Home
Student Pages
bilateral

Washington University, St. Louis and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår)

  • CountryUSA
  • TownSt. Louis
  • Number of exchange places4
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Washington University i St Louis, òg kjend som WashU, er eit privat forskingsuniversitet i St Louis, delstaten Missouri. Universitetet vart grunnlagt i 1853 og har i dag kring 15 000 studentar fordelte på 8 fakultet (Colleges and Schools). Studentane kjem frå alle delstatane i USA, og frå totalt 120 forskjellige land. School of Law (WashULaw) vart grunnlagt i 1867, og er dermed eitt av dei eldste private juridiske fakultet vest for elva Mississippi. Ved School of Law er det om lag 800 studentar som utgjer eit svært aktivt studentmiljø med mange studentorganisasjonar ein kan engasjere seg i.

Byen St Louis har litt over 315 000 innbyggarar og har delstaten Missouris største storbybefolkning. Byen er ein typisk universitetsby og dei mange studentane som bur der i tillegg til dei faste innbyggarane gjer byen svært livleg. School of Law ligg på Danforth Campus, eit veldig fint, grønt og livleg område.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustadar på campus. Informasjon om det finn du på denne nettsida. Merk likevel at studentbustadar er eit knapt gode for studentar ved for studentar ved WashULaw. . Ein må derfor vere budd på å søke etter bustad på den private marknaden.

Semester duration

Det akademiske året går frå midten av august til midten av mai. Det er delt inn i to semester med ein trevekers ferie i desember/januar. Det er som regel mogleg å søke om opptak både til semesterstart i august og i januar dersom en reiser i kun ett semester. Det er óg mogleg med oppstart i vårsemesteret på LLM-programmet. Du finn oversikt over semesterdatoar på denne nettsida.

Washington University in St. Louis: An introduction

Producer:
Washington University in St. Louis
Bygningar på campus
Photo:
© James Byard

Information