Home
Student Pages
erasmus+

University of Bologna and Department of Mathematics (ERASMUS+)

  • CountryItaly
  • TownBologna
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Università di Bologna vart grunnlagt i 1088 og er det eldste universitetet som har vore i kontinuerleg drift i den vestlege verda. Universitetet er kjend for å ha undervist i romarrett og kanonisk rett, og har band til kjende personar som Dante Alighieri, Erasmus av Rotterdam, Nicolaus Copernicus, og Umberto Eco. Verdas første kvinnelege universitetsprofessor, Laura Bassi, var tilsett her på 1700-talet. I dag har universitetet 85 000 studentar, og avdelingar i byane Cesena, Forlì, Ravenna, Rimini og Buenos Aires. Det jobbar saman med fylket om eit prosjekt kalla Bologna Smart City, som skal gjere Bologna til ein meir bærekraftig by, både når det kjem til miljø, sosiale tilhøve og kultur.

Bologna ligg nordaust i Italia, og har om lag ein million innbyggarar. Det er regionshovudstad i Emilia-Romagna og ligg ved foten av Appenninene i innlandet. Bologna har mange tilnamn. Blant desse er den lærde ("La dotta") som refererer til universitetet, og den feite ("La grassa"), som refererer til matkulturen.

Accommodation

Universitetet er medeigar i eit bustad- og informasjonskontor for internasjonale studentar i Bologna. Kontoret administerar ein søkbar database over ledige rom enten på studentheimar eller den private marknaden og kan elles hjelpe med informasjon om for eksempel levekostnadar og kontraktstandardar.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Folk på campus
Photo:
© Università di Bologna-2013

Information