Home
Student Pages
erasmus+uk

University of Glasgow and Department of Geography (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownGlasgow
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Glasgow blei grunnlagt i 1451, og er eit av dei eldste universiteta i den engelskspråklege verda. Det har 23 000 studentar og fire fakultet, fordelte på tre campusar. Hovudcampusen ligg fire kilometer vest for Glasgow sentrum. I april 2014 blei overvakingsvarslaren Edward Snowden vald til rektor ved University of Glasgow, ei stilling han etter planen skal ha i tre år. Mange prominente personar har studert og undervist ved universitetet, for eksempel fysikaren Lord Kelvin, «økonomiens far» Adam Smith, ingeniøren James Watt, og fleire nobelprisvinnarar.

Glasgow er den største byen i Skottland, med om lag 600 000 innbyggarar. Byen ligg sentralt i landet ved elva Clyde. Han har avla kjende musikkgrupper som Belle & Sebastian og Franz Ferdinand, og er heimby for fotballrivalane Celtic FC og Rangers FC. Skipsindustrien var, og er stadig, svært viktig for Glasgow.

Accommodation

MERK: I Glasgow er det no store utfordringar knytt til bustad for utvekslingsstudentar. Universitetet melder om stort press på bustadsmarknaden og det er vanskelegare å få bustad gjennom universitetet. Universitetet i Glasgow kan nekte studentar opptak dersom dei ikke kan vise til at dei har funne ein stad å bu i Glasgow.

Semester duration

September - desember og januar - mai.

Campus fra luften
Photo:
© University of Glasgow

Information