Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i nordisk språk og litteratur

ingressbilde

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i nordisk språk og litteratur. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Programmet byggjer på bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Mål og innhald

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur skal gje kunnskapar på høgt nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordistikken. Det skal utvikle evna til kritisk vurdering og problemløysing og føre fram til ei vitskapleg avhandling om eit avgrensa tema. Det skal gje god dugleik i norsk skriftleg språkbruk, både bokmål og nynorsk.

Studiet er normert til to år.

I det første året studerer studenten fire emne. Tre av desse skal veljast frå ei liste av emne frå nordisk eller tilstøytande fagområde. Studenten kan velje berre litterære eller berre språklege emne, eller kombinere språklege og litterære emne.

Fagleg profil

Nordisk språk og litteratur er eit stort og samansett fagfelt. Masterprogrammet er kjenneteikna av stor breidd i dei aktuelle forskingsemna og er ope i forhold til metodar og tilnærmingsmåtar. I litteraturdelen av faget arbeider ein både med eldre og nyare litteratur, og ein nyttar både historiske og kulturelle perspektiv og estetisk teori i tilnærminga til litteraturen. Innanfor språk er områda sosiolingvistikk, talemål, namnegransking, språkhistorie og norsk som andrespråk særleg godt representerte. Det er eit mål for instituttet at fordjupingsemna på masterprogrammet i stor grad skal reflektere interessefelta til lærarane og vere forskingsbaserte. Det er også mogleg å byggje inn relevante fagkomponentar frå tilgrensande fag. Nordisk har tradisjon for eit levande og aktivt miljø av mastergradsstudentar.

Oppbygging av studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester: to emne

2. semester: NOLISP300 og eitt emne til

3. og 4. semester: NOLISP350 (masteroppgåva)

Masteroppgåve

Masteroppgåva blir skriven innanfor eit sjølvvalt emne som rettleiaren har godkjent. Rettleiaren følgjer skriveprosessen og gir råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du skal sjølvstendig og metodisk arbeide deg fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Du bør skaffe deg ein rettleiar så tidleg som mogleg i studiet.

Metode

Nordisk har tradisjonelt vore prega av historiske perspektiv på språk og kultur, men opplever i dag eit metodisk mangfald, slik at moderne språk- og litteraturteori er like aktuelt som kulturell og historisk kontekstualisering.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Opptakskrav

Bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til programmet på anna grunnlag, må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle (Danmark, Sverige, svenskspråklege institusjonar i Finland, Island, Færøyane). Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i nordisk språk eller litteratur. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Meir infomasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Omfang

120 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er norsk og i nokon grad dansk og svensk. Språket i evaluerte skriftlege arbeid er norsk, både bokmål og nynorsk.

Mål og innhald

Masterprogrammet i nordisk språk og litteratur skal gje kunnskapar på høgt nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordistikken. Det skal utvikle evna til kritisk vurdering og problemløysing og føre fram til ei vitskapleg avhandling om eit avgrensa tema. Det skal gje god dugleik i norsk skriftleg språkbruk, både bokmål og nynorsk.

Studiet er normert til to år.

I det første året studerer studenten fire emne. Tre av desse skal veljast frå ei liste av emne frå nordisk eller tilstøytande fagområde. Studenten kan velje berre litterære eller berre språklege emne, eller kombinere språklege og litterære emne.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen skal

- ha brei allmennkunnskap innanfor nordistikken og djuptgåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område av nordisk språk (medrekna norsk som andrespråk), litteratur eller fagdidaktikk

- ha grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk

- kjenne til sentrale problemstillingar innanfor fagområdet og den aktuelle debatten om dei

- kunne skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

- kunne tileigne seg nye kunnskapar og nytte dei på nye delar av nordistikken

- kunne arbeide sjølvstendig med problemløysing bygd på fagkunnskapar

- kunne bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking

- kunne granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og forståingsrammer innanfor nordistikken

- kunne nytte eigne kunnskapar og reflektere over eigen praksis

- kunne halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kunne formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av nordistikken, både språklege og litterære

- kunne undervise og rettleie elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming

- kunne kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken

Opptakskrav

Bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller norsk som andrespråk, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til programmet på anna grunnlag, må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i praktisk bruk av bokmål og nynorsk.

Obligatoriske emne / spesialisering

Desse emna er obligatoriske:

NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne

NOLISP350 Nordisk: Masteroppgåve

 

To eller tre av desse emna skal veljast:

NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C

NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D

NOLI320 Nordisk: Litterært særemne

NOLI321 Nordisk: Litterært masteremne A

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B

NOSP310 Nordisk: Språkbruksanalyse

NOSP312 Nordisk: Språkleg masteremne

NOSP314 Nordisk: Språk i Norden

NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne

NOSP321 Nordisk: Språkleg variasjon og endring

NOSP322 Nordisk: Namnegransking

NOSP325 Nordisk: Grammatikk og semantikk

NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi 1

 

Emne på 300-nivå gir ikkje utteljing i kombinasjon med 200-nivåemne med same tema på grunn av fagleg overlapping:

NOSP310 har full overlapping med NOSP210 og NOSP250. Kombinasjon av NOSP310 med NOSP210-L gir 10 stp studiepoengreduksjon, dvs. 5 stp for NOSP310.

NOSP314 har full overlapping med NOSP214 og NOSP254.

NOSP321 har full overlapping med NOSP221 og NOSP251.

NOSP322 har full overlapping med NOSP222 og NOSP252.

 

Eitt av desse emna kan veljast:

NORAN250 Andrespråkslingvistikk

RET205 Nordisk retorikk

RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve

LINGMET Metodeemne for språklege mastergradar

LITTEHF Litteraturteori - fellesemne

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester: to emne

2. semester: NOLISP300 og eitt emne til

3. og 4. semester: NOLISP350 (masteroppgåva)

 

Studentar som byrjar på studiet i vårsemesteret, bør ta NOLISP300 i første semester.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle (Danmark, Sverige, svenskspråklege institusjonar i Finland, Island, Færøyane). Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler.

Undervisningsmetodar

Førelesingar, seminar, skriving under rettleiing.

Vurderingsformer

Masteroppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd på NOLISP300.

Karakterskala A-F på andre emne.

Yrkesvegar

Kompetanse i nordisk språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid over alt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Dersom ein ved sida av nordisk har minst 60 studiepoeng i eit anna skulefag, kan ein kombinere dette med praktisk-pedagogisk utdanning og gje undervisningskompetanse i skuleverket, primært i vidaregåande skule og på ungdomstrinnet i grunnskulen.

Mastergrad i nordisk språk og litteratur kan òg danne grunnlaget for ei forskarutdanning innanfor språklege eller litterære disiplinar av nordistikken.

Evaluering

Studiet vert evaluert jamleg i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for dette til kvar tid.

Adminstrativ ansvarleg

Det humanistiske fakultetet, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

MAHF-NORD/Masterprogram i nordisk språk og litteratur
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i nordisk språk og litteratur - kursdel (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne 15 1-4 2
  Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C 15 1-4
NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D 15 1-4
NOLI320 Nordisk: Litterært særemne 15 1-4
NOLI321 Nordisk: Litterært masteremne A 15 1-4
NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B 15 1-4
NOSP310 Nordisk: Språkbruksanalyse 15 1-4
NOSP312 Nordisk: Språkleg masteremne 15 1-4
NOSP314 Nordisk: Språk i Norden 15 1-4
NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne 15 1-4
NOSP321 Nordisk: Språkleg variasjon og endring 15 1-4
NOSP322 Nordisk: Namnegransking 15 1-4
NOSP323 Nordisk: Språksystemet 2 15 1-4
NOSP325 Nordisk: Grammatikk og semantikk 15 1-4
NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi I 15 1-4
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
NORAN250 Andrespråkslingvistikk 15 1-4
NOSP211 Nordisk: Språk i Norden 15 1-4
NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve 15 1-4
RET205 Nordisk retorikk 15 1-4
RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve 15 1-4
LINGMET Metodeemne for språklege mastergradar 15 1-4
LITTEHF Litteraturteori - fellesemne - 1-4
Masterprogram i nordisk språk og litteratur - oppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLISP350 Mastergradsoppgåve i nordisk 60 1-4 3
Masterprogram i nordisk språk og litteratur - veiledningskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter i nordisk - -