Hjem

Universitetsbiblioteket

SPRÅKSAMLINGANE

Gammalnorsk og norrønt

Ei stor samling ordbokssetlar, diplomavskrifter og ein del administrativt materiale frå det tidlegare Gammelnorsk Ordboksverk er tilgjengeleg i Språksamlingane. Setelmaterialet dokumenterer norsk språk i den klassiske norrøne tida, basert på litterære tekstar. Diplommaterialet er avtaletekstar og liknande, som er kjelde til språket i tida etter norrønt - òg kallat mellomnorsk tid.

Menota

Medieval Nordic Text Archive - Menota er ei open ressurs for alle. Ein stor del av tekstane i arkivet til Gammalnorsk ordboksverk har i løpet dei siste tiåra blitt digitalisert og gjort tilgjengeleg gjennom det fellesnordiske Menota-prosjektet med 14 deltakande institusjonar, eit arkiv der stadig nye tekstar blir lagde til. Somme av tekstane er lemmatiserte og det er dermed mogleg å gjere søk i dei. 
Søka kan avgrensast med omsyn til ordklasse og dei grammatiske kategoriane kjønn, tal, kasus, bestemtheit, person, grad, tempus, modus og diatese.
Lingvistisk informasjon om somme av dei gammalnorske tekstane (sjå søkemodulen i URL-en over) er også tilgjengeleg via eit søkegrensesnitt der ein i tillegg til ordklasse og dei nemnde grammatiske kategoriane også kan få ut informasjon om informasjonsstruktur og syntaktisk funksjon. Døme på forskingsområde:

  • gammalnorsk språkstruktur
  • morfologi og syntaks
  • ortografisk variasjon
  • leksikalske studiar

Samlingane er ein ressurs for undervisning på høgare nivå. Dei gammalnorske samlingane vil spele ei viktig rolle i språkhistoriske studiar, namnegransking og diakrone språkendringsstudiar. 

Johan Fritzner: Ordbog over det gamle norske Sprog

Ordbog over det gamle norske Sprog  er ei ordbok frå norrønt (gammalnorsk og gammalislandsk) til norsk utarbeidd av den norske presten Johan Fritzner. Det er den største komplette ordbok over det gammalnorske språket.
Fritzners ordbok inneheld foruten ordforklaringar også relevante sitat frå norrøn litteratur og norrøne kjeldeskrift som lover og brev (for eksempel Diplomatarium Norvegicum) med kjeldehenvisningar. Ordboka har samsøk med verket Cleasby-Vigfusson: Icelandic-English Dictionary.