Hjem
Click

Utdanning

Masterprogram

Masterprogram i biomedisin

  • Studiepoeng120
  • Antal år2
  • StudiekodeMAMD-MEDBI
  • StudiestartHaust
  • SpråkEngelsk

Presentasjon

Mål og innhald

Fagfeltet biomedisin spelar ei sentral rolle i dagens medisinske forsking. Masterprogrammet i biomedisin tilbyr ei medisinsk tilnærming til celle- og molekylærbiologi og human fysiologi, og gir studentar høve til å delta aktivt i forskingsprosjekt i eit internasjonalt miljø.

Studiet startar med ei omfattande opplæring i metodar og teknikkar som blir nytta innan biomedisinsk forsking i dag, med fokus på celle- og molekylærbiologi, fysiologi og biletanalyse. Allereie i det første semesteret vert studentane plassert i ei aktiv forskingsgruppe for å lære relevante metodar og korleis ein planlegg forsøk. Dei teoretiske emna gir naudsynt cellebiologisk og fysiologisk kunnskap for å forstå korleis sjukdom oppstår og blir behandla. Gjennom masterstudiet blir studentane utdanna i dei mange etiske spørsmåla som naturleg oppstår i moderne medisinsk forsking. Dei vert også trena i såkalla "soft skills", som vitskapleg skriving og formidling. Som student kan du velje om du vil gjennomføra sjølve masterprosjektet i ei gruppe som driv medisinsk grunnforsking, eller i ei gruppe som driv translasjonell forsking, dvs koplar forskinga mot pasientdata.  

Vi oppmodar alle studentar til å reise på utveksling til eit av våre internasjonale samarbeidsuniversitet. Vi vil særleg framheva eit Nordisk masternettverk (NordBioMedNet) som vi er del av. Dei andre partane er; Københavns Universitet (Danmark), Karolinska Insitutet (Sverige), University of Turku og University of Eastern Finland (begge i Finland).

Oppstart

Haust

Studiestart - semester

Haust

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Etter avslutta masterstudium i biomedisin skal studentane kunne: 

  • Kritisk analysera sentrale teoriar, metodar og resultat innan biomedisin, og arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
  • Gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med, gjeldande forskingsetiske normer.
  • Produsera vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer.
  • Anvenda kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område, for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • Kommunisere biomedisinske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte, både skriftleg og munnleg.
  • Forklare grunnforskinga si rolle i dagens medisin.

Opptak

Studiestart (semester)

Haust

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Studiet er retta mot studentar som har ein bachelorgrad i biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, biokjemi, biologi, bioteknologi eller tilsvarande.

Opptak krev minimum 80 studiepoeng i relevante emne, der minimum 20 studiepoeng er i kjemi/biokjemi og minimum 20 studiepoeng i celle-/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemne, matematikk, informatikk, bildebehandling, statistikk, fysikk og nanoteknologi.

Studentar utan bachelorgrad kan likevel søkje opptak dersom han/ho har minimum 180 studiepoeng med fagleg fordjuping innan molekylær-/cellebiologi, kjemi, biokjemi, biologi e.l.

Minstekrav for opptak er C i gjennomsnittskarakter på relevante emne. Vi mottar vanlegvis fleire søknader enn vi har plassar. Søkjarane vil då bli rangerte etter karakterar og relevant fagkombinasjon i opptaksgrunnlaget, og tidspunkt for avlagt grad.

Opptak krev fysiske føresetnader som er kompatible med praktisk laboratoriearbeid.

Språkkrav: Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule må dokumentere tilstrekkelige engelskkunnskapar (sjå nettsida English Language Requirements).

Alle søknader vert behandla individuelt.

Du søkjer opptak via søknadsweb: https://soknadsweb.uib.no

Søknadsfrist er 15. april, med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finnes her:

http://www.uib.no/mofa/utdanning/opptak-og-studierett/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Utveksling

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å ta delar av mastergraden ved eit utanlandsk universitet. Masterprogrammet i Biomedisin er del av eit nordisk nettverk for masterprogram innan biomedisin (www.nordbiomed.net) som inkluderer Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland, Københavns Universitet i Danmark og University of Eastern Finland. Det er mogeleg å ta både emne, lab-prosjekt og deler av masteroppgåva ved desse institusjonane. Vi har og utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Ta tidleg kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biomedisin dersom du ynskjer utlandsopphald.

Les meir her: http://www.uib.no/en/biomedisin/63531/student-exchange#

Studieløp

Masterprogram i biomedisin (krav 120 SP)
Obligatoriske emne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
HELVIT300Helsefagleg relevant vitskapsteori og forskingsetikk51
BMED320Metodar i medisinsk cellebiologi251
Valfrie emne (krav 30 SP)
Emna lista opp under er allereie godkjende som valgemne. I samråd med rettleiar og etter godkjenning i programutvalget er det mogeleg å velje emne utanom lista (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar).
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
BMED330Cellekommunikasjon og intracellulær signalering102
BMED331Tumorbiologi102
BMED340Cellulær og molekylær nevrovitskap102
BMED360In vivo avbilding og fysiologisk modellering102
BMED381Biomedisinsk ernæringsfysiologi52
HUMGEN301Human Molecular Genetics52
HUPAT301Basal humanpatologi52
BMED350Sirkulasjonsfysiologi52
Rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingskontrakt for masterprogram i medisinsk biologi
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BMED395Masteroppgåve i biomedisin603
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Kontakt

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

e-post: studie@biomed.uib.no

Tlf: 55 58 64 39/ 55 58 64 40

Institutt for biomedisin:

http://www.uib.no/biomedisin

Finn nye analysemetodar for å diagnostisere allergi

Gjennom mastergraden min fekk eg meir erfaring med sjølvstendig arbeid, og jobben min i dag samsvarar godt med dei erfaringane eg fekk mellom anna med bruk av ulike forskingsmetodar.
Ragnhild Stenberg Berg
Spesialbioingeniør

Studieplan