Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i informasjonsvitskap

ingressbilde

Oppstart

Haust og vår

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informasjonsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.


Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.

På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.

Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.

Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.

Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.

Fagleg profil

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi(IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget fokuserer på forholdet mellom teknologien og menneska som skaper og nyttar seg av kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskapen studerer dermed korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT for eksempel kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og Internett. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskapen er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, sett saman av fire emne à 15 studiepoeng. Emna blir underviste i det første og andre semesteret, mens du skal skrive masteroppgåve i 3. og 4. semester.

Eit masterprogram i informasjonsvitskap kan sjå slik ut:

  • Haust: To valemne (til saman 30 sp)
  • Vår: INFOMEVI300: Prosjektarbeid og forskingsdesign (15 sp), valemne (15 sp)
  • 3. og 4. semester: INFO390: Masteroppgåve (60 sp)

sp = studiepoeng

Masteroppgåve

I løpet av det andre semesteret skal du utarbeide og levere ein søknad om masteroppgåve i informasjonsvitskap. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig informasjonsvitskapleg arbeid som blir utført under rettleiing. Oppgåvesøknaden skal utformast i samband med INFOMEVI300, gjerne i samarbeid med ein mogleg rettleiar.

Metode

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring. Dette kan til dømes vere i form av eit dataprogram, ein database eller ein nettstad.

Studiestart

Haust og vår

Opptakskrav

Vi tar opp nye studentar til mastergraden i informasjonsvitskap kvart semester, og studiet tar 4 semester. Du kan bli tatt opp til masterstudiet på grunnlag av bachelorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande. I tillegg til den disiplinorienterte bachelorgraden i informasjonsvitskap finst det eigne spesielle variantar av profesjons- og bachelorstudiet i IKT, av bachelorstudiet i kognitiv vitenskap og av bachelorstudiet i nye medier som gir deg grunnlag for opptak til masterstudiet. Sjå dei respektive programma for skildring av opptaksgrunnlaget (under "kompetanse for vidare studiar").

Søkjarar må ha minst C i snitt på spesialiseringen som utgjer opptaksgrunnlaget for å vere kvalifiserte til opptak.

Opptaksgrunnlag

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i informasjonsvitskap. I den seinare tida er det blitt gitt direkte opptak til mastergradsstudiet i informasjonsvitskap for studentar med tilstrekkeleg spesialisering/fordjuping i informasjonsvitskap frå NTNU, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Molde, Høgskolen i Gjøvik, Norges Informasjonsteknologiske Høgskole. Ein må understreke at godkjenning kan vere avhengig av val av studieretning/emne, slik at ein framleis krev individuelle søknader (sjå punktet om søknadsprosedyre). Informasjonsvitskaplege studium frå andre institusjonar har gitt innpassing mot at du tek eitt eller to emne på 200-nivå i informasjonsvitskap: Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Oslo mfl. Kravet om individuell søknad gjeld også her.

 

 

 

 

 

 

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Dersom du har teke utdanning som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet utanfor UiB må du søkje om innpassing innan 15. april/1. oktober. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Tilrådd semester: 1. semester.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Meir infomasjon

studieveileder@info.uib.no

55 58 41 17 / 55 58 91 00

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informasjonsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Haust og vår

Mål og innhald

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.


Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.

På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.

Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.

Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.

Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap

Kandidaten har:

  • fått styrket og videreutviklet sine teoretiske og tekniske kunnskaper, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til valg av teknologi basert på informasjonsvitenskap
  • gjennom fordypning i en konkret problemstilling fått en dyp forståelse av problemet, god kunnskap om relevante vitenskapelige teorier og metoder og om forskningsfronten.
  • gjennom skriving av masteroppgaven, et selvstendig forskningsarbeid skrevet under veiledning, demonstrert kjennskap til vitenskapelige vurderings- og kvalitetskriterier og forskningsetikk

Ferdigheter

Kandidaten:

  • kan utføre et vitenskapelig arbeid, inkludert definisjon av problemstilling og hypotese, litteraturstudie, og kritisk evaluering
  • har fått utviklet sin skriftlige og muntlige formuleringsevne gjennom skriving av en masteroppgave og presentasjon av denne
  • har gjennom arbeidet med masteroppgaven utviklet og demonstrert evne til å formulere klare problemstillinger, trekke inn relevant kunnskap og forskning på det aktuelle feltet, og å bruke denne til å analysere en selvvalgt problemstilling
  • har dokumentert evne til selvstendig arbeid og kritisk refleksjon gjennom grunngiving av egne teoretiske og metodiske valg

Kompetanse

Masterstudiet har videreutviklet kandidatens evner til å:

  • raskt sette seg inn i nye problemstillinger
  • tilegne seg ny fagkunnskap
  • bruke denne kunnskapen i en selvstendig analyse av faglige problemstillinger

Kandidaten har en dyp forståelse for grunnlaget for informasjonsteknologi, som er relevant ikke bare for dagens teknologier men også morgendagens. Dette gjør kandidaten kvalifisert for en rekke yrkesfaglige oppgaver knyttet til utvikling og anvendelser av informasjonsteknologi i privat og offentlig sektor, samt en forskningskarriere innen informasjonsvitenskap.

Opptakskrav

Vi tar opp nye studentar til mastergraden i informasjonsvitskap kvart semester, og studiet tar 4 semester. Du kan bli tatt opp til masterstudiet på grunnlag av bachelorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande. I tillegg til den disiplinorienterte bachelorgraden i informasjonsvitskap finst det eigne spesielle variantar av profesjons- og bachelorstudiet i IKT, av bachelorstudiet i kognitiv vitenskap og av bachelorstudiet i nye medier som gir deg grunnlag for opptak til masterstudiet. Sjå dei respektive programma for skildring av opptaksgrunnlaget (under "kompetanse for vidare studiar").

Søkjarar må ha minst C i snitt på spesialiseringen som utgjer opptaksgrunnlaget for å vere kvalifiserte til opptak.

Opptaksgrunnlag

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i informasjonsvitskap. I den seinare tida er det blitt gitt direkte opptak til mastergradsstudiet i informasjonsvitskap for studentar med tilstrekkeleg spesialisering/fordjuping i informasjonsvitskap frå NTNU, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Molde, Høgskolen i Gjøvik, Norges Informasjonsteknologiske Høgskole. Ein må understreke at godkjenning kan vere avhengig av val av studieretning/emne, slik at ein framleis krev individuelle søknader (sjå punktet om søknadsprosedyre). Informasjonsvitskaplege studium frå andre institusjonar har gitt innpassing mot at du tek eitt eller to emne på 200-nivå i informasjonsvitskap: Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Oslo mfl. Kravet om individuell søknad gjeld også her.

 

 

 

 

 

 

Omfang masteroppgåva

I løpet av det andre semesteret skal du utarbeide og levere ein søknad om masteroppgåve i informasjonsvitskap. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig informasjonsvitskapeleg arbeid som blir utført under rettleiing. Oppgåvesøknaden skal utformast i samarbeid med ein mogleg rettleiar, gjerne i samband med INFO300. Masteroppgåva blir utført i løpet av det tredje og fjerde semesteret på masterprogrammet.

Rekkefølje for emne i studiet

Valfritt

Utanlandsopphald, 1 semester

Ønskjer permisjon (NB! søknad må sendast instituttet innan 1.9 og 1.2)

Kursdelen

Mastergraden i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, 4 emne à 15 poeng. Det er mogleg etter søknad til instituttet å få ta med inntil 30 studiepoeng frå andre mastergradar. Det er også mogleg etter søknad å ta med inntil 15 studiepoeng i informasjonsvitskap på 200-nivå. Men minst 30 studiepoeng skal alltid være kurs i informasjonsvitskap på 300-nivå. Sjå oversyn over aktuelle valemne for inneverande semester i Emneoversikta for Informasjonsvitskap.

Obligatorisk emne:

INFOMEVI300: Prosjektarbeid og forskingsdesign (15 sp) (Tilrådd semester: 2.)

Oppgåvedelen

Obligatorisk emne:

INFO390: Masteroppgåve i informasjonsvitskap

(60 sp) (Tilrådd semester: 3. og 4.)

Rettleiingsavtale for master i informasjonsvitskap skal inngåast innan 2. semester.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Tilrådd semester: 1. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av forelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Yrkesvegar

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan t.d. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Masterprogrammet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nivå. Studiet utviklar både evna til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til IKT-forsking under rettleiing. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag for yrkeslivet.

Evaluering

Programmet og emna som inngår i det er gjenstand for kontinuerleg evaluering.

Adminstrativ ansvarleg

studierettleiar@info.uib.no

55589100

MASV-INFO/Masterprogram i informasjonsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Mastergraden i informasjonsvitenskap består av en kursdel på 60 studiepoeng, 4 emner à 15 poeng. Det er mulig etter søknad til instituttet å få ta med inntil 30 studiepoeng fra andre mastergrader. Det er også mulig etter søknad å ta med inntil 30 studiepoeng i informasjonsvitenskap på 200-nivå. Men minst 30 studiepoeng skal alltid være kurs i informasjonsvitenskap på 300-nivå
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Ønsker permisjon (NB! søknad må sendes instituttet innen 1.9 og 1.2) - -
Kursdelen (krav: 60 SP)
Mastergraden i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, 4 emne à 15 poeng. Det er mogleg, etter søknad til instituttet, å få ta med inntil 30 studiepoeng frå andre mastergrader. Det er også mogleg, etter søknad, å ta med inntil 30 studiepoeng i informasjonsvitskap på 200-nivå. Men minst 30 studiepoeng skal alltid vere kurs i informasjonsvitskap på 300-nivå. Sjå oversikt over aktuelle valemne for inneverande semester i emneoversikten for informasjonsvitskap.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFOMEVI300 Prosjektarbeid og forskingsdesign 15 1-2 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO310 Advanced Topics in Information Systems 15 1-2 1
INFO323 Data Architectures for Information Retrieval and Web Intelligence 15 1-2 2
INFO331 Advanced Topics in Software Engineering 15 1-2 1
INFO352 Advanced Topics in Technology Enhanced Learning 15 1-2 2
INFO361 Advanced Topics in Human-Computer Interaction 15 1-2 1
INFO362 System for IKT-støtta samarbeid (CSCW) 15 1-2 2
INFO371 Topics in Networks and Text Analysis 15 1-2 2
INFO381 Advanced Topics in Artificial Intelligence 15 1-2 2
INFOMEVI345 Introduction to Computer Game Studies 15 1-2 2
Oppgavedelen (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO390 Masteroppgåve i informasjonsvitskap 60 2-4 3
Veiledningsavtale- informasjonsvitenskap
Rettleiingsavtale for master i info.vit. skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for master i info.vit.- skal inngås innen 2. semester - -
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
SP S A
Prosjektbeskrivelse, master - -
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Skal vere levert og godkjent i løpet av det 3. semesteret på programmet
Obligatorisk emne
SP S A
Fremdriftsrapport, master - -