Kjemi (bachelor)

Er du nysgjerrig på korleis atom og molekyl kan brukast til å finne løysingar på viktige utfordringar innan energi, miljø eller medisin? Då er kjemistudiet noko for deg! På studiet utfører du eksperiment, lærer å analysere resultata og får kunnskap om korleis desse kan nyttast i praksis.

Kva lærer du?

På studiet lærer du å gjennomføre syntesar av organiske og uorganiske stoff og å bruke analytiske teknikkar til å identifisere og kvantifisere produkta. Du lærer òg korleis ein tolkar, samanliknar og vurderer resultata opp mot relevante kjemiske teoriar. Dette gir deg eit godt grunnlag for å forstå, undersøkje og løyse utfordringar innan mellom anna energi, miljø og medisin. 

Du får ei solid utdanning i kjemi, og mykje praktisk erfaring i laboratoriet allereie frå første semester. I tillegg lærer du matematikk, fysikk og programmering, og får kunnskapen du treng for å forstå og løyse utfordringar innan naturvitskap og teknologi. 

Helse, miljø og tryggleik er eit viktig tema i all laboratorieundervisning. Gjennom prosjektarbeid lærer du å vurdere risiko, samarbeide, tenkje kritisk og finne løysingar. Dette gir deg kompetanse som er etterspurd i næringslivet, forsking og offentleg sektor. 

Studiekvardag

Mange studentar trekkjer fram studiemiljøet som noko av det beste ved å studere kjemi. Gjennom undervisning, gruppearbeid og laboratorieøvingar blir du godt kjend med andre studentar, og det er lett å finne nokon å samarbeide med, både fagleg og sosialt.  

Som kjemistudent arbeider du ikkje berre med teori. Laboratoriearbeid er ein viktig del av studiet og gir deg høve til å prøve ut det du lærer i praksis. Ei vanleg studieveke kan bestå av: 

  • førelesingar og seminar 
  • laboratorieundervisning 
  • gruppearbeid og kollokvium 
  • sjølvstendig arbeid med oppgåver 
  • faglege og sosiale arrangement 

Denne kombinasjonen gir både fagleg fordjuping og praktisk erfaring. 

Kjemistudentenes fagultvalg (Valens) bidreg til å skape aktivitet og fellesskap gjennom heile året. Gjennom dei kan du: 

  • møte andre studentar  
  • delta på faglege arrangement
  • vere med på sosiale aktivitetar og turar 
  • få erfaring med organisasjonsarbeid 

Kva kan du jobbe som?

Med ei utdanning i kjemi kan du vere med på å utvikle nye legemiddel, overvake miljøet, bidra til meir effektive og berekraftige energiløysingar eller skape framtidas materiale og produkt. Kjemikarar arbeider mellom anna i prosessindustrien, legemiddel- og matvareindustrien, i energiselskap og innan analytisk kjemi, til dømes i miljøforvaltninga eller havbruksnæringa. 

Døme på arbeidsplassar der tidlegare studentar arbeider: 

  • Equinor 
  • Havforskingsinstituttet 
  • Nofima 
  • Kavli 
  • Norsk Hydro 
  • GE HealthCare 


 

Opptakskrav og søknadsfrist

Opptakskrav: REALFA

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, som vil seie at du vil bruke om lag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Studiet varer i 3 år (6 semester) og startar i august. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

1. semester  

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT101 - Brukarkurs i matematikk 1 (10 studiepoeng) 

KJEM110 - Kjemi og energi  (10 studiepoeng)

INF100 - Programmering I (10 studiepoeng)

2. semester  

KJEM130 - Organisk kjemi (10 studiepoeng)

KJEM120 - Grunnstoffas kjemi (10 studiepoeng)

MAT102 - Brukarkurs i matematikk II  (10 studiepoeng)

3. semester  

MOL100 - Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)

KJEM124 - Kjemisk syntese og analyse (10 studiepoeng)

PHYS101 - Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng)

4. semester

Eit valemne (10 studiepoeng)

KJEM210 - Kjemisk termodynamikk  (10 studiepoeng)

Examen philosophicum, enten skoleeksamen (EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) eller seminarmodell  (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)

5. semester  

Tre valfrie emne (eller utveksling) (30 studiepoeng)

6. semester   

KJEM295 - Bachelorprosjekt i kjemi (20 studiepoeng)

KJEM250 - Analytisk kjemi (10 studiepoeng)   


 

Utveksling

Studieplanen er lagt opp slik at du kan reise på utveksling i 5. semester, der du har berre valfrie emne i studieplanen. 

Du kan søke på avtalar som Kjemisk institutt, fakultetet og UiB har. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Ein bachelorgrad i kjemi kvalifiserer til opptak til mastergrad i kjemi, som opnar for stor valfridom med mange yrkesretningar. Dersom du tar valemne i bachelorgraden innan fysikk og biologi som dekker krav til undervisning i naturfag, kan du ta eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar i kjemi og naturfag.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 34 45
E-post: studierettleiar@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kjemi

Lenke til video