Saman med familien - heilskapleg brukarmedverknad i brukarsentrert tverfagleg samarbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er ein del av eit vidareutdanningstilbod for deg som har eit sjølvstendig oppfølgingsansvar på individnivå, tenestenivå eller systemnivå for barn og familiar som treng støtte og hjelp gjennom tverrfagleg samarbeid. Emnet sine studentar er sjølve tverrfaglege og kjem i frå ulike fagfelt, tenester, tenestenivå, og verksemder. I dette emnet utviklar du fordjupa kunnskapsbasert praksis om heilskapleg brukarmedverknad i tverrfagleg samarbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Med kunnskapsbasert praksis meiner vi eit triangel av kunnskap frå: Forsking og teori; Brukares levde erfaringar og erfaringskompetanse, og; Praksis og praktikarars erfaringar. Emnet tek utgangspunkt i problemstillingar du sjølv møter i di verksemd, der du har eit sjølvstendig oppfølgingsansvar. Emnet er praksisnært og du vil sjølvstendig identifisere områder der du har behov for å styrke kunnskap og kompetanse om heilskapleg brukarmedverknad i tverrfaglege samarbeid med barn, unge og familiar. Emnet vil ha fokus på heilskapleg planlegging, gjennomføring og evaluering av brukarmedverknad i tverrfaglege samarbeid, saman med barn og familiar. Det er sentralt å kunne reflektere kritisk og med høg grad av sjølvstende over eigne oppfatningar, og kulturar for brukarmedverknad i eigen organisasjon.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten kan:

  • Analysere, drøfte og vurdere ulike former for kunnskap om brukarmedverknad og kva dei kan ha å seie for barn og familiar i tverrfaglege samarbeid.
  • Gjere ei kunnskapsbasert analyse og drøfting av forskjellar og likskapar mellom brukarmedverknad med barn og familiar i tverrfaglege samarbeid, og der det er ein individuell tenestebrukar eller ein enkelt hjelpar involvert.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Gjere ei kunnskapsbasert analyse av hindringar og deira mogelege konsekvensar for heilskapleg brukarmedverknad med barn og familiar i tverrfaglege samarbeid.
  • Gjere ei kunnskapsbasert analyse av moglegheiter og ressursar som kan bidra til å fremje heilskapleg brukarmedverknad med barn og familiar i tverrfagleg samarbeid.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere heilskapleg brukarmedverknad i tverrfaglege samarbeid, saman med barn og familiar.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Nytte kunnskapsbasert praksis til å kritisk reflektere over korleis eigne måtar å tenke, føle og vere på, spelar inn på den brukarmedverknaden som blir til i møte med barn, familiar og samarbeidspartnarar frå andre verksemder.
  • Kritisk reflektere over kva kulturen for brukarmedverknad i eiga verksemd kan bety for korleis brukarmedverknad trer fram i møte med barn, unge, familiar og samarbeidspartnarar.

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Dette emnet er eit vidareutdanningstilbod på masternivå. søkjarar må derfor dokumentere at dei oppfyller begge opptakskrava:

Bachelorgrad, cand.mag.-grad eller tilsvarande grad eller grunnutdanning med eit omfang på minimum tre år / 180 studiepoeng.

Minimum to års relevant arbeidserfaring frå område som nemnde innleiingsvis.

For søkjarar som har særleg lang og relevant arbeidserfaring, utover minstekravet på to år, kan dette etter nærare vurdering erstatte inntil eitt år av utdanningskravet (60 studiepoeng). Då kan det vere tilstrekkeleg at studenten kan dokumentere 120 studiepoeng høgare utdanning.

Dersom søkjarar har arbeidd i deltidsstillingar, må talet på månader/år leggjast saman slik at dette samla utgjer minimum to års fulltid arbeidserfaring.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går over eitt semester. Det vil vere samlingar og sjølvstendig arbeid. Samlingar kan vere anten nettbasert eller fysisk (synkron undervisning). Studentane blir organisert i kollokviegrupper med tverrfaglege medstudentar der ein meirverdi av kollokviearbeidet er å utveksle tverrfaglege erfaringar og perspektiv. På emnet sine samlingar vil studentgruppa vere spesielt tverrfagleg samansett, med studentar som tek emnet på bachelornivå. Det å lære frå ulike former for kunnskap om brukarmedverknad er grunnleggande for emnet. Samhandling mellom studentar med ulike bakgrunnar kan bidra til å fremje læring av ulike former for kunnskap om brukarmedverknad.

Godt utbytte av undervisninga fordrar høg sjølvstendig eigeninnsats. I samlingar kan vi prioritere aktive formar for læring, til dømes oppgåver i kollokviegruppa. Emnet og emnet sin vurderingsform tek utgangspunkt i problemstillingar studenten sjølv møter i si verksemd, som ein som har eit sjølvstendig oppfølgingsansvar. Emnet nyttar UiB sin digitale læringsplattform.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% obligatorisk oppmøte på synkron undervisning.

Innlevering av opp til to obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

Munnleg presentasjon

Det ein skal presentere tek utgangspunkt i problemstillingar studenten sjølv møter i si verksemd, som ein som har eit sjølvstendig oppfølgingsansvar. Under eksamen skal studentar vise evne til høgt sjølvstende og kritisk refleksjon.

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil være klar innan 01.12. for vårsemesteret. I tillegg til kjernelitteratur tilrådd av emneansvarleg skal studentane utarbeide sjølvlagde litteraturlister.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Institutt for helse, miljø og likeverd

Emneansvarlig

Institutt for helse, miljø og likeverd

Administrativt ansvarlig

Institutt for helse, miljø og likeverd