Studieplan for ÅRHF-SPLA Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium, høst 2026

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år på full tid.

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Vår

Det vert ikkje tilrådd at spanskstudentane startar på 100-nivåstudiet i spansk i haustsemesteret.

Mål og innhald

Faget har ei klår orientering mot Latin-Amerika og er såleis å rekne for eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium.

Studentane skal øve opp dei praktiske evnene i språket og få innsikt i moderne spansk lingvistikk. Dei skal òg vinne kunnskap om historie, litteratur og kultur i dei spansktalande landa i Latin-Amerika. Studiet gjev også grunnleggjande kunnskapar om Spania.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

<bold>Kunnskap</bold>

Studenten
<list listType="bulleted"><listItem>har generell kunnskap om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan spansk og latinamerikansk språk, historie, litteratur og kultur.</listItem><listItem>kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.</listItem></list>
<bold>Ferdigheiter</bold>

Studenten
<list listType="bulleted"><listItem>kan arbeide sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.</listItem><listItem>kan skjøne og bruke moderne spansk munnleg og skriftleg.</listItem><listItem>bruker kunnskapane sine kritisk og reflekterer over eigen fagleg praksis </listItem></list>
<bold>Generell kompetanse</bold>

Studenten
<list listType="bulleted"><listItem>kan oppnå læringsutbyttet gjennom å studere sentrale tema og problemstillingar i spansk språk, historie og/eller litteraturen i Latin-Amerika og Spania.</listItem></list>

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Sidan all undervisning i emna på årsstudiumet går føre seg på spansk tilrår vi studenten å ha eit språknivå minimum tilsvarande spansk nivå II frå vidaregåande skole før studiestart.

Obligatoriske emne

<list listType="bulleted"><listItem>SPLA107 Spansk grammatikk I, V, (10 stp)</listItem><listItem>SPLA108 Latinamerikansk litteratur og kultur I, V, (10 stp)</listItem><listItem>SPLA109 Latinamerikansk historie, V, (10 stp)</listItem><listItem>SPLA117 Spansk II, H, (10 stp)</listItem><listItem>SPLA118 Latinamerikansk litteratur og kultur II, H, (10 stp)</listItem><listItem>SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika, H, (10 stp)</listItem></list>

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i årsstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (vår)

SPLA107 Spansk grammatikk I (10 stp)

SPLA108 Latinamerikansk litteratur og kultur I (10 stp)

SPLA109 Latinamerikansk historie (10 stp)

2. semester (haust)

SPLA117 Spansk II (10 stp)

SPLA118 Latinamerikansk litteratur og kultur II (10 stp)

SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 stp)

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
<list listType="bulleted"><listItem>A-F, der F er stryk</listItem><listItem>greidd/ikkje greidd</listItem></list>
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad, anten som del av spesialiseringa eller som frie studiepoeng.

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium.

Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium gir grunnlag for opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i spansk. Meir informasjon om opptakskrava finn ein på <webLink><href>http://www.uib.no/studieprogram/PRAPED</href><linkName>;www.uib.no/studi… for arbeidsliv

Internasjonalt samarbeid og samkvem skaper aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan nemnast: omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skole. Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium gir formell kompetanse for denne undervisninga.

Evaluering

Årsstudiet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

<email>Studierettleiar@if.uib.no</email>
<email>Studierettleiar@if.uib.no</email>
Tlf 55 58 93 70