Hjem
Fagressurser - Spesialsamlingene
Terminolgi

Om CLARINO

Ein nasjonal forskingsinfrastruktur for språkressursar

CLARINO er eit samarbeid mellom fleire norske forskingsinstitusjonar, der målet er å byggja opp ein felles, nasjonal infrastruktur for språkressursar til nytte for forsking innanfor ei rekkje fagområde. Prosjektet bleiv finansiert av Noregs Forskingsråd i perioden 2013-2017.

Termportalen er òg del av CLARINO. Målet med Termportalen er å harmonisera og integrera eksisterande terminologi-ressursar og å gjera terminologi allment tilgjengeleg. Dette gjer at brukarar av terminologi vil få ein enklare kvardag, ved at dei kan bruka éin enkelt nettstad som inngang til ressursar frå mange ulike kjelder.

Vi har tru på at CLARINO og vårt samarbeid vil vera eit viktig steg for utvikling av norsk terminologi og bli ein nyttig ressurs for forskarar, fagekspertar, omsetjarar, språkarbeidarar og andre brukarar av norsk terminologi.

Tilbake til framsiden