Programmering 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane ei grundig og praktisk innføring i imperativ programmering ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.

Innhald:

Emnet dekker sentrale omgrep som bl.a. variablar, uttrykk, kontrollflyt (vilkår, løkker, funksjonar), tabellar, og filhandtering. Programutvikling gjerast både med og utan KI. Øvingsopplegget inneheld innleveringsoppgåver.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar Studenten

●kjenner prinsippa for algoritmisk tenking og programmering

●forstå korleis programmering kan nyttast for å løyse problem motivert frå studentens eigen fagspesialisering

●kjenner til korleis programmeringsfeil kan ha alvorlege konsekvensar

Ferdigheiter Studenten

●kan implementere enkle dataprogram

●kan gjere bruk av tilgjengelege programbibliotek

●kan utvide og tilpasse kode som er skriven av andre programmerarar

●kan handsame strukturerte datamengder v.h.a. ein datamaskin

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vårsemesteret 2027

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

INF100: 10stp

I110: 10stp

INFO132: 10stp

MIX101: 10stp

INF109: 10stp

DIGI111: 2,5 stp

DATA110: 10stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og gruppearbeid.

Førelesing: 2 timar pr. veke

Gruppearbeid 4 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet vil ha obligatoriske oppgåver og obligatoriske undervisningsaktivitetar som krev oppmøte. Oppgåvene er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.

Karaktertellande element som inngår i mappevurderinga må gjennomførast på nytt kvart semester

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:Mappevurdering.

Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (4 timar). Både innleveringar og eksamen må vere bestått. Vektinga vert kunngjort på Mitt UiB ved semesterstart.

Karaktertellande element som inngår i mappevurderinga må gjennomførast på nytt kvart semester

Karakterskala

Karakterskalaen A-F blir nytta. Karakteren A er beste ståkarakter, karakteren F betyr ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vårsemester 2027. Studenter som skal ta vurdering på nytt må ta INF100s sykeeksamen eller ordinære eksamen påfølgende semester.

Litteraturliste

Vi bruker ingen bøker i emnet, kun åpne tilgjengelige kilder.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Bøker frå litteraturlista og opp til 6 tosidige A4 ark med eigne notat.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.