Hjem

Det medisinske fakultet

Om fakultetet

Fakultetet var først tablert 15. august 1946. 1. januar 2008 gjekk fakultetet saman med Det odontologiske fakultet og oppretta "Det medisinsk-odontologiske fakultet". Dei to fakulteta gjekk saman ut i frå eit ønskje om å utvikle oral helse som ein meir integrert del av helseomgrepet og for å kunne tilby meir tverrfagleg utdanning og forsking. I tillegg til medisin og odontologi tilbyr fakultetet profesjonsutdanning innan farmasi, tannpleie og ernæring, og har fleire mastergradsprogram innan helsevitenskap, biomedisin og global helse. Juni 2017 skifta fakultetet namn til "Det medisinske fakultet".

Fakultetet dekkjer eit breitt spekter av forskingsfelt. Det er vertskap for to Senter for framragande forsking (SFF), Centre for cancer biomarkers (CCBIO) og Centre for intervention science in maternal and child health (CISMAC), fire K. G. Jebsen senter for forsking på henholdsvis diabetes, nevropsykiatriske lidingar, hjernesvulst og autoimmune sykdommer, og eit ERC prosjekt (advanced grant) innan diabetes og fedmeforsking.  I tillegg tek forskingsgrupper ved fakultetet del i ein SFF, Norwegian Centre for Mental Disorders (NORMENT), kor Universitetet i Oslo er vertskap. Fakultetet sin forskingsinfrastruktur er organisert i tilsaman åtte kjernefasilitetar.

Totalt har Det medisinske fakultet om lag 1200 medarbeidarar, ca 1900 studentar og er med sine over 500 PhD-kandidatar ein av dei største bidragsytarane til forskerutdanninga ved Universitetet i Bergen.

Det medisinske fakultet hadde navnet Det medisinsk-odontologiske fakultet helt fra sammenslåinga i 2008 til 1. juni 2017.