK303, 15 studiepoeng)
- Kognitiv nevrovitenskap (PRPSYK304, 15 studiepoeng)
5. semester
6. semester
- Skole- og opplæringspsykologi (PRPSYK307, 15 studiepoeng)
- Personlegdomspsykologi (PRPSYK308, 15 studiepoeng)
7. semester
8. semester
- Psykologisk kartlegging (PRPSYK311A, 6 studiepoeng)
- Psykologisk behandling (PRPSYK311B, 14 studiepoeng)
- Psykologen som leiar (PRPSYK311C, 4 studiepoeng)
- Intern klinisk-psykologisk praksis (8.-10. semester) (PRPSYK314, 22 studiepoeng)
9. semester
- Psykologisk behandling II (PRPSYK312A, 12 studiepoeng)
- Psykologisk behandling III (PRPSYK312B, 5 studiepoeng)
- Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis (PRPSYK312C, 5 studiepoeng)
- Intern klinisk-psykologisk praksis (8.-10. semester) (PRPSYK314, 22 studiepoeng)
10. semester
- Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete (PRPSYK313, 7 studiepoeng)
- Intern klinisk-psykologisk praksis (8.-10. semester) (PRPSYK314, 22 studiepoeng)
- Samfunnspsykologi (PRPSYK315, 15 studiepoeng)
11. semester
-
Ekstern fordjupingspraksis (PRPSYK316, 15 studiepoeng)
12. semester
-
Hovudoppgåve (PRPSYK317, 30 studiepoeng)
Emnebeskrivingar og detaljert oppbygging av profesjonsstudiet i psykologi kan du lese meir om her: Oppbygging av Psykologi, profesjon, 6-6,5 år | Universitetet i Bergen (uib.no)
Utveksling
Ved Det psykologiske fakultet er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i 5., 7. eller 11. semester. I det 11. semester har du eit halvt år med praksis. Denne praksisen kan du gjennomføre ved tre utvalde klinikkar i Cape Town i Sør-Afrika og ved The Berkeley Clinical Science Practicum Experience Program, UC Berkeley i USA.
Vidare studiemoglegheiter
Med cand.psychol-graden kan du søke opptak til ph.d.-programmet. Eit fullført ph.d program gir deg ein doktorgrad (Philosophiae doctor, ph.d.).
Spørsmål om studiet?
Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for PRPSYK Psykologi, profesjon, 6-6,5 år
RETHOS – Nye nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane
Dei nye nasjonale retningslinjene for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS) skal sikre at utdanningane er framtidsretta og i tråd med behova både hos brukarane og tenesteytarane. RETHOS definerer sluttkompetansen for kvar utdanning og utgjer ein såkalla minstestandard for kompetanse. Forskrifta skal sikre eit nasjonalt likeverdig fagleg nivå, slik at uteksaminerte kandidatar har ein felles sluttkompetanse, uavhengig av kvar dei tek utdanninga si.
RETHOS og dei norske profesjonsutdanningane i psykologi
Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning gjeld for universitet og høgskular som tilbyr psykologutdanning og som er akkreditert etter lov om universiteter og høyskoler § 1-2 og § 3-1. Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning gjeld for 6-årig profesjonsutdanning i psykologi som består av 360 studiepoeng og gir graden cand.psychol.
For dei fire norske profesjonsutdanningane i psykologi (Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim) gjeld RETHOS frå og med haustsemesteret 2021.
Meir informasjon finn du på den nasjonale RETHOS-sida