Saman med familien - Brukarmedverknad i brukarsentrert tverrfagleg samarbeid
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Emnekode
- SAMFAM620
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er eit vidareutdanningstilbod for deg som har ei rolle knytt til brukarmedverknad på individnivå, tenesteninvå eller systemnivå i møte med barn og familiar som treng støtte gjennom tverrfagleg samarbeid. Emnet er praksisnært og tek utgangspunkt i problemstillingar du sjølv møter i di verksemd. Emnet vil fremje utvikling av kunnskap om og praktisk kompetanse knytt til brukarmedverknad. Blant anna vil du kunne arbeide med å styrke kompetanse med planlegging, gjennomføring eller evaluering av brukarmedverknad i det tverrfaglege samarbeidet, saman med barn og familiar. Å reflektere over eigne oppfatningar og kulturen for brukarmedverknad i veksemda di, er ein viktig del av emnet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentan kan:
- Bruke ulike former for kunnskap om brukarmedverknad: Kva kan dei ha å seie for barn og familiar i tverrfaglege samarbeid?
- Samanligne forskjellar og likskapar mellom brukarmedverknad med barn og familiar i tverrfaglege samabeid, og når ein individuell tenestebrukar eller ein enkelt hjelpar er involvert.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- Finne og utforske hindringar for brukarmedverknad med barn og familiar i tverrfaglege samarbeid.
- Finne og utforske moglegheiter og ressursar som kan bidra til å fremje brukarmedverknad med familiar i tverrfagleg samarbeid.
- Planlegge, gjennomføre eller evaluere brukarmedverknad i det tverrfaglege samarbeidet, saman med barn og familiar
Generell kompetanse
Studenten kan:
- Reflektere over korleis eigne måtar å tenke, føle og vere på, spelar inn på den brukarmedverknaden som blir til i møte med barn og familiar.
- Reflektere over korleis verksemda si typisk forstår og driv brukarmedverknad og korleis det spelar inn på den brukarmedverknaden som blir til i møte med barn, unge, familiar samt samarbeidspartnarar frå andre verksemder.
Fulltid/deltid
Deltid
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Dette emnet er eit vidareutdanningstilbod på bachelornivå.
Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller tilsvarende realkompetanse, og minimum to års yrkeserfaring fra arbeid med barn, unge, familier eller annet relevant helse-, sosial-, oppvekst- eller velferdsarbeid.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over eitt semester. Delar av undervisninga vil skje i samlingar, anten nettbasert eller fysisk (synkron undervisning). Andre delar av undervisninga vil baserast på din eigenaktivitet, knytt til vår digitale læringsplattform (asynkron undervisning). I samlingar kan vi prioritere aktive læringsformer, til dømes øvingar i kollokviegruppe med andre studentar. På emnet sine samlingar vil studentgruppa vere spesielt tverrfagleg samansett, med studentar som tek emnet på masternivå. Det å lære frå ulike former for kunnskap om brukarmedverknad er grunnleggande for emnet. Samhandling mellom studentar med ulike bakgrunnar kan bidra til å fremje læring av ulike former for kunnskap om brukarmedverknad.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80% obligatorisk oppmøte på synkron undervisning.
Innlevering av opp til to obligatoriske arbeidskrav.
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon
Karakterskala
Bestått/ ikkje-bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 01.12. for vårsemesteret. I tillegg til kjernelitteratur tilrådd av emneansvarleg skal studentane utarbeide sjølvlagde litteraturlister.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd
Emneansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd
Administrativt ansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd