Hjem
Institutt for sosialantropologi
UTVEKSLING

Studiar på ei stillehavsøy

Då Helene fekk vite om UiB si avtale med universitetet på Fiji tenkte ho ganske enkelt "kvifor ikkje?". No lærer ho om alt frå kolonitid og korrupsjon, til menneskerettar og klimaendringar frå eit Stillehavsperspektiv. Les hennar reisebrev her.

Helene og Anna studerer på Fiji
Landsbybesøk var ein av postane under introveka då Anna og Helene kom til Fiji som utvekslingsstudentar.
Foto/ill.:
Privat

Før det første elsker eg å reise og oppleve nye land med heilt forskjellig kultur. For det andre meiner eg det er veldig nyttig å reise på utveksling når ein studerar sosialantropologi, då vi studerar nettopp andre kulturar. Avtala med USP var ny og spanande, og når ein får moglegheiten til å reise til ei lita, tropisk Stillehavsøy, så tenkte eg kvifor ikkje?

Nye innsikter

Eg tar frie studiepoeng innan politikk og miljø, noko eg stortrivast med, emna mine har hjelpt meg mykje med å bli kjend med fijiansk kultur og historie. Eg lærer alt frå kolonitid og korrupsjon, til menneskerettar til klimaendringar, frå eit Stillehavsperspektiv. Førelesningane her er fleire og seminara er obligatoriske, og dei er heilt klart meir oppfølging med innleveringar og prøver kvar veke, men så har vi berre 3-timars eksamen på slutten av semesteret som tel 40% av karakteren (litt mindre stressande enn 8-timers på sosant).

Førebuing og Fiji-time

Eg vil vere så modig og påstå at det mest utfordrande var all førebuinga og søknadsprosessen før vi faktisk fekk satt oss på eit fly i retning Fiji. Det var mykje nervøsitet og stress i førekant, men eg trur eg la i frå meg stresset heime i kalde Noreg og har tileigna meg eigenskapen å vere på "Fiji-time" here nede, på godt og vondt. Ting som heimlengsel, kulturskilnadar og det at ein ikkje har den same tilgangen på matvarer, klede og andre goder kan nemnast, men det er individuelt kor utfordrande ein finn det.

Inkluderande folk og lærerike kjenningar

Det mest lærerike for meg har vore samtaler med dei lokale og studentar frå andre Stillehavsøyer. Eg føler sjølv eg har lært mykje meir av dei enn forelesningsnotatane mine. Om det har vore å besøke ein avsidesliggjane landsby og vere med på ein eviglang kava-seremoni eller å snakke med roomies frå Salomonøyane eller Papua Ny Guinea om stammer, ritual og tradisjonar vi har studert i Bergen, så har det å snakke med folk vore veldig viktig. Det er heller ikkje vanskeleg å kome i kontakt med folk. Fijianere er det hyggelegaste folkeslaget eg har møtt.

Kast deg ut i det!

Eg vil absolutt råde studentar som vurderar å reise på utveksling å bare hoppe i det! Det er nok større sjanse for å angre på at ein ikkje reiste enn for at ein reiste. Dette er eg ikkje den første til å seie, men det er slike ting det er forventa at eg seier, for det stemmer jo. Ein modnar utruleg mykje på eit semester eller to utanfor Noreg, og ein lærer både mykje om seg sjølv og andre kulturar. Stillehavslivet er absolutt å anbefale, det er ekstremt avslappande. 

I tillegg vil eg råde utvekslingsstudentar til å reise med eit opent sinn, ikkje klage så mykje eller henge seg opp i småting, og seie "ja" til ting litt oftare.