Får nær 300 mill til å utvikle ansvarleg medieteknologi
UiBs SFI-søknad om å få etablere eit 300- millionars senter for ansvarleg medieteknologi vann fram! – Eg er heilt sett ut, seier senterleiar Christoph Trattner.
Hovedinnhold
– Å investere i ansvarleg medieteknologi er eit «must». Det har vi fått demonstrert no under Covid19- krisa og dei falske nyheitene som har dukka opp. Eg er heilt «super blasted» over at vi vann fram i konkurransen om å bli ein SFI, eller eit Senter for forskningsdrevet innovasjon, for denne infrastrukturen finnast ikkje i Noreg enno.
Det seier leiar for MediaFutures, Christoph Trattner.
Forskningsrådet ga på styremøte i går ettermiddag klarsignal til at UiB kan planen om å etablere eit senter for ansvarleg medieteknologi i Media City Bergen saman med partnarar innan forsking, medieproduksjon og teknologiutvikling. Forskningsrådet innvilga søknaden som har ei ramme på over 280 millionar kroner, der partnarane har forplikta seg til å bidra med over 111 millionar kroner.
Ein stolt dag for klyngesamarbeidet
Teamet bak UiB-søknaden Media Futures då søknaden vart levert hausten 2019: nstituttleiar Leif Ove Larsen, konsulent Ronan Huggerd, forskar Ane Tryggeseid, senterleiar Christoph Trattner og forskningsrådgiver Ola Roth Johnsen.
– Det er ein fantastisk stolt dag for oss alle saman! Dette er noko vi har jobba for lenge i medieklynga, og det er ei strålande anerkjenning av det sterke forskingsmiljøet ved Institutt for informasjons- og medievitskap, som er er ein drivande motor i klyngesamarbeidet. Dei oppgåvene som senteret skal jobbe for, som handlar om å finne løysingar som kan motverke fake news og ekkokammer, er avgjerande for at vi i framtida skal kunne nyte godt av eit berekraftig demokrati.
Det seier Anne Jacobsen, som er dagleg leiar i Media City Bergen og NCE Media
Også sjefsredaktør i TV2, Olav T. Sandnes rosar samarbeidet mellom UiB og medie- og teknologibedriftene i MCB.
- Redaktørstyrte mediar har ei viktig rolle no, og vi innser at samspelet med teknologi berre blir viktigare og viktigare. Det at UiB er slik ein samfunnsrelevant kunnskapsinstitusjon, gjer at dette samarbeidet er heilt avgjerande for oss framover, seier han.
Store utfordringar i media
Senteret har fått namnet MediaFutures, sidan det er nettopp dei store utfordringane som media står ovanfor som senteret skal prøve å løyse.
– Vi håpar å kunne utvikle nøkkelteknologi som media desperat treng. Førsteprioritet er kunstig intelligens software, slik som filter som oppdagar fabrikkerte nyheiter. Ein annan ting som hastar er å utvikle anbefalingsteknologi som gir deg ein meir balansert mediediett. Vi vil også prøve å utvikle nye typar interaksjonsteknologi, slik at brukargrupper som barn eller eldre kan samhandle med media meir effektivt. Der er mykje å ta tak i, og dette er noko av det vi vil starte med, seier Trattner.
Christoph Trattner blir leiar for senteret MediaFutures som no har fått status som Senter for forskningsdrevet innovasjon.
Jubeldag
Leiar for Institutt for informasjons- og medievitskap, Leif Ove Larsen, sparar heller ikkje på superlativa.
– Dette er ein jubeldag, og ei svært gledeleg nyheit for UiB og for norsk mediebransje! Senteret vil bety ei storstilt satsing på forsking og utvikling på eit felt som betyr utruleg mykje for medie- og teknologibransjen, men også for norsk offentlegheit!
– MediaFutures er ei satsing på forsking og innovasjon innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi i ei kritisk tid for norske media og norsk offentlegheit. Medielandskapet er i dramatisk endring og det er viktigare enn nokon gong å styrke kunnskapsutvikling og innovasjon på dette området. Vi skal levere kompetanse og teknologi som vil styrke bransjen si omstillingsevne og norsk mediemangfald, seier han.
Dagleg leiar i Media City Bergen feira i vår 10 års samarbeid i mediaklynga saman med UiB og rektor Dag Rune Olsen