Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i pedagogikk

Oppstart

Det er oppstart av studiet annakvart år, hausten 2013, 2015 osv.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i pedagogikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng) og byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande grad.

Mål og innhald

Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at både fagleg profil og undervisning er praksisforankra og prosessorientert. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengar mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet. Viktige tema i studiet er dermed læring, kunnskap og utdanning.

Fordjupingsområda i programmet er knytt til forskingsområda i det pedagogiske fagmiljøet og kan derfor variere noko ved kvart opptak. Kva fordjupingsemne som endelig blir tilbode er avhengig av fagmiljøets undervisnings- /rettleiingskompetanse, samt antall studentar som søkjer seg til emnet.

Studiet skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Vidare siktar studiet mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge, vurdere og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Fagleg profil

Et særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at både fagleg profil og undervisning er praksisforankra og prosessorientert. Sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og utdanning.

Studiestart

Det er oppstart av studiet annakvart år, hausten 2013, 2015 osv.

Opptakskrav

Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:

  • Fullført bachelorgrad eller cand.mag.-grad med ein fageining og ein spesialisering i pedagogikk.
  • Avlagt førskulelærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp).
  • Avlagt Lærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp).
  • Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
  • Annan utdanning kan bli vurdert som likeverdig etter individuell handsaming, men må ha minimum 45 studiepoeng i pedagogikk for å bli tatt i betraktning.
  • For å kvalifisera for opptak er det eit krav om ein gjennomsnittskarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet.
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Antall studieplassar er 20. Sjå http://www.uib.no/psyfa/utdanning/opptak/masterstudium#soslashknadsprosedyre

Poenggrense ved siste opptak

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plassar, vil søkjarane bli rangert etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-psykologiske-fakultet for meir om opptakskrav.

Meir infomasjon

For meir informasjon ta kontakt med: studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10

Graden

Mastergrad i pedagogikk.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart

Det er oppstart av studiet annakvart år, hausten 2013, 2015 osv.

Mål og innhald

Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at både fagleg profil og undervisning er praksisforankra og prosessorientert. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengar mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet. Viktige tema i studiet er dermed læring, kunnskap og utdanning.

Fordjupingsområda i programmet er knytt til forskingsområda i det pedagogiske fagmiljøet og kan derfor variere noko ved kvart opptak. Kva fordjupingsemne som endelig blir tilbode er avhengig av fagmiljøets undervisnings- /rettleiingskompetanse, samt antall studentar som søkjer seg til emnet.

Studiet skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Vidare siktar studiet mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge, vurdere og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Læringsutbyte/resultat

Kandidaten skal:

  • ha avansert kunnskap innan fagområdet pedagogikk og spesialisert innsikt i det området som masteroppgåva omhandlar.
  • ha inngåande kunnskap om fagområdets vitskapelege teoriar og metodar.
  • kunne nytte pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant.
  • kunne analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i pedagogiske problemstillingar, fagets historie, dets tradisjon, eigenart og plass i samfunnet.
  • kunne arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning.
  • kunne bruke relevante metodar for forsking på ein sjølvstendig måte.
  • kunne gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kunne beherske fagets uttrykksformar og formidle omfattande sjølvstendig arbeid.
  • kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmogen.
  • kunne bidra til nytenking og innovasjonsprosessar.

Opptakskrav

Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:

  • Fullført bachelorgrad eller cand.mag.-grad med ein fageining og ein spesialisering i pedagogikk.
  • Avlagt førskulelærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp).
  • Avlagt Lærarutdanning (det er ein føresetnad at utdanninga utgjer minimum 180 sp).
  • Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
  • Annan utdanning kan bli vurdert som likeverdig etter individuell handsaming, men må ha minimum 45 studiepoeng i pedagogikk for å bli tatt i betraktning.
  • For å kvalifisera for opptak er det eit krav om ein gjennomsnittskarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.

Obligatoriske emne / spesialisering

Ein mastergrad i pedagogikk består av følgjande obligatoriske emne:

  • PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
  • PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
  • PED312 Forskingsmetode (15 sp)
  • PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
  • PED395 Masteroppgåve i pedagogikk (60 sp)

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng.

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester:

  • PED311 Pedagogisk filosofi (15 sp)
  • PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)

2. semester:

  • PED312 Forskingsmetode (15 sp)
  • PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)

3. og 4. semester:

Undervisningsmetodar

Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformar og kombinerar forelesingar med litteraturstudiar, og fysiske og nettbaserte seminar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet.

Vurderingsformer

Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. Heimeeksamen, mappevurdering, prosjektplan, masteroppgåve og munnleg eksamen er formene som vert nytta.

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F eller bestått/ikkje bestått.

Kompetanse for vidare studium

Ein mastergrad i pedagogikk kvalifiserer til å søkje opptak til forskarutdanning.

Yrkesvegar

Studieprogrammet gjev ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som blir stadig meir etterspurt både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserar til ei rekkje yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserar til leiarstillingar i utdannings- institusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.

Evaluering

Kombinasjon av nettbasert evaluering og evalueringsseminar. Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert av ein ekstern programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB.

Fagansvarleg

Det Psykologiske Fakultet, Programstyret for pedagogikk. Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativ ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet. Kontakt: Studieveileder.psyfa@uib.no eller 55582710.

MAPS-PED/Masterprogram i pedagogikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i pedagogikk - obligatoriske emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PED311 Pedagogisk filosofi 15 1-2 1
PED312 Forskingsmetode 15 1-2 2
PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar 15 1-2 1
PED314 Fordjuping og prosjektplan 15 1-2 2
Masteroppgave i pedagogikk (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PED395 Masteroppgåve i pedagogikk 60 3-4 3