Bachelorprogram i fransk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Studerer du fransk, får du ein nøkkel til ei større verd i spennet mellom rasjonalisme og lidenskap, individualisme og universelt engasjement. Du kjem på innsida av stereotypiane.
I kunst og tankeliv har Frankrike vore ein tradisjonsmedviten og nyskapande tonegivar. Fransk er dessutan eit verdsspråk som blir brukt av grovt rekna 160 millionar menneske. Å følge historia til det franske språket er å følge ei politisk og kulturell historie. Kvifor har Kongo fransk som offisielt språk? Og kvifor gav det status å ha franske tenestejenter i Noreg for hundre år sidan?
Skjønnlitteratur er ein sentral del av studiet, med særleg fokus på korleis denne litteraturen kan seie noko om franskspråkleg kultur og historie. Gjennom å lære seg å analysere og tolke skjønnlitteratur vil ein nærme seg ei større forståing av det franske språket si utvikling og måten det blir brukt på. Litteraturen gir òg eit godt bilde av tida og samfunnet han blei til i.
Visste du at ...
Fransk dagleg blir snakka av 60 millionar menneske i Frankrike og av om lag like mange utanfor landet sine grenser. Det er offisielt språk i om lag 40 land og regionar.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet i fransk har som mål å gi generelle og spesialiserte kunnskapar om fransk språk, kultur og litteratur. Gjennom studiet kan ein også skaffe seg gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg fransk.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i fransk. Masterprogrammet gir moglegheiter til spesialisering i språkleg eller litterær retning.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du kombinerer fransk med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Forsking
I franskmiljøet ved UiB forskar lingvistane blant anna på korleis språket utviklar seg over tid. Litteratane i fagmiljøet forskar for eksempel på historia til franskspråkleg litteratur og forholdet mellom litteratur og film. Innanfor fagdidaktikken forskar ein på språklæring, med særleg vekt på nytting av nye virtuelle media.
Sjå også desse studia
Språk og interkulturell kommunikasjon, integrert lektorutdanning med master i framandspråk eller nordisk.
Utveksling
Du kan velje blant UiB sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. UiB har utvekslingsavtaler med fleire franskspråklege universitet, blant anna i Paris, Nice og Montreal. I tillegg har instituttet ei avtale om studieopphald ved Det norske studiesenteret i Caen.
Yrkesvegar
Fransk er arbeidsspråk i ei rekke internasjonale organisasjonar. Frankrike er dessutan ein viktig handelspartnar for Noreg, og også turistnæringa er svært viktig for begge land. Gode kunnskapar i fransk språk, litteratur og kultur er derfor etterspurde i mange yrkessamanhengar internasjonalt så vel som nasjonalt, innanfor skole og utdanning, næringsliv, informasjonsarbeid, media, omsetting og kulturliv.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på franskemna er fransk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorstudium i fransk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i fransk språk og franskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein skaffa seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg fransk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet.
Spesialiseringa i fransk (90 studiepoeng) inneheld seks emne innan fransk grammatikk, fonetikk, omsetjing, litteratur, kulturkunnskap og samfunnskunnskap. 100-nivået har som mål å gje eit oversyn over dei ulike tema, medan ein på 200-nivå får høve til å fordjupe seg i fransk grammatikk, omsetjing og litteratur.
Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet.
På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført Bachelorgrad i fransk skal studentane
Kunnskap:
- ha grunnleggjande kunnskapar i fransk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt fransk-norsk
- ha god innsikt i det franske språksystemet og ei god forståing og meistring av eit språkvitskapleg omgrepsapparat
- ha basiskunnskap om fransk historie og frankofoni
- ha god kjennskap til det franske samfunnet i dag
- ha god innsikt i dei litterære pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira
- ha grunnleggjande kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i ulike sjangrar
Dugleik:
- kunna uttrykkja seg og formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
- vera i stand til å nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar
- kunna presentera sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar
Generell kompetanse:
- kunna gjennomføra under rettleiing eit analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåven
- kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføra studiet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå II frå vidaregåande skole. Alle som skal byrja på 100-nivå i fransk, får tilbod om ein diagnostisk test som kan gje ein peikepinn om eige språkleg nivå.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i fransk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) og er sett saman av:
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur
eller Språk og kommunikasjon
Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Bachelorprogrammet i fransk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), og 90 studiepoeng med spesialisering i fransk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.
Ei godkjend spesialisering i fransk utgjer normalt opptaksgrunnlaget for mastergrad.
I bachelorprogram i fransk vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalda FRAN101, FRAN102, FRAN103, FRAN114, FRAN201 og FRAN253.
Emnet TRANSHF - omsetjingsteori (med omsetjing mellom fransk og norsk) kan eventuelt koma i staden for eitt av emna på 200-nivå i fransk spesialisering. Eit anna alternativ er å ta emne tilsvarande 200-nivå som delstudium i utlandet. Ein må likevel sjå til at gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng vert oppfylt, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultetet.
Fransk kan òg utgjera spesialiseringa i dei tilrettelagte bachelorprogramma Språk og informasjon, Språk og interkulturell kommunikasjon, Europastudiar og Integrert lektorutdanning med master i framandspråk. For desse programma kan det vera eigne reglar for kva emne som vert kravde.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i fransk har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (H):
Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (30 stp)
2. semester (V):
FRAN101 Fransk grammatikk (15 stp)
FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing (15 stp)
3. semester (H):
FRAN114 Omsetjing norsk-fransk, fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) (15 stp)
FRAN102 Fransk litteratur (15 stp)
4. semester (V):
FRAN201 Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing (15 stp)
FRAN253 Fordjuping i fransk litteratur (15 stp)
eller
Delstudium i utland der ein tar emne tilsvarande FRAN201 og FRAN253.
5. semester (H):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)
6. semester (V):
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)
Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at franskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i fransk før ein tar fatt på 200-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen.
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velja blant Universitetet i Bergen sine avtalar i heile verda, anten for å studera innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må godkjennast på førehand av UiB.
I programmet er det tilrådd at delstudium i utlandet blir lagt til eit fransktalande land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtalar med universitet i til dømes Frankrike og Canada.
Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, vert rådde til å gjera dette på 200-nivå. Ein kan òg reisa ut og ta frie studiepoeng. Det er tilrådd å samtala med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.
For studentar på 100-nivået arrangerer instituttet kvart år studieopphald ved Fransk-Norsk studiesenter i Caen, Frankrike (Université de Caen). Opplysningar om studiesenteret og om andre aktuelle kurstilbod kan ein få ved å venda seg til instituttet.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer, til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilte emnet.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i fransk gjer høve til å gå vidare med master i fransk. Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning.
Yrkesvegar
Fransk vert dagleg tala av 60 millionar menneske i Frankrike og av om lag like mange utanfor landet sine grenser, andre stader i Europa, dessutan i Afrika og i Amerika. Fransk er arbeidsspråk i ei rekkje internasjonale organisasjonar.
Gode kunnskapar i fransk er sterkt etterspurde i ulike yrkessamanhengar innafor næringsliv (irekna handel, kommunikasjon, reiseliv), kulturliv og offentleg sektor. Vidare kvalifiserer dei fire emna på 100-nivå for undervisning i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det kan difor fungera som tilleggsfag for kandidatar frå dei pedagogiske høgskolane.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativ ansvarleg
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i fransk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Eit studium i fransk krev gode forkunnskapar i språket frå vidaregåande skole.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
15
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført Bachelorgrad i fransk skal studentane
Kunnskap:
- ha grunnleggjande kunnskapar i fransk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt fransk-norsk
- ha god innsikt i det franske språksystemet og ei god forståing og meistring av eit språkvitskapleg omgrepsapparat
- ha basiskunnskap om fransk historie og frankofoni
- ha god kjennskap til det franske samfunnet i dag
- ha god innsikt i dei litterære pensumtekstane og den kulturelle konteksten deira
- ha grunnleggjande kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i ulike sjangrar
Dugleik:
- kunna uttrykkja seg og formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
- vera i stand til å nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar
- kunna presentera sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
- kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar
Generell kompetanse:
- kunna gjennomføra under rettleiing eit analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåven
- kunna vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i fransk. Du kan velje alle, eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Tabellen er eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Semester Emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Spesialisering i fransk
3. semester Spesialisering i fransk
4. semester Spesialisering i fransk
5. semester Valfrie emne
6. semester Valfire emne
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i fransk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Spesialiseringa normalt innehalda FRAN101, FRAN102, FRAN103 , FRAN114, FRAN201 og FRAN253. Emnet TRANSHF Omsetjingsteori (med omsetjing mellom fransk og norsk) kan eventuelt koma i staden for eitt av emna på 200-nivå. | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FRAN101 | Fransk grammatikk | 15 | 1-6 | |||||||||
| FRAN102 | Fransk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| FRAN103 | Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk | 15 | 1-6 | |||||||||
| FRAN114 | Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) | 15 | 1-6 | |||||||||
| FRAN201 | Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| FRAN253 | Fordjuping i fransk litteratur | 15 | 1-6 | |||||||||
| TRANSHF | Omsetjing | 15 | 1-6 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||