Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
European Social Survey

Digsscore får nasjonalt survey-ansvar (ESS)

UIB og Digsscore vann konkurransen om å få ta over den nasjonale koordinatorrolla for European Social Survey.

ESS tildeling
Jacob Aars og Elisabeth Ivarsflaten jublar over at Digsscore og UiB skal vere nasjonal koordinator for European Social Survey, i skarp konkurranse med NTNU.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– European Social Survey er gullstandarden for komparative undersøkjingar av haldningar til samfunn og politikk i Europa. Vi skal no forvalte denne undersøkjinga i Noreg på vegne av heile det nasjonale forskingsfelleskapet, og samtidig blir vi del av eit stort internasjonalt nettverk med spisskompetanse innan komparativ surveyforsking. Dette gir oss ei god plattform for vidare utvikling og satsing.

Det seier vitenskapeleg leder for Digsscore, professor Elisabeth Ivarsflathen, etter at det har blitt klart at Universitetet i Bergen får ta over ansvaret som nasjonal koordinator for European Social Survey (ESS).

Tek over etter NTNU

European Social Survery er ein europeisk forskarinfrastruktur som samlar inn data frå mange land om haldningar, verdiar og politikk.  Opinionsundersøkingstenesta Digsscore skal ta seg av den norske delen og samkjøre med tilsvarande undersøkingar i andre land.

ESS vart etablert i 2001, og sidan dette har det blitt gjennomført "ansikt til ansikt" intervju i over tretti land. UiB tek over ansvaret frå NTNU, og arbeidet startar opp våren 2020. Oppdraget blir gitt av Forskningsrådet for ein periode på fire år, med høve til å forlenge i nye fire år. 

– Vi er veldig nøgde med at vi markerer oss nasjonalt som eit kunnskapssenter på surveydata og utvikling av meiningsmåling som metode. Det er fantastisk for oss at vi både kan bidra til og få tilgang til den enorme kunnskapen om surveys som ein får gjennom å ha dette ansvaret.

Det seier prodekan ved SV-fakultetet, Ragnhild Muriaas.

Digital surveyekspertise avgjerande

Forskningsrådet skriv at grunnen til at dei valte UIB og Digsscore er at:

  • Kompetansen som er bygga opp rund kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap er svært relevant for å ta vare på det nasjonale arbeidet knytt til European Social Survey. 
  • Gruppa som skal ivareta arbeidet skal ha teknisk og digital ekspertise. ESS har starta arbeidet med å digitalisere surveyen, og difor vil digital kompetanse hos den norske vertsinstitusjonen vere viktig for å sikre at den norske datainnsamlinga blir gjennomført på ein god og sikker måte.