Home
Student Pages
erasmus+

University of Graz and Department of Philosophy (ERASMUS+)

  • CountryAustria
  • TownGraz
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Karl-Franzens-Universität Graz blei grunnlagt i 1585 og er eit av dei største i landet med om lag 31 500 studentar. Universitetet har seks fakultet og eit breitt fagtilbod. Det samarbeider mykje med andre universitet i området om forsking, særskilt innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Universitetet har ein samla campus, som ligg aust i byen.

Graz er den nest største byen i Austerrike med om lag 270 000 innbyggarar. Han er regionshovudstad i Steiermark, som ligg søraust i landet. Gamlebyen er på UNESCO si verdsarvliste og er kjent for ein integrert arkitektur frå mange ulike tidsepokar og stilartar. Byen har eit stort kulturtilbod, som blant anna rommar fleire musikkfestivalar, ein eigen dokke- og gateteaterfestival og verdas største samling middelalderrustningar.

Accommodation

Universitetet har eigne studentbustader både på campus og andre stader i Graz, men oppmodar nye studentar om å søke så tidleg som mogleg, fordi det fort blir fullt.

Semester duration

Oktober - mars og mars - september.

Flott bygning
Photo:
© Karl-Franzens-Universität Graz

Information