Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Medicine and Karolinska Institute

  • CountrySweden
  • TownStockholm
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Karolinska Institutet er eit statleg medisinsk universitet som blei grunnlagt i 1810 på initiativ frå kong Karl XIII, blant anna for å utdanne fleire feltskjerarar til den svenske hæren. Universitetet er organisert i 22 relativt sjølvstendige institusjonar som samla står for heile 30 prosent av alle medisinske utdanningar og 40 prosent av den medisinske forskinga i Sverige. Mange av desse institusjonane er samlokalisert med helseføretak. Den største campusen ligg nær Karolinska universitetssjukhuset i Solna, nord i Stockholm.

Stockholm er Sveriges hovudstad og Nordens mest folkerike by, med i underkant av ein million innbyggarar. Byen er kjend for å vere blant verdas beste studentbyar, med høg levestandard og nærleik både til storbyliv og vakker natur. Byen har kystlinje mot Austersjøen, og har 14 øyar innan bygrensene. Stockholms skjergard er langt større og rommar meir enn 30 000 øyar.

Accommodation

Karolinska Institutet sitt bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Tildeling skjer vanlegvis i forkant av opphaldet. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden om ein er tidleg ute.

Semester duration

August - januar og januar - juni.

Grøn campus
Photo:
© Karolinska Institutet/Ulf Sirborn

Information