Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Informasjon om eksamen og vurdering ved MatNat

Eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Her finn du informasjon om eksamen og sensur ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB.

Studenter sitter ved hver sin pult i et eksamenslokale og venter
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

 

Melde deg til eksamen

Du melder deg til undervisning og eksamen (vurdering) på Studentweb. Legg merke til at fleire av våre emne er med i vårt lokale undervisningsopptak. Du får ikkje eksamensmeldt deg før du har fått plass på undervisninga. For emne som ikkje har undervisning det aktuelle semesteret, eller ikkje inngår i undervisningsopptaket er fristen for å melde seg til eksamen 1. september og 1. februar.

 

Skriftleg skuleeksamen: Eksamen - kvar, når og korleis

Eksamensdatoen for skriftleg skuleeksamen skal være klar 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Studentweb får du oversikt over dato, klokkeslett og eksmenslokale for emna du har meldt deg til eksamen. Du finn også kandidatnummeret ditt her. Sjekk utdanningsplanen din via menyvalet 'studier' og 'vis detaljer' ved vurderingsinformasjonen knytt til emnet.

Du kan også finne ei samla oversikt med tid og oppstartstidspunkt for skriftleg skuleeksamen ved fakultetet i eksamensplanen

Ein eksamen kan ha oppstartstidspunkt kl 09.00 eller 15.00. Kvar eksamen har kun eitt starttidspunkt. Det er berre skuleeksamen på inntil 4 timar som kan ha oppstartstidspunkt kl 15.00.
Klokkeslettet vert endeleg fastsett 14 dagar før eksamensdato.

På Studentweb får du oppgitt din romplassering i eksamenslokalet 3 dagar før eksamen. 

Sjekk difor Studentweb kontinuerlig!

Dei fleste skriftlege skuleeksamen ved fakultetet vert gjennomført digitalt og vi nyttar det digitale eksamenssystemet Inspera Assessment. Du treng difor bærbar datamaskin som oppfyller systemkrava. Les meir her korleis du gjer deg klar for digital eksamen.

Andre eksamensformer:

Tidspunkt for heimeeksamen, munnleg eksamen og semesteroppgåver vert normalt gitt på Mitt UiB eller på emnesida på nett. 

Vi oppmodar deg til å sjekke Mitt UiB jamleg! 

Sensur

All sensur for emne vert publisert elektronisk på Studentweb. Sensuren er klar normalt innan tre veker etter eksamenensdagen for skriftleg skuleeksamen eller eksamensinnleveringa. 

Grunngjeving av og klage på karakter

Om du får eit resultat på ein skriftleg eksamen som du meiner ikkje er riktig, har du rett på grunngjeving av resultatet og rett til å klage på vurderinga. Du har og rett til å klage om du meiner det er gjort formelle feil under eksamensavviklinga.

Vi tilrår at du ber om grunngjeving for karakter før du sender inn klage. Resultat av klage er endelig og kan ikkje klagast på.

Merk at vi vurderer alle klager samla i eitt emne, og behandlingstid samla er 8-12 veker. Du bør ikkje rekne med at resultatet av klaga er klar til tidleg eksamen.

Vi har ei eiga side med informasjon og skjema for klage på og grunnlag for karakterfastsetting.

Trekk frå eksamen og 3-gangers regelen

Trekk frå eksamen

Det er viktig at du trekker deg frå eksamenar du vet du ikkje skal ta. Fristen for å trekke deg er minst 14 dagar før eksamensdato. Då unngår du at det tel som eit forsøk. Du trekk deg frå eksamen på Studentweb. Trekk under eksamen tel som eit forsøk. Trekk eller stryk visast ikkje på vitnemålet. Høgaste oppnådde karakter i eit emne ein tek i løpet av graden er gjeldande på vitnemålet.

3-gongers regelen

3-gongers-regelen betyr at det berre er mulig å ta eksamen i same emne 3 gangar. I særlige tilfelle er det mulig å få innvilga eksamen for 4. gong. Les er om dette under overskrifta «Søknad om 4. gangs eksamen».

Om du har ulike karakterar i et emne er det den beste karakteren som blir ståande på vitnemålet (så lenge du tar eksamen før du har oppnådd en grad).

Ny vurdering og ekstra eksamen/fjerde gongs eksamen

Om du vil ta eksamen på nytt i eit emne, er det nokre korte prinsipp som gjeld:

  • Du kan sjølv melde deg til ny vurdering på Studentweb.
  • Eventuelle obligatoriske øvingar må vere gyldige. Om ikkje må du ta heile emnet på nytt i eit semester med undervisning.
  • Du treng ikkje møte til eksamen fyrste gong for å kunne ta eksamen på nytt i eit emne.
  • Du får tre teljande forsøk på eksamen. Eventuelt fjerde forsøk må søkast om i spesielle tilfelle. 
  • Alle skriftlege eksamensemne har normalt eksamen både haust og vår. Dette er ein ordinær eksamen.
  • Eksamen er på slutten av semesteret med undervisning og tidleg i semesteret utan undervisning.
  • Eksamen i semester utan undervisning har ikkje kollisjonssikring mot eksamen eller undervising i andre emne
  • Spesielle reglar gjeld tidleg eksamen i emne med undervisning både haust og vår (sjukeeksamen), samt for uregelmessige emne i matematikk/statistikk

Om emnet har obligatoriske arbeidskrav må dei framleis vere gyldige for at du skal kunne melde deg opp til ei ny vurdering. Du kan sjekke kor lenge obligatoriske arbeidskrav er gyldige på emnet si heimeside på uib.no under overskrifta "obligatoriske arbeidskrav".

Ny eksamen ("sjukeeksamen"):

Studentar som har gyldig fråvær på avsluttande skuleeksamen har rett på tidleg vurdering påfølgande semester ("sjukeeksamen").

Sjå sentrale nettsider for meir informasjon: Syk på eksamen | Studentsider | UiB

 

Søknad om ekstra eksamen/fjerde gongs eksamen:

Fjerde gongs eksamen vert berre innvilga på spesielle grunnlag der:

  • Tre teljande forsøk er brukt i emnet
  • Emnet er ikkje bestått
  • Emnet er obligatorisk eller valbart obligatorisk i graden

Søknadsskjema og reglement: 

Søknad om 4.gangs eksamen (nynorsk)

Søknad om 4.gangs eksamen (bokmål)

Søknadsfrist 1. februar/september.

Eksamensoppgaver på engelsk

Dersom du ønsker eksamensoppgåver på engelsk må du søke skriftleg minst 1 månad før gjeldande eksamensdato. Søknaden sendast til instituttet ansvarleg for emnet. Instituttet er ikkje forplikta å tilby eksamensoppgåver på engelsk med mindre emnet undervisast på engelsk. Søknaden kan difor bli avslått.

Exam in English?
If you are attending courses that are not listed as taught in English you need to apply in written form 1 month ahead of the exam date to request to sit the exam in English. There is no application form; Write an application with your name, student number, the name of the course and specify that you wish to have the exam paper in English. Please send the application to the department responsible for the exam. Please note that the department is not obligated to provide examination questions in English for courses taught in Norwegian, thus the request may be denied.

Fusk/Hjelpemiddel under eksamen

Fusk og ulovleg bruk av hjelpemiddel

Universitetet ser naturlegvis alvorlig på fusk på eksamen. Det kan få store konsekvensar om du har med hjelpemiddel som ikkje er tillate på eksamen. Dette gjeld sjølv om hjelpemidlet ikkje har vore i bruk eller sjølv om det ikkje vi vere til hjelp på eksamen.

Det kan bli tatt stikkprøver av hjelpemiddel under eksamen.

Her kan du lese mer om bruk av kilder og referanser i skriftlige oppgaver

UiBs brosjyre om fusk og plagiering

Etikk i utdanningen

 

Tillatne hjelpemiddel

Det er viktig å undersøke kva hjelpemiddel du kan bruke på eksamen.

Informasjon om tillatne hjelpemiddel står i emneskildringa på nett. Det skal òg gå tydeleg fram av eksamensoppgåva.

 

Kalkulator på eksamen

Dersom «enkel kalkulator» er tillate er kun følgende modellar tillatte:

  • Casio FX-82ES PLUS
  • Casio FX-82EX
  • Casio FX-82CW
  • Casio FX82 SOLAR II

Du har sjølv ansvar for å skaffe deg en tillatt kalkulatormodell.

Dersom «alle kalkulatorar tillate», gjeld følgande reglar:

Kalkulatoren
- skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kan ikkje koplast til straumnett
- må ikkje avgje støy
- Det er ikkje tillate å ta med bruksanvisningar, programbeskrivelsar, ferdige program eller anna tilleggsutstyr.

 

Ordbok

Du kan ta med ordbok på skriftleg eksamen. Det er ein universal rett og kjem ikkje fram i lista over tillatne hjelpemiddel i kvart enkelt emne.

Reglement: Ordboka

  • må være generell. Dvs. oversette ord frå eit språk til eit anna (f.eks frå tysk til norsk).
  • må ikkje vere teknisk ordbok, geologisk ordbok osv.
  • må ikkje vere leksikalsk (dvs. beskrivande og innehalde definisjonar av ord).
  • må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
  • kan ikkje vere elektronisk

Ordboka må leverast inn for gjennomsyn på Infosenteret for realfagsstudentar i Realfagbygget seinast 1 veke (5 arbeidsdagar) før eksamen. Du får utlevert ordboka i eksamenslokalet.