Introduksjon til kunst, teater og digital kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane møte med ulike uttrykksformer og sjangrar innanfor kunst, teater og digitale kultur. Studentane skal ta del i aktivitetar og arrangement.

Formålet vil vere å øve opp evna til å nytte eit analytisk apparat på sjølvstendig vis i møte med ulike former for kunst, teater og digital kultur. Emnet legg såleis vekt på å setje observasjonar og erfaringar frå praksisfelta i samanheng med akademiske teoriar og metodar.

Gjennom førelesingar og seminar får studentane innføring i sentrale teoretiske og metodiske perspektiv i studiet av visuell kunst, teater og digital kultur, samt ein introduksjon til dei respektive fagfelta sin faglege praksis og formidlingstradisjonar. Ein kan til dømes vitja museum og utstillingar, teaterframsyningar og faglege arrangement. Det kan og bli lagt opp til møte med til dømes teknologiutviklarar, kunstnarar, konservatorar, kuratorar, regissørar eller forfattarar. Kjennskap til kunstinstitusjonar og dei respektive fagområda sine praksisfelt gjer studentane kjent både med moglege studieobjekt og potensielle framtidige yrkesval.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • Kjennskap til fleire forskjellige estetiske uttrykksformer innanfor kunst og kultur, inkludert digital kultur.
  • Kjennskap til sentrale faglege omgrep innan visuell kunst, teater og digital kultur
  • Kjennskap til forståingsmåter innan visuell kunst, teater og digital kultur
  • Kjennskap til korleis estetiske uttrykksformer relaterer seg til kulturelle eller samfunnsmessige spørsmål historisk eller i dag

Ferdigheiter

Etter fullført emne har studenten fått ei grunnleggjande innføring i å

  • Observere og skildre visuell kunst, teater og digital kultur
  • Fortolke og reflektere over estetiske uttrykk.

Generell kompetanse

  • Erfaring med det utøvande kulturlivet i Bergen
  • Erfaring med tverrfagleg arbeid innan humaniora
  • Fagleg formidling av kulturuttrykk og kulturelle opplevingar
  • Kjennskap til dei respektive fagområda sine praksisfelt

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
10 studiepoeng overlapp med DIKULT101, TEAT100 og KUN100.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt arbeids- og undervisingsformer som legg til rette for studentaktivitet.

Undervisinga består av institusjonsbesøk, felles førelesingar, seminar og gruppearbeid.

Studentane må delta aktivt på institusjonsbesøk der dei vert introdusert for og skal reflektere over ulike uttrykksformer. Studentane er forventa å bidra i planlegging og gjennomføring av faglege aktivitetar og gruppearbeid.

Studentane er forventa å delta aktivt i gruppearbeid både før og etter institusjonsbesøk, og gi tilbakemeldingar til andre i gruppa på oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

Delta på

6 institusjonsbesøk/arrangement i grupper, minimum 1 frå kvar av fagfelta (kunst, teater, digital kultur). Studentane er forventa å organisere nokre av besøka sjølv. Informasjon om korleis besøka vert organisert er i MittUiB.

Levere inn

3 oppgåver, 1 i kvar av fagfelta. Skriftlege oppgåver har ei maksgrense på 500 ord.

Gi tilbakemelding

På medstudentar sine oppgåver minst éin gong.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisingssemesteret.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er å levere inn ein logg som viser aktivitet og utvikling. Loggen skal dokumentere at studenten har vært på dei obligatoriske institusjonsbesøka og eventuelle faglege arrangement, og skal innehalde ein kort tekst om kvart besøk. I tillegg skal studentane reflektere kring eiga utvikling. Nærare instruksar blir gitt på Mitt UiB. Loggen skal ha eit omfang på 2-3 sider.
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 600 sider, i tillegg til institusjonsbesøk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret i digital kultur har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Programstyret i digital kultur
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium