Molekylærbiologi (bachelor)
På bachelorprogrammet lærer du om molekyla og prosessane i cellene. Molekylærbiologer spiller en viktig rolle i utviklinga av nye medisinar, diagnostikk, bioteknologi og framtidas matproduksjon. Du får mykje praktisk erfaring i laboratoriet og kompetanse som er etterspurd i forsking og næringsliv.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 40
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På dette studiet lærer du korleis livet fungerer på molekylnivå. Du får kunnskap om DNA, RNA, protein og andre molekyl som styrer cellenes oppbygning og funksjon. Gjennom mykje praktisk laboratoriearbeid lærer du å bruke metodane og instrumenta forskarane nyttar for å studere desse molekyla. Du får òg kjennskap til bioinformatikk, som vert brukt til å analysere biologiske data.
Molekylærbiologi er viktig for å møte nokon av vår tids største utfordringar, som utvikling av nye medisinar og vaksiner, bekjempelse av sjukdom, berekraftig matproduksjon og bruk av ny bioteknologi. Fagmiljøet forskar på aktuelle problemstillingar innan molekylærbiologi, bioteknologi og biomedisin.
Kompetanse i molekylærbiologi er etterspurt i blant anna helsevesenet, legemiddelindustrien, bioteknologiselskaper og forsking. Studiet er for deg som vil forstå korleis livet fungerer, og forme framtidas løysingar.
Studiekvardag
I ei typisk veke på bachelorstudiet er du på campus dei fleste dagane. I semester med laboratorieundervisning vil du vere på laben, der du får praktisk erfaring med metodar og utstyr som blir brukte i forsking. Bachelorstudiet er eit fulltidsstudium og består av forelesingar, lab-øvingar, rapportskriving, gruppearbeid, presentasjonar og eigenstudium.
Du studerer ikkje åleine! Som ny student får du støtte gjennom mentorordninga, der erfarne studentar hjelper deg å bli kjend med studiet, campus og medstudentane. Gjennom biORAKEL kan du kvar veke få fagleg hjelp frå eldre studentar, jobbe saman med medstudentar eller berre vere sosial. Studentorganisasjonen Helix arrangerer faglege og sosiale aktivitetar gjennom heile året.
Vi held til i Høgteknologisenteret, tett på forskingsmiljøet, og du får god kontakt med forskarar og studentar på master- og ph.d.-nivå.
Kva kan du jobbe som?
Mange molekylærbiologar jobbar med forsking og undervisning ved universitet, høgskular og sjukehus. Andre arbeider i bioteknologi- og legemiddelindustrien med å utvikle nye medisinar, diagnostiske testar og biologiske produkt.
Molekylærbiologar er også viktige innan matforsking, marin forsking og miljøovervaking. Her jobbar dei til dømes med analyse av prøver og kvalitetskontroll som bidreg til å løyse utfordringar knytte til berekraft, mattryggleik og ressursforvaltning.
Tidligere studenter jobbar til dømes på UiB, Haukeland sjukehus, PatoGen AS, Pharmaq Analytiq, Rab Diagnostics og ILAB.
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:
- Matematikk R2
- Fysikk 1 og 2
- Kjemi 1 og 2
- Biologi 1 og 2
- Informasjonsteknologi 1 og 2
- Geofag 1 og 2
- Teknologi og forskingslære 1 og 2
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester:
MOL100 - Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
MAT101 - Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng ) eller MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
KJEM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng)
2. semester:
MOL102 - Eksperimentell molekylærbiologi I (10 studiepoeng)
INF100 - Programmering I (10 studiepoeng)
KJEM130 - Organisk kjemi (10 studiepoeng)
3. semester:
MOL103 - Genstruktur, – funksjon og applikasjonar (10 studiepoeng)
MOL200 - Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering (10 studiepoeng)
Valfritt emne innan matematikk eller statistikk (10 studiepoeng)
4. semester:
MOL201 - Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
MOL204 - Anvendt bioinformatikk (10 studiepoeng)
MOL222 - Eksperimentell molekylærbiologi II (10 studiepoeng)
5. semester:
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester:
Examen philosophicum – enten skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Du kan velje valemne utifrå interesse. Mange studentar vel emne innan molekylærbiologi, biologi, kjemi og bioinformatikk. Men du kan òg velja emne frå andre fagområde og andre fakultet, utifrå eiga interesse.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler at du reiser ut i femte og/eller sjette semester.
Du kan reise til nesten heile verda gjennom dei mange utvekslingsavtalane til UiB. Det er mest vanleg å reise til blant anna Australia, USA med Hawaii, Storbritannia og andre europeiske land.
Vidare studiemoglegheiter
Det er ofte nødvendig å bygge på med ein mastergrad i molekylærbiologi eller biomedisin for å vere kvalifisert til å jobbe på eit laboratorium. Ein bachelorgrad i molekylærbiologi kvalifiserer til vidare masterstudium i molekylærbiologi og tilstøytande fagretningar.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.