Hjem

Utdanning

Studieplan for BAHF-KUN Kunsthistorie, bachelor, 3 år, haust 2017

Namn på grad

Bachelor i kunsthistorie

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i kunsthistorie har et omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter melding til instituttet også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå visuell kunst, arkitektur og visuell kultur som historiske, kulturelle og sosiale fenomen.

Kunsthistoriestudiet utforskar den visuelle kulturhistoria frå antikken til i dag - måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete. Tenking og vitskap om det visuelle (estetikk, synskultur, optikk, neuro-estetikk, biletteologi, visuell geografi) vert utforska, i tillegg til andre visuelle uttrykk som t.d. arkitekturhistorie, byplanlegging, bosettingsstruktur, hage- og landskapsarkitektur, kunsthandverk, kunstindustri og design, landskaps- og naturframstilling, kulturlandskap, bygningsvern, kulturminnevern og visuell retorikk.

Hovudtyngda i studiet av antikken vil ligge på høgkulturane i middelhavsområdet med ei særleg vekt på dei greske bystatane og Romerriket. I studiet av mellomalderen legg ein vekt både på Vesten og det bysantinske riket. I tidleg nytid er studiet meir fokusert på Vesteuropa, medan ein frå nyare tid òg har med USA. I tillegg til den historiske oversikta skal BA-programmet òg gi ei fordjuping i teoretiske spørsmål om det visuelle og spørsmål om tolking, historisk utvikling, den visuelle kulturen i eit samfunnsperspektiv og tilhøvet mellom det estetiske og det historiske i kunsten.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten..

  • har brei oversikt over kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag
  • har kjennskap til dei viktigaste problemstillingane, metodane og analytiske verktøya som vert nytta i kunsthistoriefaget.
  • har kjennskap til sentrale forskingstradisjoner innafor kunsthistoriefaget.
  • har, gjennom eit breitt oversyn over fagområdet, føresetnad for sjølvstendig fordjuping i spesialområde i kunsthistoriefaget.
  • har oversikt over den moderne kunsthistoriedisiplinen si historie frå om lag 1750 fram til i dag
  • dessutan kjennskap til fagområdet sitt tradisjonelle nedslagsfelt i forskingsinstitusjonar, museum, kulturminneforvaltning og privat kunsthandel/galleridrift.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • er i stand til å grunngi praktiske tiltak og teoretisk problemløysing innafor formidling og forvaltning utifrå sin eigen kunsthistoriske fagkunnskap
  • er, som medarbeidar innafor dei same institusjonelle rammene, i stand til å reflektere over si eiga faglege verksemd og er i stand til å justere denne under rettleiing frå overordna
  • kan kandidaten på oppdrag frå overordna finne fram kunsthistorisk informasjon frå t.d. bibliotek, museum og arkiv. Han kan også framstille kunsthistorisk fagstoff på eit slikt vis at det set lys på ei konkret problemstilling
  • kan uttrykke seg i eit kunsthistorisk fagspråk

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i etiske spørsmål innafor kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og kunsthandel
  • kan, som medarbeidar i større prosjekt og under veiledning i formidlings- og forvaltningsinstitusjonar, løyse varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid. Kandidaten har føresetnad for å arbeide i team i slike prosjekt, og kan dessutan vurdere om arbeidsoppgåvene vert utført i høve til etiske krav og retningslinjer.
  • kan formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg.
  • kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har den same faglege plattforma i ei høgare kunsthistorisk utdanning. I slike fora kan kandidaten òg bidra til å utvikle ein god praksis.
  • har kandidaten kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar innafor det kunsthistoriske fagområdet

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i kunsthistorie skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og minimum10 studiepoeng Examen facultatum:

- EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)

og minimum eitt av emna:

- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp) eller

- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp) eller

- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 sp)

Innføringsemne i andre språkfag som latin, tysk, fransk, italiensk eller engelsk kan óg vere aktuelle som valfritt emne i første semester.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i kunsthistorie på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa og programmet:

KUN131: Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken

KUN132: Kunst, arkitektur og visuell kultur i mellomalderen

KUN133: Kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid (1400-1850)

KUN134: Moderne kunst, arkitektur og visuell kultur

KUN201: Kunstteori, estetikk og historiografi

Studenten må dessutan velje eitt av desse emna:

KUN251: Kunstane i antikken og mellomalderen med bacheloroppgåve

KUN252: Fotografiets teori og historie med bacheloroppgåve

KUN253: Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgave

KUN254: Moderne og samtidskunst med bacheloroppgave

KUN255: Arkitektur og bygningsvern med bacheloroppgave

KUN256: Områdestudium med bacheloroppgave

KUN258: Visuell retorikk med bacheloroppgåve

KUN259: Kunsthistorisk særemne med bacheloroppgåve

Normalt vil det verte gitt 2 emne med bacheloroppgåve per semester, i tillegg til KUN201. Det vil variere kva emne som vert tilbudt.

I det valfrie emnet på 200-nivå skal studenten skrive ei rettleidd semesteroppgåve (bacheloroppgåve). Dette for å tilfredsstille kravet for bachelorgraden om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultetet.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i kunsthistorie, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

NEU201- Nevroestetikk kan veljast som del av dei 60 frie studiepoenga i bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i kunsthistorie kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):

Examen philosophicum og Examen facultatum (minst 20 stp)

- EXPHIL Examen philosophicum

- EXFAC00AK Akademisk skriving eller

- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller

- EXFAC00TK Tekst og kultur

Innføringsemne i andre språkfag som latin, tysk, fransk, italiensk eller engelsk kan òg vere aktuelle som valfritt emne i første semester.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

2. semester (vår):

KUN131: Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken

KUN132: Kunst, arkitektur og visuell kultur i mellomalderen

3. semester (haust):

KUN133: Kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid (1400-1850)

KUN134: Moderne kunst, arkitektur og visuell kultur

4. ¿ 6. semester:

I dei siste tre semestera tar studentane 200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie og dessutan valemne tilsvarande 60 studiepoeng i andre fag.

200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie kan takast vår eller haust.

Det obligatoriske emnet KUN201 går både haust og vår, medan dei andre 200-emna går anten haust eller vår. I tillegg til KUN201 vert det vanlegvis gitt ytterlegare to emne på 200-nivå

Om våren (4. eller 6. semester) kan ein velje mellom:

KUN201: Kunstteori, estetikk og historiografi

KUN258: Visuell retorikk med bacheloroppgåve

I tillegg minimum ytterlegare eitt emne med bacheloroppgåve.

Om hausten (5. semester) kan ein velje mellom

KUN201: Kunstteori, estetikk og historiografi

I tillegg minimum to emne med bacheloroppgåve.

Kva for bacheloroppgåveemne som vert gitt, kan variere frå semester til semester.

Ei generell tilråding som ligg til grunn for døma over, er at før ein tar fatt på 200-nivået, bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i kunsthistorie eller for å ta valemne i graden.

Kunsthistorie har særlege avtaler med Statsuniversitetet i St. Petersburg. Andre utvekslingsstader som vert tilrådde av fagmiljøet er Freie Universität Berlin, Københavns universitet, Stockholms universitet, Universitá degli studi di Pisa, Université Paris Sorbonne, Universidad Complutense de Madrid. Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon. Emna må godkjennast av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i forkant av utanlandsopphaldet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for videre studium

Bachelorprogrammet i kunsthistorie gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i kunsthistorie.

Relevans for arbeidsliv

 Bachelorstudiet i kunsthistorie gir kompetanse for arbeid med til dømes:

- kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar

- kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet

- kulturminneforvaltning, kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan

- undervisning i ulike samanhangar

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

 Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Adminstrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier har det administrative ansvaret for studieprogrammet

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00