Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Utfyllende regler for Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Det samfunnsvitenskapelige fakultet har lokale, utfyllende regler til UiBs studieforskrift. I de utfyllende reglene har vi gjort en del presiseringer som kun gjelder dette fakultetet.

Hovedinnhold

Dei utfyllande reglane for Det samfunnsvitskapelege fakultet vart vedtekne i fakultetsstyret 12.desember 2023 og verkar frå 01.01.2024. 

Utfyllande regelverk for lektorprogrammet går føre utfyllande regler frå SV-fakultetet, i saker som gjeld lektorprogrammet i samfunnsfag. 

Til kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne 

§ 3-1 Oppretting, nedlegging og endring 

Til punkt (4): 

Alle studieplanendringar skal meldast til fakultetet innan fristen måndag i veke 38 og i veke 8 for endringar som gjeld frå påfølgjande semester. 

Til punkt (6) og (7): 

Institutta er ansvarlege for å varsle studentane om endringar i emnetilbodet og andre vesentlege endringar i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet, etter at det er vedteke på fakultetet. 

 

Til kapittel 4. Studierett 

§ 4-1 Opptak til studium 

Til punkt (1): 

Poststudium: Studentar som har fullført ein grad ved fakultetet, kan innan ein oppgitt frist søkje om å få studere enkeltemne i inntil eitt år etter at grad graden vart fullført, fram til neste Samordna opptak. 

Hospitering: Studentar som har gyldig utdanningsplan ved ein annan høgre utdanningsinstitusjon i Noreg, kan søkje om å få studere enkeltemne ved Det samfunnsvitskapelege fakultet innan ein oppgitt frist. 

Intern overgang: Studentar på årsstudium og programstudentar ved Universitetet i Bergen kan innan ein oppgitt frist søkje om overgang til eit bachelorprogram ved Det samfunnsvitskapelege fakultet. 

Søkjarane må oppfylle eventuelle progresjonskrav på programmet dei søkjer overgang til, i tillegg til andre opptakskrav fastsett i studieplanen. 

 

Til kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær 

§ 5-1 Søknad 

Til punkt (2): 

Normalt er det ikkje mogleg å vere deltidsstudent på 2-årige masterprogram, integrerte masterprogram og studieprogram med 30-poengsemne. Institutta handsamer søknadar. 

Det vert ikkje innvilga utsett studiestart ved opptak til 2-årige masterstudium. Studentar kan likevel søkje om permisjon. 

 

§ 5-3 Pause frå studia 

Til punkt (1): 

Ved opptak til eit nytt studieprogram er det berre mogleg å ha pause frå det opphavelege studieprogrammet ved fakultetet dersom emna i det nye studieprogrammet er adgangsbegrensa. 

Til punkt (3): 

Studentar som er tekne opp til kortvarige studium, til dømes årsstudium, får ikkje innvilga pause frå studia. 

Retten til pause frå studia gjeld ikkje dei fire siste semestera på integrerte masterprogram. 

 

§5-6 Rettar ved gyldig fråvær 

Til punkt (3): 

Måten kontinuasjonseksamen skal gjennomførast på, og kven som har rett til å ta kontinuasjonseksamen i eit gitt emne skal gå fram av emneskildringa. Institutta kan i emneskildringa avgjere at  studentar med bestått resultat ikkje har høve til å melde seg til kontinuasjonseksamen. 

For skuleeksamenar/saleksamen er regelen at ny eksamen vert heldt påfølgjande semester.  For innleveringseksamenar er hovudregelen ny leveringsfrist fastsett av instituttet. 

 

Til kapittel 6. Undervisinga 

§6-5 Tilgang til undervisning 

Til punkt (4): 

For emne med plassbegrensing skal rangeringa som dannar grunnlag for opptak til emnet gå fram av emneskildringa. For emne med undervisingsopptak skal tidsfrist for opptaket gå fram av emneskildringa. Fristen skal vere slik at studentar som ikkje får plass, skal ha moglegheit til å semesterregistrere seg til andre emne innan fristen 1.september/1.februar. 

Til punkt (5) a, b og c: 

Institutta kan i emneskildringa avgrense tilgangen til undervising og rett på rettleiing for studentar som: 

  1. tidlegare har følgt undervisinga og er innafor perioden skildra i §6-6 (3) 

  1. har bestått resultat i emnet eller 

  1. allereie har fått rettleiing i emne som gjeld bachelor- eller masterprosjekt. 

 

§6-7 Særskild om bachelor- og masteremne 

Til punkt (1): 

Fakultetet kan i samråd med instituttet gi avslag på søknad om nytt opptak til eit masterprogram dersom studenten sine rettleiingsressursar er uttømte. Rettleiingskontrakten gir rammer for talet rettleiingstimar ein student har rett på i løpet av masterstudiet. 

 

Til kapittel 7. Eksamen 

§7-2 Form 

Til punkt (4): 

Om berre eit utval av studentane skal bli tekne opp til munnleg justerande skal studentane orienterast om dette i emneskildringa, og utvalet skal gjerast etter eit av følgjande kriterium: 

 

  1. tilfeldig, ved at eit utval av kandidatane blir velte ved loddtrekning innan ei oppgitt frist, eller 

  1. etter sensoren sitt skjønn, ved at dei av kandidatane som ein særleg er i tvil om karaktersettinga for, kallast inn, eller 

  1. ved at dei kandidatane som sjølv har gitt melding om at dei ønskjer det, kallast inn. 

 

Til punkt (5): 

Ved gjentak av allereie beståtte emne (forbetring av karakter) må alle delar som inngår i mappeeksamenog alle delane av ein deleksamen leverast på nytt, med mindre emneskildringa seier noko anna. 

 

§7-3 Rett til eksamen 

Til punkt (2): 

Fakultetet kan nytte tvungen eksamensmelding i emne som etter utdanningsplanen skal fullførast på eit bestemt tidspunkt, der det er naudsynt av hensyn til fag og/eller progresjon 

 

§7-4 Gjennomføring av eksamen 

Til punkt (1) c): 

Dei til ei kvar tid lovlege hjelpemidla på eksamen skal gå fram av emneskildringa til emnet. Bruk av ordbøker og ikkje-programmerbare kalkulatorar er tillate, om ikkje noko anna er oppgitt i emneskildringa. 

Til punkt (2): 

Faglærar/eksamensansvarleg skal vere tilgjengeleg for spørsmål som gjeld oppklaring av oppgåveteksten. 

 

Til kapittel 8. Eksamensforsøk 

§8-1 Talet på forsøk 

Til punkt (4) b): 

Fakultetet kan, etter søknad, gi eitt (1) ekstra eksamensforsøk utover dei tre fastsette eksamensforsøka når emnet inngår i utdanningsplanen og er naudsynt for å oppnå graden. 

 

Til kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk 

§9-6 Grunngiving 

Til punkt (2): 

Instituttet vel om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg. 

 

§9-8 Sensorane 

Til punkt (1): 

Hovudregelen ved Det samfunnsvitskapelege fakultet er at rettleiar ikkje er del av kommisjonen ved masterprosjekt. Institutta kan gjere unntak frå regelen, om faglege omsyn krev det.