Norsk språk og kultur, trinn 3

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

NOR-U613 er eit kurs for vidarekomne og svarar til B2-nivå (CEFR). Emnet er retta mot tilsette i universitets- og høgskulesektoren utanfor Universitetet i Bergen (UiB).

Emnet skal gjere studentane i stand til å bruke norsk munnleg og skriftleg med rimeleg god presisjon, både reseptivt og produktivt, i allmenne og faglege samanhengar. Ein vil arbeide med norsk språkstruktur, ordtilfang og idiomatiske uttrykk. Ein vil ta opp ulike tema gjennom kurset, og deltakarane vil få kunnskap om og innsikt i tema som norsk geografi, historie, litteratur og aktuelle samfunnsspørsmål.

Emnet gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som førstespråk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kunne beherske hovedreglane i norsk grammatikk

Ferdigheiter

Studenten skal

  • vere i stand til å samtale på norsk om allmenne emne og føre ein fagleg diskusjon på relativt flytende norsk
  • kunne forstå forelesingar på norsk og ta notatar
  • kunne lese og forstå norske fagbøker, aviser og skjønnlitteratur utan særlege vanskar
  • kunne uttrykke seg skriftleg om allmenne og faglege emne utan feil som hindrar at meninga kjem fram

Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha tilstrekkelege ferdigheiter og kunnskapar til å tilfredsstille det generelle norskkravet for å kunne studere ved universitet og høgskular i Norge

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning.

Undervisningssemester

Vår og/eller haust.

Undervisningssted

Bergen.

Krav til forkunnskaper

NOR-U2 eller tilsvarande kunnskapar og ferdigheiter i norsk språk.

Søkarar kan bli bedne om å ta ei plasseringsprøve som ein del av opptaksprosessen.

Anbefalte forkunnskaper

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Det er fullt fagleg overlapp mellom NOR-U613, NOR-U603 og NOR-U3, og delvis overlapp mellom NOR-U613 og det nedlagte emnet NOR-U2/3.

Studentar som allereie har bestått NOR-U3 eller NOR-U2/3, vil ikkje få studiepoeng for NOR-U613.

Krav til studierett

Studenten må vere teken opp på NOR-U613 gjennom UiBVidere.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har ca. 80 timar med undervisning. Det er forventa at studentane møter førebudde og deltar aktivt i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte i emnet. Studentar med meir enn 25 % fråvær får ikkje gå opp til eksamen. I løpet av semesteret skal studentane levere og få godkjent minst fem oppgåver.

Faglærar godkjenner både oppgåvene og frammøtet, og begge delar må vere godkjende i same semester.

Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Kurset blir avslutta med ein eksamen som består av ein munnleg og ein skriftleg del på norsk bokmål.

Den munnlege delen varer om lag 15 minutt ved individuell eksamen og om lag 20 minutt ved eksamen med to studentar. Den skriftlege delen er ein fem timar lang digital skuleeksamen som prøver lytte-, lese- og skriveferdigheiter.

Det blir gitt éin samla karakter, der den skriftlege delen tel om lag 2/3 og den munnlege delen om lag 1/3.

Studenten kan berre ta eksamen éin gong per semester, og begge delane må vere beståtte for at emnet skal vere bestått.

Som hovudregel har studenten tre eksamensforsøk. Dette er regulert av UiBs studieforskrift § 8-1.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår og/eller haust.

Litteraturliste

Pensumlista blir annonsert i starten av semesteret.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med instituttets retningslinjer og UiBs kvalitetssikringssystem.

Evalueringa kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne, verken på munnleg eller skriftleg eksamen.

Programansvarlig

Programstyret for Norskkursa.

Emneansvarlig

Programstyret for Norskkursa.

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.