Delstudium i utlandet ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Ein grunn er at du kan studere fag du elles ikkje kunne studere i Noreg. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.
Universiteta som er valt ut til tilrettelagde delstudium er valt ut på bakgrunn av faglege kontaktar som allereie er etablert mellom fagmiljøa, eller på bakgrunn av særs gode faglege kvalitetar og tilpassingar til studia ved UiB. På den måten har du som student større garanti for at det faglege utbyttet skal vere tilpassa studia her heime ved UiB. I tillegg vil instituttet ditt ha særs god kjennskap til dei utvalde universiteta og dermed kunne gi deg betre rettleiing.
Sørg for å lese all informasjon om korleis du går fram.
-
Utveksling på studieprogramma ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet
Dei fleste studieprogramma ved fakultetet har valt ut nokre universitet der dei anbefaler studentane sine å reise (tilrettelagde delstudium).
-
Kontaktinformasjon utveksling ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Studenter som planlegg å reise på utveksling kan be om rettleiingstime med studiekonsulenten på sitt program. Benytt gjerne rettleiingstimene i Informasjonssenteret for realfagsstudentar.
-
Godkjenning av studieopphold i utlandet ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Utvekslingsopphaldet er ein del av graden din. Du som skal reise på utveksling må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før du reiser. Når du kjem heim skal dei kursa du har tatt eksamen i innpassast i graden din.