Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Æresdoktor UiB 2019

Statsvitskapleg stjerne æresdoktor

Studentar og tilsette ved dei statsvitskaplege faga får møte si store stjerne når Pippa Norris no er i Bergen for å ta mot tittelen som æresdoktor. Den britiske professoren har vore på pensum i fleire generasjonar, og ho er mellom dei aller mest siterte.

Pippa Norris æresdoktor UiB Portrett
Pippa Norris er kjent for alle som studerer statsvitskaplige fag. No er ho i Bergen for å bli utnemnd til æresdoktor ved UiB
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– Alle som har studert statsvitskaplege fag kjenner henne. Ho er den som er mest sitert innanfor komparativ politikk, politiske kjønnsstudiar og politiske adferdsstudiar. Vi har alle lest bøkene hennar, og ho er sitert nesten 70 000 gonger! 

Det sa prodekan Ragnhild Muriaas i det ho ønska professor Pippa Norris velkomen som gjest til UIB. 

UiB har utnemnd Norris til æresdoktor, og i samband med dette fekk studentar og tilsette høve til å møte kvinna bak mange av bøkene på pensum i sammenlignende politikk og i administrasjons- og organisasjonsvitenskap. 

Deprimert av Brexit 

Pippa Norris held forelesning på UiB
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Mange hadde møtt opp ved UiB for å høyre den populære Harvardprofessoren snakke om tillit til regime.

– Eg kunne ha snakka om populisme, men då ville eg måtte snakke om Brexit, og då blir eg så deprimert, sa Norris, til latter frå salen. 

I staden snakka Norris om tillit, og verdien av såkalla skeptisk tillit i eit regime. Ho klarte ikkje heilt å halde seg vekke frå temaet populisme likevel. 

– I fleire og fleire land høyrer vi at ein ikkje skal stole på eliten, men heller på folket. I realiteten betyr det jo at ein må stole på den sterke leiaren. Når vi måler i kva grad folk i eit land har tillit til leiarane sine ser vi, litt overraskande, at land som Kina og Bangladesh skårar høgt. Men om vi ser på kva type tillit leiarane her nyt godt av, så er biletet eit anna, sa Norris til dei mange frammøtte. 

Tillit er ikkje tillit 

Pippa Norris i samtale
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Pippa Norris i samtale med mellom andre professor Lise Rakner 

Norris forklarte at i liberale demokrati som dei skandinaviske landa så kan ein forklare den høge graden av tillit med at du kan stole på at dei som blir sett i ein posisjon også kjem til å gjere det som er forventa. Det er eit problem at nokre då har tillit til folk som eigentleg ikkje er til å stole på, medan andre faktisk har tillit til folk som ikkje leverer. 

– Å stole på feil folk er jo tillit, men føyeleg tillit er ikkje noko å trakte etter. Vi må forstå folk sin tillit i samanheng med dei dei skal ha tiltru til. Viss ikkje så har ikkje tillit noko meining, sa Norris.