Biologi (bachelor)
Med ein bachelor i biologi lærer du å forstå alt frå DNA og celler til dyr, plantar og heile økosystem. Biologar spelar ei viktig rolle i arbeidet med naturmangfald, klima og berekraftig ressursforvaltning.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 99
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
I biologien utforskar vi spørsmål som:
- Korleis har livet utvikla seg på jorda?
- Korleis fungerer celler, gen og organismar?
- Kvifor finst det så mange ulike artar?
- Korleis påverkar menneskeleg aktivitet organismar, økosystem og biologisk mangfald, og kva skjer når klimaet endrar seg?
Gjennom studiet får du ei brei innføring i biologi, frå evolusjon, økologi og biologisk mangfald til genetikk, cellebiologi og fysiologi.
Undervisninga kombinerer førelesingar, aktiv undervisning, laboratorie- og feltkurs. På feltkurs får du observere, undersøkje og samle inn data i naturen. I laboratoriet undersøkjer du organismar, testar hypotesar, analyserer prøver og bruker moderne metodar innan genetikk og fysiologi.
Du lærer å vurdere etiske problemstillingar, bruke forskingslitteratur kritisk og samarbeide i prosjekt.
Studiet gir deg eit solid og tverrfagleg grunnlag for vidare studium, forsking eller arbeid.
Studiekvardag
Du studerer ikkje åleine. Som biologistudent blir du del av eit engasjert fagmiljø med tett kontakt mellom studentar, undervisarar og forskarar.
Studiet er eit heiltidsstudium med ein kombinasjon av førelesingar, aktiv undervisning, gruppearbeid og sjølvstendig arbeid. I løpet av studiet får du òg erfaring med laboratoriearbeid og feltkurs.
Som førsteårsstudent kan du delta i mentorordninga ved UiB. Her får du støtte frå erfarne studentar og blir kjend med studiet, campus og studentlivet. Mentorordninga gir deg òg eit godt høve til å bli kjent med andre nye studentar.
Kvar veke kan du få fagleg hjelp og møte andre studentar gjennom biORAKEL. Biologisk fagutval (BFU) arrangerer òg faglege og sosiale aktivitetar gjennom heile studieåret.
Bergen ligg mellom fjell og fjord og gir gode moglegheiter til å oppleve naturen på nært hald, både i studiet og på fritida.
Kva kan du jobbe som?
Studiet førebur deg på arbeid innan natur- og miljøforvaltning, forsking, rådgiving, havbruk og formidling. Du kan til dømes kartleggje natur og biologisk mangfald, overvake miljøtilstanden i vatn og på land, analysere prøver i lab eller bidra til berekraftig bruk av ressursar. Arbeidsgivarar er kommunar, offentlege etatar, forskingsinstitutt, konsulentfirma, bioteknologiselskap, oppdrettsnæringa og miljøorganisasjonar. Du kan òg arbeide med undervisning og formidling ved museum, akvarium og vitsenter. Mange fagstillingar krev mastergrad, medan forskarstillingar som regel krev doktorgrad.
Opptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:
- Matematikk R2
- Fysikk 1 og 2
- Kjemi 1 og 2
- Biologi 1 og 2
- Informasjonsteknologi 1 og 2
- Geofag 1 og 2
- Teknologi og forskingslære 1 og 2
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester:
BIO100 - Innføring i evolusjon og økologi (10 studiepoeng)
MOL100 - Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
MAT101 - Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester:
BIO101 - Organismebiologi (10 studiepoeng)
KJEM109 - Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng)
BIOVIT100 - Biologi som endrar verda (10 studiepoeng)
3. semester:
BIO102 - Grunnleggjande økologi og feltmetodar (10 studiepoeng)
STAT101 - Elementær statistikk (10 studiepoeng)
EXPHIL-MNSEM - Examen philosophicum – seminarmodellen (10 studiepoeng)
4. semester:
BIO103 - Cellebiologi og genetikk (10 studiepoeng)
BIO104 - Komparativ fysiologi (10 studiepoeng)
INF100 - Programmering I (10 studiepoeng)
5. og 6. semester:
Valemne ved UiB eller utveksling til utlandet/delstudium innan arktisk biologi ved UNIS på Svalbard (30 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i femte og/eller sjette semester. Bachelorprogrammet i biolog har anbefalte avtalar til universitet i Australia, Canada, Nederland, Portugal, Storbritannia, Tsjekkia, Tyskland og USA. Du kan også studere arktisk biologi ved UNIS på Svalbard. UiB har avtalar med mange andre universitet over heile verda som du kan søke på.
Vidare studiemoglegheiter
Bachelorprogrammet i biologi gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i biologi og dobbelgraden i global endringsøkologi. Ved å ta visse valfrie emne kan du kvalifisere deg til opptak til masterprogrammet i molekylærbiologi, masterprogrammet i berekraft (spesialisering innan marin berekraft) og masterprogrammet i biomedisin. Dersom du har lyst til å bli lærar kan du også ta PPU.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.