Ghent University and Department of Biomedicine (ERASMUS+)
- CountryBelgium
- TownGent
- Number of exchange places3
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universiteit Gent blei oppretta i 1817 og blei den første høgare utdanningsinstitusjonen til å tilby undervising på nederlandsk i 1930. Universitetet har rundt 37 000 studentar fordelte på 11 fakultet. Fakulteta og administrasjonen til universitetet ligg på forskjellige stader sentralt i Gent. Universitetet tek godt vare på studentane sine gjennom ulike velferdstilbod, og har blant anna ei eiga ordning for sykkelutleige som internasjonale studentar kan dra nytte av.
I middelalderen var Gent blant Europas største byar, og mykje av arkitekturen står att frå denne tida. Med knapt 250 000 innbyggarar kan ikkje Gent lengre reknast som nokon metropol, men han er stadig livleg, med gode kulturtilbod og fleire festivalar året gjennom. Sentrum av Gent er det største bilfrie byområdet i Belgia, og sykkelen er det mest populære framkomstmiddelet her.
Accommodation
Universitetet har eigne studentbustader og gir prioritet til internasjonale studentar som søkarar. Det kan òg hjelpe med informasjon om korleis ein finn bustad privat i Gent.
Semester duration
August - januar og februar - juli.
Information
- Homepagehttps://www.ugent.be/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9804
- Subject nameMat og helse