Felles masterprogram i programutvikling
Programmet tilbys av
Mål og innhald
Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskolen i Bergen. I dette masterprogrammet kan ein velge mellom spesialisering i programvareutvikling og programutviklingsteori.
Spesialiseringa innan programvareutvikling legg vekt på opplæring i og bruk av moderne systemutviklingsmetodar og teknologi. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert datateknologi med fokus på praktiske problemstillingar.
Spesialiseringa innan programutviklingsteori legg vekt på dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert programmeringsteori, der hovudvekta ligg på fleksible løysingar med omsyn på teknologiske endringar og utvikling.
Opptakskrav
Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårleg bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgradar i informatikk ved UiB.
Studentar som tek bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak. Matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulane.
Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må vere C eller betre.
Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.
Søknadsfrister:
15.april for studiestart i august.
1.november for studiestart i januar.
Delstudium i utlandet
Det er mogeligheiter for utanlandsopphald under masterstudiet. Kontakt studierettleiar eller fagleg rettleiar ved interesse.
Graden
Det felles masterprogrammet fører fram til graden Master i programutvikling.
Graden er felles, og oppnås ved Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen i samarbeid.
Omfang
Det felles masterprogrammet i programutvikling er 2-årig (120 Studiepoeng).
Mål og innhald
Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskolen i Bergen. I dette masterprogrammet kan ein velge mellom spesialisering i programvareutvikling og programutviklingsteori.
Spesialiseringa innan programvareutvikling legg vekt på opplæring i og bruk av moderne systemutviklingsmetodar og teknologi. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert datateknologi med fokus på praktiske problemstillingar.
Spesialiseringa innan programutviklingsteori legg vekt på dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert programmeringsteori, der hovudvekta ligg på fleksible løysingar med omsyn på teknologiske endringar og utvikling.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført mastergrad i programutvikling skal dei ferdige kandidatane, for båe spesialiseringar, ha tileigna seg ny kunnskap, auka ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar
Dei ferdige kandidatane skal ha solide vitskapleg funderte kunnskapar og evne i informatikk og programutvikling. Dei skal kjenne godt til dei vitskaplege arbeidsmåtane, og dei har trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.
Ferdigheiter
Etter fullført felles mastergrad i programutvikling skal kandidaten:
- sjølvstendig kunne utforme, spesifisere og programmere mellomstore informasjonssystem
- delta i store programutviklingsprosjekt i næringsliv og forvaltning
- sjølvstendig kunne analysere, teste og validere store informasjonssystem
- kunne bruke moderne verktøy for programutvikling
- kunne forstå og bruke resultat av vitskapleg forsking innan programutvikling
Generell kompetanse
Ein ferdig mastergradskandidat i programutvikling, skal:
- ha tileigna seg kompetanse for vidare sjølvstendig arbeid, til å kunne utvikle og forbedra hennes/hans profesjonelle og faglige ferdigheter.
- vere i stand til å nytte tileigna kunnskap, forståing og problemløysningsmetodar i nye kontekstar.
- kunne arbeide sjølvstendig og individuelt, og samstundes bidra aktivt i gruppesamarbeid.
Opptakskrav
Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårleg bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgradar i informatikk ved UiB.
Studentar som tek bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak. Matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulane.
Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må vere C eller betre.
Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.
Søknadsfrister:
15.april for studiestart i august.
1.november for studiestart i januar.
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i matematikk er ein føremon.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng.
Kursdelen
I spesialiseringa programutviklingsteori er følgjande emne obligatoriske:
I spesialiseringa programvareutvikling er følgjande emne obligatoriske:
- INF234 Algoritmar
- MOD250 Avansert programvareteknologi (undervises ved HiB)
- MOD251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervises ved HiB)
- Eit valfritt INF-emne
Emna i kursdelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Tilrådd studieplan ¿ programutviklingsteori:
1.semester
2.semester
VAL/INF223
Oppgåve
3.semester
VAL/INF329
Oppgåve
Oppgåve
4.semester
Oppgåve
Oppgåve
Oppgåve
Tilrådd studieplan ¿ programvareutvikling:
1.semester
MOD250
VAL/MOD252
2.semester
MOD251
VAL/oppgåve
VAL/Oppgåve
3.semester
VAL/oppgåve
Oppgåve
Oppgåve
4.semester
Oppgåve
Oppgåve
Oppgåve
Tilrådde valemne
Avheng av spesialisering. Må veljast i samråd med rettleiar. Aktuelle kurs kan vere INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkurs ved UiB, eller MOD252, MOD259 eller andre kurs ved HiB.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet. Innan programvareutvikling har ein erfaring med oppgåver i samarbeid med næringsliv, forskingsinstitusjonar og gründerverksemd.
I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversyn over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengd tilsvarande 60 studiepoeng, men det er også mogleg å velje kort oppgåve på 30 studiepoeng. Vel du å skrive lang masteroppgåve, byrjar du normalt på oppgåva i 2. semester, og jobbar så meir med henne utover i studiet.
Fristane for innlevering er:
- Start haust: 1. juni fire semester seinare
- Start vår: 20. november fire semester seinare
Merk at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.
Studiestader
Kurs tas båe ved Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen (omfanget av opphalda ved kvar av studiestadene vil variere etter val av faglig spesialisering, kurssamansetning og kursval)
Masteroppgåva (60 ECTS/30 ECTS) avleggjast ved ein av dei samarbeidande institusjonane.
Delstudium i utlandet
Det er mogeligheiter for utanlandsopphald under masterstudiet. Kontakt studierettleiar eller fagleg rettleiar ved interesse.
Undervisningsmetodar
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i kursplanane.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjend og vurdert, vert studiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i kursplanane.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for informatikk er administrativt ansvarlig.
Kontakt: studieveileder@ii.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Programutvikling (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Veivalg i programutvikling | ||||||||||||
| Spesialisering i Programutviklingsteori | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| INF234 | Algoritmer | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Vel minst tre emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF210 | Datamaskinteori | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| INF220 | Programspesifikasjon | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| INF225 | Innføring i programomsetjing | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| INF223 | Kategoriteori | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| INF227 | Innføring i logikk | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| INF329 | Utvalde emne i programutviklingsteknologi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Valgemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i Programvareutvikling | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF234 | Algoritmer | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Avansert programvareteknologi (HiB) | - | - | ||||||||||
| Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) | - | - | ||||||||||
| Valgemne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF399 | Masteroppgåve i informatikk | 60 | 3 | |||||||||