Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Meltzerprisen for unge forskarar

Sampolprofessor Michaël Tatham tildelt Meltzerpris for unge forskarar

Meltzerfondet har tildelt professor Michaël Tatham Meltzerprisen for unge forskarar.

Professor Michaël Tatham
Professor Michaël Tatham

Hovedinnhold

Michaël Tatham er fransk statsborgar. Han har grader frå Sciences Po Grenoble (Frankrike), Universitetet i Oxford (Storbritannia) og Det europeiske universitetsinstituttet (EUI) i Italia. Han vart assistentprofessor (tilsv. universitetslektor) ved Humboldt-universitetet i Berlin (Tyskland) i 2010, førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen i 2012 og vart tildelt fullt professorat ved instituttet i 2014, i ein alder av 33 år.

Professor Tatham har gjennomført innovativ forsking på forskjellige statsvitskaplege felt, mellom anna samanliknande politikk, internasjonale relasjonar, offentleg administrasjon, studiar av Den europeiske unionen og territoriell politikk. Forskinga hans har resultert i publiseringar i leiande tidsskrift innanfor alle desse felta, slik som Comparative Political Studies, International Studies Quarterly, Journal of Public Administration Research Theory, European Union Politics, eller Regional & Federal Studies.

I forskinga si fokuserer Tatham på fleirnivåpolitikk i Den europeiske unionen (EU), særleg på korleis det regionale nivået samhandlar med det overnasjonale nivået i unionen. Dette omfattar spørsmål som: kvifor og korleis regionar mobiliserer i Brüssel, korleis regionane påverkar politikkutviklingsprosessen i EU, korleis dei samhandlar med sine eigne medlemsstatar i Brüssel, eller kva for institusjonell oppbygging dei føretrekk i EU. Til dømes har Tatham funne at auka desentraliseringsnivå i Brüssel fører til at samarbeidet mellom statar og regionar aukar, slik at statane i mindre grad blir forbigått, men at dette berre har ein indirekte effekt på politikkpåverknad og ingen effekt på graden av representasjon av motstridande interesser. Samstundes har ikkje alle desentraliseringsdimensjonane  den same effekten: Medan sjølvstyre tenderer til å auke mobiliseringsgraden, fører delt styre ikkje til noko endring i mobiliseringa, og seinkar til og med uroa for overstyring frå EU.

I 2014 var Tatham på delt sjuandeplass i oversynet over forskarar med flest publiseringspoeng ved Universitetet i Bergen, med 9.5 publiseringspoeng. Den første eineforfatta monografien hans blir gjeven ut på Oxford University Press i april 2016.

Professor Tatham speler ei framståande internasjonal rolle i forskingsmiljøet sitt. Som 31-åring vart han medredaktør for Regional & Federal Studies, det leiande statsvitskaplege forskingstidsskriftet i Europa med fokus på territoriell politikk. I ein alder av 33 vart han medredaktør for bokserien Comparative Territorial Politics, som blir gjeven ut av Palgrave Macmillan. Sidan han var 32 år har han stifta og leia det internasjonale forskingsnettverket Territorial Politics and Federalism. Nettverket er basert ved Columbia-universitetet i USA og tel 173 medlemmer i 28 land.

Professor Tatham er tungt involvert i undervising og forsking i Bergen, mellom anna som leiar for bachelorprogrammet i europastudiar, og ved å ta del i organiseringa av avanserte metodeseminar i kvantitativ tekstanalyse og bayesisk hierarkisk modellering, samt ved å delta i fire forskjellige storskalasøknader om forskingsstøtte i dei første tre tilsettingsåra sine i Bergen.

 

Retningslinjene for Meltzerprisen for unge forskarar er siterte nedanfor:

Det tildeles inntil 2 priser for fremragende vitenskapelig arbeid utført av yngre forskere, ikke over 35 år på tildelingstidspunktet. Vurderingen skal i første rekke bygge på nyere forskningsbidrag, fortrinnsvis slike som er publisert eller bedømt det foregående år, eller som i det foregående år har fått særlig vitenskapelig anerkjennelse.

 

Ved tildelingen skal det særlig legges vekt på forskerens selvstendighet og evne til nyskaping. Det skal også legges vekt på hvorvidt de aktuelle forskningsbidrag fremtrer som særlig fremragende eller løfterike vurdert på bakgrunn av forskerens alder, forskningsprosjektets karakter og forskningstradisjonene på vedkommende fagområde. Prisene deles ut på L. Meltzers fødselsdag 8. mars og er et diplom og et beløp fastsatt av styret.