Fiskehelse - akvamedisin (profesjon)

Med ei utdanning i akvamedisin vert du spesialist på helse og velferd hjå fisk, og kan spele ei avgjerande rolle i oppdrettsnæringa. Som autorisert fiskehelsebiolog tek du viktige avgjerder der biologisk kunnskap vert kombinert med teknologisk innsikt for å sikre god fiskehelse.

Kva lærer du?

På fiskehelsestudiet lærer du om akvakultur, sjukdommar, immunforsvar, miljøpåverknad og korleis ein førebygg, påviser og behandlar sjukdom hjå fisk. I studiet kombinerast praksis og teori. 

Som ferdig utdanna skal du ha solid kunnskap om fiskehelse og fiskevelferd, og forstå korleis sjukdommar startar og utviklar seg i fisken. Du skal vite korleis ein kan sikre at fisk i oppdrett har god velferd og helse, og blir ivaretekne innafor gjeldande lovverk.  

Gjennom brei forståing av problem tilknytt fiskehelse skal du òg kunne fremme nytenking og utvikling i havbruksnæringa. Som fiskehelsebiolog har du plikt til å halde deg kjend i forsking viktig for fiskehelse, og kunne bruke slik kunnskap i debattar om emne relatert til havbruk og fiskevelferd.

Studiekvardag

På fiskehelsestudiet blir du ein del av eit lite kull, og eit godt studentmiljø med tett oppfølging. Som førsteårsstudent får du ta del i mentorordninga til UiB, der studentmentorar hjelper deg med å bli kjend med studiet, campus og medstudentane dine. Det gir ein trygg på studietida!

Fagmiljøet til fiskehelse er samla på Marineholmen sentralt i Bergen, med laboratorium, lesesalar og auditorium. 

Studiet er eit fulltidsstudium med mykje obligatorisk undervisning. Gjennom studiet vekslar du mellom ulike måtar å lære på. Du får fagleg påfyll gjennom førelesingar og seminar, lærer gjennom laboratoriekurs og praktiske øvingar, og får verdifull erfaring frå arbeidslivet gjennom praksis. I tillegg jobbar du sjølvstendig med fagstoff og fordjupar deg i eit eige prosjekt gjennom masteroppgåva.

Kva kan du jobbe som?

Det er stor etterspørsel etter fiskehelsebiologar og lett å få jobb etter studiet. 

Dette er eit profesjonsstudium der du etter studiet kan søke om autorisasjon som fiskehelsebiolog, ein lovbeskytta tittel sidestilt med veterinærtittelen.

Du kan jobbe tett på fisken ute på merdkanten, i fiskehelsetenester eller oppdrettsselskap. Andre moglegheiter finn du innan vaksineproduksjon, diagnostisering av fiskesjukdommar, havbruksteknologi og fôrindustri. Du kan også jobbe med tilsyn og forvalting hos Veterinærinstituttet, Fiskeridirektoratet eller Mattilsynet, eller med utdanning og forsking.

Opptakskrav og søknadsfrist

Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 57.7
Primær kvote: 45.5

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: REALFA

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Studiet har eit progresjonskrav der alle emna i graden må vere bestått før ein startar på masteroppgåva. Unntak er praksis i BIF310 som kan takast parallelt med masteroppgåva.  

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester (haust):   

Enten  
MAT101 - Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 - Grunnkurs i matematikk I  

BIF100 - Innføring i fiskehelse og havbruk 

BIO100 - Innføring i evolusjon og økologi 

2. semester (vår):   

BIF101 - Organismebiologi for fiskehelse og havbruk 

KJEM109 - Kjemi grunnkurs 

BIF200 - Havbruksteknologi 

3. semester (haust):  

BIO213 - Marin økologi, miljø og ressursar 

BIO280 - Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi 

BIO291 - Fiskebiologi II - Fysiologi 

4. semester (vår):  

BIO103 - Cellebiologi og genetikk (ekstern lenke) 

Ex.phil.: enten  
EXPHIL-MNEKS skuleeksamen eller EXPHIL-MNSEM seminarmodell 

LAS301 - Kurs i forsøksdyrlære 

BIO205A - Lovverk og forvaltning i fiskehelse og havbruk 

5. semester (haust):  

BIO206 - Ernæring hos fisk 

MOL100 - Innføring i molekylærbiologi 

BIO273 - Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi 

6. semester (vår):  

BIF210 - Molekylærbiologiske metodar 

BIO207 - Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat 

LAS303 - Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk 

BIO274 - Fiskesjukdommar – Farmakologi 

7. semester (haust):  

BIO374 - Fiskesjukdommar - Parasittar

BIO300A - Akademisk skriving 

BIO300B - Biostatistikk 

BIO381 - Fiskehistopatologi 

8. semester (vår):  

BIF310 - Profesjonsutøving og praksis i fiskehelse 

BIO371 - Fiskesjukdommar - Virologi 

BIO372 - Fiskesjukdommar - Bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar  

9. og 10. Semester:  

FISK399 - Masteroppgåve i fiskehelse 

 

Sjå oversikt over alle emne 

Utveksling

Det er ikkje lagt til rette for at du kan reise på utveksling. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Profesjonsstudium i fiskehelse - akvamedisin